Jurist Hans Fredrik Marthinussen svarar på spørsmål om rus og straff

Emilie Hansen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva for nokre rusmiddel er lovlege? Kan ein bli straffa for bruk av legale rusmiddel? Kva skjer om politiet tek i bruk metodar dei ikkje har heimel for?

Det kan vere vanskeleg å ha oversikt over kva lovar og reglar vi har når det kjem til rus.

Derfor har Framtida.no har vore i kontakt med jussprofessoren Hans Fredrik Marthinussen, og spurt han 17 spørsmål om rus og straff. Han forskar først og fremst innan formueretten, men har også skrive mykje om strafferett/straffeprosess/politirett i narkotikarelaterte saker. Mellom anna har han teke til orde for avkriminalisering.

Hans Fredrik Marthinussen er professor ved det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen.

1: Kva skjer om ein blir stoppa av politiet medan ein kjøper, sel, har på seg, eller brukar narkotiske stoff?

–  Det er veldig stor forskjell på sal og kjøp/innehaving/bruk. Det vert sett på som ganske alvorleg kriminalitet og ein kan risikere ganske omfattande tiltak – forutan fengselsstraff også varetekt og ransaking. Sånn sett er det lite hensiktsmessig å behandle desse lovbrota felles. Når det gjeld narkotika til eige bruk, kan ein forvente ei form for oppfølging frå politiet, men utgangspunktet no skal vere såkalla påtalefråfall. Det betyr at ein slepp straff, men at ein får registrert at ein har gjort noko straffbart. Denne strafferegistreringa kan bli markert på politiattest i ein periode.

2: Er det ulike straffer knytt til ulike typar narkotika?

–  Straff vil normalt avhenge av type rusmiddel og mengde, men utgangspunktet om påtalefråfall for narkotika til eige bruk i normale mengder, gjeld alle typar narkotika.

3: Kva straff får ein om ein blir teken i å produsere eller selje narkotika?

–  Det er her ein viktig forskjell mellom produksjon til eige bruk og sal/produksjon for sal. Den som gror nokon cannabisplantar til eige bruk, vil som regel sleppe unna utan ein streng reaksjon. Det kan nok ende med eit førelegg fordi cannabisplantar så vidt eg veit gir relativt mykje cannabis, men praksis synest å gi rom for å ha relativt mykje cannabis til eige bruk før straffa vert særleg streng. Når det gjeld sal og produksjon for sal, er straffene strenge, men det kjem an på type narkotika og mengd.

4: Kan ein bli straffa for å vere berusa/full?

–  Dersom det med «berusa» vert sikta til alkoholrus, så er dette i utgangspunktet ikkje straffbart i seg sjølv. Det er straffbart med inntak av alkohol offentleg, og ein kan eventuelt straffast for ordensforstyrring i forbindelse med alkoholrus.

5: Finst det unntak for straff?

–  Det finst få unntak som er aktuelle i tilfelle av bruk av ulovlege rusmidlar, utover tilfelle der ein ikkje har fått desse i seg ubevisst. Men straffa er som sagt normalt berre ei påtaleunnlating.

6: Kvifor blir menneske straffa for å ruse seg sjølv?

–  Det er eit godt spørsmål som det er vanskeleg å gje eit tilfredsstillande svar på. Straff for å putte noko i sin eigen kropp strider imot vårt heilt grunnleggjande utgangspunkt for kriminalisering, det såkalla skadefølgjeprinsippet. Ein vert i utgangspunktet berre straffa for handlingar som skadar andre. Forklaringa er primært historisk og kan sporast tilbake til amerikansk kriminalisering av ein del sentrale ulovlege rusmiddel, som dels kan ha hatt ganske rasistisk motivasjon, dels motivert i å slå ned motstand mot Vietnamkrigen.

7: Kan politiet ransake folk/heimar om det er mistanke for bruk, innehaving, produksjon, eller sal knytt til personen/staden? Kvifor/kvifor ikkje?

–  Igjen er det viktig å skilje mellom sal, som gir grunnlag for omfattande tiltak, og kjøp/innehaving til eige bruk. Når det gjeld eige bruk er det ikkje lov for politiet å ransake heim og mobiltelefonar. Dette følgjer av grunnleggande krav i norsk straffeprosess, og er fastslått av Riksadvokaten. Ein kan, ved tilstrekkeleg sterk mistanke, risikere ransaking av lommer, vesker, sekker osb., men ikkje nakenransaking eller gjennomgang av undertøy.

8: Kva skjer om politiet tek i bruk metodar dei ikkje har heimel for? Har du døme på slike metodar?

–  Normalt har ikkje slike brot fått nokon konsekvensar. Dette er nok i endring, og det kan fyrst og fremst ende med straff for polititenestemannen som bryt reglane. Vi har no også ei rettsavgjersle frå ein norsk lagmannsrett som konkluderte med at grove brot på reglane kan føre til at beviset ikkje kan brukast for domstolane. Denne saka endar nok i Høgsterett, så får vi sjå kva svaret blir.

10: På mange små stadar så veit folk kven som brukar og sel, kvifor kan ikkje politiet berre stoppe det?

– I en rettsstat må lova sine vilkår vere oppfylte før politiet kan setje i verk tiltak, og dessutan må tvangsinngrep stå i rimeleg forhold til den forbrytinga det gjeld.

11: Kor mange straffesaker er det i året som er rusrelaterte?

– Det varierer valdsamt, og det er ikkje heilt godt å gi eit enkelt svar, fordi det er i så stor endring. SSB har god statistikk på dette. (Her står det mellom anna at det i 2020 var 15 387 straffereaksjonar på rusmiddellovbrot, red.anm).w

12: Kva seier lovene om bruk av legemiddel til rus?

– Dei aller fleste rusmidla vi har er også legemidlar. Det er avgjerande er om ein har fått desse på resept eller ikkje.

13: Kva for nokre rusmiddel er lov å bruke?

– Det går an å nemne nokre kjente rusmiddel som ikkje står på narkotikalista: Alkohol, nikotin, koffein, raud flugesopp, ketamin, lystgass, muskatnøtt, ubearbeida peyotekaktus, alkylnitrittar er dei eg kjem på sånn i farta.

14: Kva lover gjeld for legale rusmiddel?

– Det er umogleg å gje eit generelt svar. Alkohol er til dømes særregulert, i likskap med tobakk. For stoff som er karakteriserte som legemiddel, men ikkje på narkotikalista, gjelder legemiddellova. For koffein er det få avgrensingar, men matlova og marknadsføringslova kan tenkjast å setje grenser.

15: Kva straffer er knytt til legale rusmiddel?

– Det ligg i «legale» at straff ikkje er aktuelt for kjøp, innehaving og bruk. For det som blir rekna som legemiddel kan sal og import vere straffbart.

16: Korleis kan ei rusreform påverke lovene kring rus i Noreg?

– No har vi ikkje fått noko rusreform, men det er ein del enkeltforslag som skal avgrense betydninga av rusmiddellovbrot på «rullebladet» (politiattest) og gjere det tryggare å be om hjelp i samband med rus.

17: Har der allereie skjedd endringar?

– Som følgje av debatten i samband med rusreforma har vi fått ei vesentleg endring i straffenivået for ulovlege rusmiddel til eige bruk. Dette vert no straffa no mykje mildare enn tidlegare.

Les også: Avkriminaliseringa i Portugal: – Det er altfor lett å få tak i rusmiddel

F.v. Rodrigo Tenreira (23), Fabio Amaro (24), og Carolina Barroso Rodrigues (16) har ulike tankar og meiningar knytt til avkriminalisering av rusmiddel i Portugal. Foto: Emilie Hansen.