Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til kritikarjubel debuterte Molly Øxnevad – som då brukte førenamnet Henrik – i 2020 med romanen En sånn rød amerikansk scooter.

No er forfattarskapen utvida med ei bok nummer to, kalla Feminin gange.

Blant det aller beste i norsk samtidslitteratur

Den ytre handlinga i Feminin gange er enkel. Tor og Liam – som har vore kjærastar, men ikkje er det no lenger – køyrer ein gamal varebil frå Stavanger til Oslo. Målet er Rikshospitalet, der Liam håpar å få tilbod om kjønnskorrigerande behandling.

Når det gjeld dei estetiske kvalitetane skriv Femini gange seg inn blant det aller beste i norsk samtidslitteratur.

Det er som Øxnevad var fødd til å skildra alle moglege sider ved tilværet. Ho har eit auge for detaljar og kan få sjølv dei mest einsformige strekka på E39 til å skina.

Relasjonen mellom Tor og Liam er eigentleg grunn nok i seg sjølv til å lesa boka. Forteljarstemma ligg hjå Tor. Perspektivet hans er prega av ein ufrivillig distanse til Liam; det er ikkje tvil om kven som slo opp med kven. Det er ømt og sårbart. Og kanskje finst det heilt inst framleis eit slags håp om at dei to kan bli saman igjen?

Eit klart bodskap

Av grunnane nemnde ovanfor er Feminin gange absolutt framifrå lesnad. Me kan likevel ikkje unnlata å lesa romanen som ein ytring òg. Dette er ei bok med eit klart bodskap.

Debatten om kva medisinsk behandlingstilbod transpersonar skal få er brennheit. I Noreg har Rikshospitalet monopol på slik behandling. Og kritikarane av tilbodet hjå Rikshospitalet og behandlingsmonopolet deira er mange.

Også Femnin gange set Rikshospitalet i eit stygt ljos. Klimakset i boka er når Liam er til time hjå legen, noko som blir temmeleg uhyggeleg. Legen stiller ein uhyre mengde spørsmål. Liam taklar situasjonen dårleg. Legen grev seg djupt inn i privatlivet hans. Det er som om det einaste han er på jakt etter er ein eller annan grunn til å nekta Liam behandling.

Det er som Øxnevad var fødd til å skildra alle moglege sider ved tilværet.

Før Liam får forlata legekontoret må han reisa seg opp og gå fram og tilbake. Legen vil sjå om Liam går som ein mann.

Det er fælt å vera vitne til. Legen ribbar Liam for alt som gjer han til eit individ – eit menneske.

Kan det verkeleg vera sånn i røynda? Skjønnlitteraturen er vel eigentleg ikkje alltid forplikta til å formidla det som er sant?

Men då scena på legekontoret kjem, har boka allereie bygd seg opp eit stort truverd. Språket og personskildringane vitnar om ein forfattar som har eit godt grep om verda. Det er derfor lett å velja å stola på det som Øxnevad fortel.

Å skriva litteratur som er så sterk og overtydande er ei bragd!


– Dette er greitt å hugse på når statsministeren står og unnskyldar til skeive for statens feilgrep, samstundes som staten gjer seg skuldig i nye feilgrep, seier Christine Marie Jentoft, rådgjevar i FRI. Foto: Hedda Marie Westlin

Fakta

Tittel: Feminin gange

Forfattar: Molly Øxnevad

Forlag: Forlaget Oktober

Gitt ut: 2022

Sjanger: Roman