Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 25.11.2022 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdas nasjonar har no brukt to veker i Egypt for å kome fram til ei slutterklæring etter klimatoppmøtet COP27.

Slutterklæringa inneheld det landa har kome fram til og forpliktar seg til framover. Så kva har dei blitt einige om? Og kva er det som manglar?

Opprettar eit fond for klimarelaterte tap og skader

Fattige land i det globale sør er dei som merker konsekvensane av klimaendring mest. Ekstremvêr og følgjande katastrofar, som flaumen i Pakistan og tørka i fleire afrikanske land er nokre døme.

Eit fond for tap og skade skal gjeve økonomisk støtte til fattige land som blir ramma av klimaendringar.

Dette fondet har vore vanskeleg å få på plass fordi det ikkje berre er dei fattigaste landa som har bedt om ei slik støtte. Land som ligg i mellomsjiktet økonomisk, som Kina og India, har også ønska slik støtte. Samstundes har det vore vanskeleg å få desse landa til å forplikte seg til finansiering av utsleppskutt.

Det har vore vanskeleg å akseptere for dei rikaste landa. Sjølv om alle til slutt fekk vedteke at eit slikt fond skal opprettast, har dei ikkje etablert kven som har størst ansvar for å bidra til fondet.

Nemner ikkje olje eller gass

Erklæringa i år har med vidare frå andre år at verda skal fase ut bruken av kol.

Det er derimot ikkje nemnt noko om å fase ut olje og gass.

Fleire har kjempa for å få inn dette, og i år var Noreg ein av dei som pressa på for å det med.

Samstundes var det land som meinte det var unødvendig å ha med å fase ut kol. Resultatet er at ingenting endrar seg på fossilt brensel frå andre år.

Lite framgang på 1,5-gradarsmålet

I Parisavtala frå 2015 vart 1,5-gradarsmålet vedteke. Det kom inn etter press frå øynasjonar i Stillehavet som risikerer utsletting dersom havet stig.

For å nå målet reknar ein med at verdas utslepp må kuttast med 43 prosent innan 2030. Difor har fleire pressa på meir konkrete forpliktingar på utslepp. EU gjekk blant anna inn for å støtte eit fond for tap og skade mot høgare ambisjonar for å kutte utslepp.

Likevel er dei faktiske tiltaka nasjonar har forplikta seg til framleis langt unna det som trengst for å nå 1,5-gradarsmålet.