Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) debuterte med ungdomsromanen Sinne i 2020. Debutromanen gav ho både Bokbloggerprisen og prisen for Årets Ulest.

Andreromanen, Eg blir her, skuffar ikkje.

Les også bokmeldinga: Sinne er ein kraftfull debutroman 

Ei turbulent ungdomstid

Gjennom 24 korte kapittel får ein høyre om ein gjeng med ungdommar som må ta stilling til spørsmål om utdanning, venskap, familie, bygdekultur og grenser.

Hovudpersonen er den 16 år gamle Oda som bur i ei lita bygd på Vestlandet saman med far, besten og besta. Det er sommar og ho gler seg til å bruke heile ferien saman med kjærasten Sondre og bestevenninna Emma.

Sondre bur på den andre sida av fjorden, og på grunn av sjeldne ferjeavgangar får dei ikkje like mykje tid saman som ønska. Heldigvis er ho og Emma naboar og dei deler alt med kvarandre.

Den eksentriske far hennar drikk mykje, og har laga ein pub i låven sin der han skjenkar lokalbefolkninga og tilreisande turistar. Det er tydleg at Oda har eit ambivalent forhold til alkoholkonsumet til far sin. Og det blir ikkje betre når bygdedyret snakkar om det.

Vendepunktet er då ho treffer Daniel, ein jamaldrande gut som er på sommarferie hjå far sin. Oda synest Daniel er ein utfordrande og forvirrande type, og ho møter han ofte på tilfeldige stader. Likevel oppstår det uventa gnistar mellom dei.

Truverdig og fin

Romanen har verken eit høgt tempo eller spenningstoppar. Men er full av fine skildringar som det er lett å leve seg inn i – krydra med lett humor. Noko som viser seg i utdraget:

Vi synest det er så gøy når det står at det blir servert «noko å bite i» på møte og sånt, så vi begynte å fleipe med det (…) Ein gong tok Emma med ein bitering på skulen og gav meg midt i timen. Ho kviskra at det var noko å bite i, og det rakna heilt for meg. Læraren blei dritsur og kasta oss til slutt på gangen. Eg trur vi flirte resten av dagen.

Tittelen viser til at nokon vel å flytte frå bygda, medan andre vel å bli att. Det, i kombinasjon med nydelege naturskildringar gjer at boka bli sett på som ei hyllest til Vestlandet.

Ingebrigtsen får fram dei ulike kjenslene og usikkerheita som kan råde i ungdomstida på ein truverdig måte på velskriven nynorsk. Det gjer at det ikkje er mykje anna å seie om denne romanen enn at han er fin. Og at Ingebrigtsen er ein forfattar eg gler meg til å høyre meir ifrå.

I alt vil eg tilrå boka til ungdomar, men òg til dei som vil mimre tilbake til eiga ungdomstid.


Sigrid Agnethe Hansen (t.v.) og Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er to populære debutantar. Foto: Fabian Ubeda og Privat/Samlaget