Vekas viktigaste: Streikesemje, missil-ulukke, og politimeld komikar

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Missil trefte Polen og drap to personar

Jens Stoltenberg, Generalsekretær i NATO, seier det truleg var eit uhell at missila trefte Polen. Her frå eit møte med EU dagen før. Foto: NATO

Onsdag vart landsbyen Przewodów i Polen treft av missil, og to personar døydde. Landsbyen er i nærleiken av den ukrainske grensa, og i starten trudde fleire at det var Russland som sto bak missila.

Dette er ei viktig hending fordi Polen er eit Nato-land. Dersom andre land går til åtak på eit Nato-land, er dei andre landa i alliansen forplikta til å hjelpe med å forsvare det landet.

Likevel viste det seg ganske fort at det truleg var eit uhell at missila vart sende inn i Polen, og at kjelda truleg var Ukraina, ikkje Russland. Vidare skal Polen etterforske eksplosjonen og prøve å finne ut kva som eigentleg har skjedd.


Egypt har arrestert 700 personar

Foto: UNclimatechange via Flickr, CC BY-SA 2.0

Mellom 1. oktober og 14. november har egyptiske styresmakter arrestert opp til 700 personar, ifølgje Human Rights Watch. Dei arresterte er hovudsakleg journalistar, advokatar og andre som har protestert mot det politiske regimet i Egypt.

Arrestasjonane har skjedd tett opp mot klimatoppmøtet COP27 i Sharm el-Sheik i Egypt. Menneskerettsorganisasjonen er difor bekymra for kva som vil skje med dei arresterte etter klimatoppmøtet er over, og det ikkje er like stort søkelys mot landet.

Egypt har tidlegare blitt kritisert av organisasjonen for å stenge sivilsamfunnet ute frå klimatoppmøtet, og berre tillate diskusjon om «akseptable» klimasaker.

Norske ungdomsorganisasjonar har sjølv merka seg kor vanskeleg det er for sivilpersonar å få tilgang på klimatoppmøtet.


Sumaya Jirde Ali har meld Atle Antonsen til politiet

Forfattar Sumaya Jirde Ali under samtale og debatt om utfordringar for ytringsfridom.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Debattant og forfattar Sumaya Jirde Ali greidde tysdag ut om at ho hadde meldt komikar Atle Antonsen til politiet, etter at han skal ha oppført seg rasistisk og trugande mot henne.

Jirde Ali skal ha møtt på Antonsen på ein utestad i Oslo. Han skal ha sagt at ho var for mørkhuda til å vere der, fysisk hindra henne frå å kome seg vekk, og oppført seg trugande.

Antonsen har unnskylda på sosiale medium for oppførselen sin, og sagt at han må revurdere forholdet sitt til alkohol.

Politiet har stadfesta meldinga frå Jirde Ali, og at dei har etterforska saka ferdig. No skal myndigheitene vurdere om dei skal ta ut ei tiltale med rettssak mot Antonsen.

Les også I bokhylla: Sumaya Jirde Ali har døypt katten sin som hyllest til ein bokkarakter


Trump har varsla at han stiller som presidentkandidat

Donald Trump på podium.

Donald Trump på ei studentkonferanse i Florida i 2022. Foto: Gage Skidmore via Flickr, CC BY-SA 2.0,

Tysdag annonserte Donald Trump at han igjen stiller som presidentkandidat.

USA kjem ikkje til å velje ny president før i 2024. Kandidatar plar likevel å seie frå i god tid på førehand.

Trump stiller som kandidat for Det republikanske partiet, så før han kan bli hovudkandidat for dei, må han vinne eit primærval, eller nominasjonsval, over andre kandidatar.

Den største potensielle konkurrenten til Trump er Ron DeSantis. Han er guvernør i Florida, og står blant anna bak Don’t say gay-lovforslaget, eit forbod som gjorde at lærarar i delstaten ikkje kunne prate om seksualitet i klasserommet.

Førebels gjer DeSantis det betre enn Trump i Florida på meiningsmålingar.

Det republikanske partiet har primærval våren 2024.


Barnehagestreiken er over

Foto: Birgit Dannenberg, Utdanningsforbundet/Fagforbundet

Partane i barnehagestreiken har blitt einige, og streiken er over. Tilsette i private barnehagar frå Fagforbundet og Utdanningsforbundet har vore i streik sidan 17. oktober.

Streiken har hovudsakleg handla om pensjonsordninga for folk født etter 1968. Ei ny fellesavtale for pensjon kjem frå neste år for LO og NHO.

No har partane i streiken blitt einige om at tilsette født etter 1968 skal bli ein del av denne avtala seinast innan 1. januar 2025.

I tillegg får tilsette etter kvart betale færre prosentpoeng inn til tenestepensjonen sin, og arbeidsgjevaren betalar meir.


✨Vekas lyspunkt✨: Dennis Hauger blir reserve i Formel 1

Dennis Hauger på ein pressekonferanse 19. januar 2022. Foto: Herman Berger

Dennis Hauger har jobba seg opp i bilsporten i fleire år. No blir han reservesjåfør for Red Bull i Formel 1 i 2023-sesongen.

Hauger vann Formel 3 i 2021 og hadde sin første sesong i Formel 2 i år. Noreg har aldri hatt ein Formel 1-førar nokosinne. No som 19-årringen blir reservesjåfør kan han bli første nordmann som deltek i det kjente billøpet.


Fekk du med deg det som skjedde førre veke?

Vekas viktigaste: Klimatoppmøte, Iran-demonstrantar og prinsessekluss

Kollasj av framtida. Foto: Richter Frank-Jurgen, CC BY-SA 2.0, <https://creativecommons.org/licenses/by-sa/2.0> via Flickr, Ashkan Forouzani on Unsplash, UNclimatechange via Flickr, CC BY-NC-SA 2.0