Ber Noreg sjå til New Zealand: – Dei som vil nekte nokon stemmerett som sit med bevisbyrda

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vedtaket frå New Zealand set lys på noko viktig: i eit liberalt demokrati er det dei som vil nekte nokon stemmerett som sit med bevisbyrda, skriv Margrete Bjørge Katanasho på e-post til Framtida.no.

Måndag slo Høgsterett i New Zealand at er aldersdiskriminerande å setje stemmerettesalderen til 18 år. Retten meinte det ikkje vart lagt fram gode nok argument for kvifor stemmerettsalderen var sett til 18 og ikkje 16 år.

Katanasho, som er leiar i Landsrådet for Norges barne- og Ungdomsorgansiasjoner (LNU), meiner det er på tide å utvide demokratiet – også i Noreg.

Sanat Singh (18) er ein av leiarane i Make it 16, som kjempar for stemmerett for 16- og 17-åringar i New Zealand. Foto: Privat

Nei i Stortinget, men framleis håp

Stemmerettsalder har vore heftig diskutert også her til lands det siste året.

I mars fremja Venstre eit representantforslag der dei tok til orde for å setje ned stemmerettsalderen til 16 år ved kommune- og fylkestingval. Det same tilrådde eit fleirtal av vallovsutvalet i 2020.

Kontroll- og konstitusjonskomitéen leverte si innstilling i mai. Komitéen gjekk inn for å endre vallova, slik som Venstre føreslo.

Likevel var det ikkje fleirtal for forslaget i Stortinget, då dei handsama saka i juni.

LNU var skuffa over utfallet, men har ikkje gjeve opp håpet. Organisasjonen meiner vedtaket frå New Zealand nok ein gong syner kor viktig saka er:

– Det er dei unge i dag som skal leve lengst med konsekvensane av notida sin politikk. Når ein er 16 år, er ein ferdig med obligatorisk undervisning i Noreg, og bør få mogelegheita til å delta i demokratiet, understrekar Katanasho.


Bakgrunnsfoto: Konstantin Lübeck – Eige verk/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0. Kollasj og redigering: Framtida.no. Sjå saka for kreditering av øvrige bilete..