Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I teikneserieboka Vi kommer snart hjem igjen har Jessica Bab Bonde samla vitnesbyrd frå holocaustoverlevande. Seks jødar som opplevde TXT og blei plasserte i konsentrasjons­leirar får koma til orde. Språket er nøkternt – det trengst ikkje mange ord for å gjera dette materialet sterkt. Med enkle verke­middel blir alt det grufulle som skjedde skildra. 

Peter Bergting har illustrert boka. Foto: José Figueroa/Natur & Kultur

Peter Bergting har laga illustrasjonar som passar særs godt. Teikningane har eit dystert preg og blasse fargar. Menneska er teikna med berre svarte prikkar som auge og ein tynn strek som munn. Likevel så manglar ikkje andleta kjensler og djupn.

Skikkelsane – i alle fall dei jødiske – er svake og skjøre. Eg synest utsjåandet og oppbygginga deira minner om tynne papirfigurar som berre ventar på eit vindpust før dei kollapsar. 

Teikningane til Berting er lette å leva seg inn i. Empatien blir vekt. 

Treffer på alle punkt

Å skilja seg ut i mengda av bøker om andre verdskrig kan umogleg vera særleg lett. Og sjølv om det å fortelja historier frå holocaust ikkje er verdas mest orginale idé, så er utføringa av verket framifrå. Betre kan det knapt bli gjort! Vi kommer snart hjem igjen treffer på alle punkt. Det er umogleg å lesa boka utan å sjå den djupe uretten og bli vekt som medmenneske.

Med enkle verke­middel blir alt det grufulle som skjedde skildra. 

Men treng me eigentleg endå ei bok til om andre verdskrig? Gjer ho noko nytte?

For meg er svara på spørsmåla ovanfor openberre. Me treng verkeleg bøker som Vi kommer snart hjem igjen.

Teikneserieklassikaren Maus av Art Spiegelman blei nettopp forboden på fleire skular i Tennessee. Boka er sjølvbiografisk og handlar mykje om opplevingane faren til serieskaparen hadde i konsentrasjons­leirar under andre verdskrig. Grunngjevinga for å nekta skuleelevar å lesa teikneserien er at han inneheld ymse banneord og nokre nakne kvinner. 

Eit slikt forbod er forakt mot kunnskap og evna til medkjensle.

Set ting i perspektiv

Røynda kan – som holocaust viste – vera fæl. Me kan ikkje skjerma oss sjølv frå å vita om medmenneske som lid eller har lide. Og sjølv om det er lenge sidan krigen betyr det ikkje at han ikkje lenger har relevans. Å forstå korleis holocaust påverka enkeltmenneske set òg ting i vår eiga tid i perspektiv – til dømes folkemordet på uigurane.

Det er ein bagatell om det av og til dukkar opp nokre banneord.

At me som samfunn aldri sluttar å snakka om holocaust – sjølv når det er ubehageleg – bør vera ei plikt. Me treng å bli mint på om det igjen og igjen. Me treng å høyra historier om kva som skjedde.

Bøker som Vi kommer snart hjem igjen er derfor særs velkomne.


Frå omslaget på teikneserieantologien Overtrykk frå Überpress.

Fakta

Tittel: Vi kommer snart hjem igjen

Tekst: Jessica Bab Bonde

Illustrasjonar: Peter Bergting

Omsetjar: Øyvind Lysebo Ekelund

Forlag: Spartacus

Sjanger: Teikneserie