Regjeringa med nytt klimamål: Vil kutte 55 prosent av utsleppa innan 2030

Noreg vil på klimatoppmøtet i Egypt melde inn eit nytt klimamål om å kutte utsleppa med minst 55 prosent innan 2030, samanlikna med nivået i 1990.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klimaendringane tek ingen pause. Det har vi vorte minna om dei siste månadene, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på ein pressekonferanse i forkant av klimatoppmøtet COP27.

Der fortalde Støre at Noreg melder inn eit forsterka klimamål til FN før klimatoppmøtet i Egypt.

– Eg er glad for å kunne annonsere at Noreg forsterkar målet sitt til minst 55 prosent. Dette sender eit sterkt signal til andre land, og vi håpar fleire vil forsterke måla sine, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Det gamle norske utsleppsmålet var å sørgje for eit utsleppskutt på minst 50 og opp mot 55 prosent innan 2030, samanlikna med nivået i 1990. No er det altså gjort tydeleg at målet er 55 prosent.

– Vil krevje mykje av oss

– Like viktig som å setje høge mål, er det å ha gode planar for å oppnå måla. Det har Noreg. Ved å leggje fram årlege klimaplanar viser vi tydeleg korleis vi skal nå klimamåla våre. Men det er ingen tvil om at det vil krevje mykje av oss, seier statsministeren.

I februar 2020 forsterka Noreg klimamålet frå minst 40 prosent til minst 50 og opp mot 55 prosent, frå 1990 til 2030.

FNs klimapanels hovudbodskap er at det trengst raske og kraftige utsleppskutt dersom verda skal nå 1,5-gradersmålet.

Tredoblar bistanden til utviklingsland

Det er også viktig å sikre auka klimafinansiering til utviklingsland for utsleppsreduksjonar og klimatilpassing, meiner regjeringa.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim seier at i tillegg til eigne klimakutt er det god klimapolitikk å bidra til at fleire i verda får tilgang på fornybare løysingar.

– Utviklingsland ber om hjelp til å tilpasse seg klimaendringane, og Noreg skal minst tredoble bistanden til dette. I Egypt skal vi mellom anna inngå avtalar om støtte til fornybar energi, mattryggleik og meteorologitenester slik at land kan førebu seg på klimaendringane, seier Tvinnereim.


Har du fått med deg vinnarbidraget i skrivekonkurransen om berekraft? «Ikkje gløym klimakrisa! – Det er ikkje for seint å snu»

Marius Moldsvor (17) frå Senja vann skrivekonkurransen med eit personleg innlegg om det omdiskuterte Wisting-feltet. Foto: privat // Illustrasjon: Asle Haugland / Equinor ASA // kollasj Framtida.no