Unikt fuglefunn i Papua Ny-Guinea: – Som å ha funne ein einhjørning

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist ein fugl av arten vart sett var i 1882. Svarthalsfasanduen (Otidiphaps insularis) var grunn til å tru utrydda fordi det ikkje var gjort nokon stadfesta observasjonar dei siste 140 åra.

Lokalbefolkninga på Fergusson Island, søraust for Papua Ny-Guinea, har heller ikkje sett fuglen på fleire tiår, melder CNN.

Ei gruppe med lokale folk og internasjonale forskarar braut derfor ut i gledeshyl då dei klarte å filme fuglen med eitt av tolv kamera som var sett opp i ei bratt skråning ved Mount Kilkerran.

– Det kjennest som å ha funne ein einhjørning, jubla amerikanaren John C. Mittermeier, ein av leiarane i ekspedisjonen.

– Det er slike augneblinkar du drøymer om heile livet som naturvernar og fuglekikkar, la han til.

Oppdaginga gir håp om at andre fugleartar som ein går ut frå er utrydda, har overlevd i avsidesliggjande strøk.


Foto: Sinogene Biotechnology Co.