Høgsterett i New Zealand: – Aldersdiskriminerande å ikkje late 16- og 17-åringar stemme

No skal nasjonalforsamlinga stemme over å senke stemmerettsalderen.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag slo Høgsterett i New Zealand fast at den noverande stemmerettsalderen på 18 år er aldersdiskriminerande.

Saka var løfta av gruppa Make it 16. Dei meiner ein stemmerettsalder på 18 år bryt med landets Bill of rights, som gjev personar over 16 år vern mot aldersdiskriminering.

Det gav Høgsterett dei rett i. Retten meinte det ikkje vart lagt fram gode nok argument for kvifor stemmerettsalderen var sett til 18 og ikkje 16 år.

– Dette er ein stor dag. Dette er historisk, ikkje berre for kampanjen vår, men for landet, uttalte Sanat Singh til AP News etter dommen fall.

18-åringen er ein av dei som står bak Make it 16.

– Viktig å få alle mann på dekk

heimesidene peikar Make it 16 på at ein som 16-åring mellom anna er helserettsleg myndig, kan køyre bil, ha våpenløyve og arbeide fulltid.

Om 16-åringar kan betale skatt, så bør dei òg få bestemme kor pengane går, argumenterer dei.

Vidare peikar kampanjen på at land som Austerrike, Argentina, Brasil, Skottland, Wales, Guernsey og Isle of Man har sett ned stemmerettsalderen til 16.

Til AP News seier Singh at eksistensielle utfordringar som klimaendringar, men òg demokratiets tilstand i verda, påverkar unge mest.

– Det er difor det er så viktig å få alle mann på dekk for å sikre at vi har ei sterkare framtid.

Nasjonalforsamlinga skal stemme over saka

Nokre timar etter høgsterettsdommen annonserte statsminister Jacinda Ardern at nasjonalforsamlinga i New Zealand skal stemme over å senke stemmerettsalderen.

Statsminister Jacinda Ardern. Foto: Governor-General of New Zealand

– Personleg støttar eg å senke stemmerettsalderen, men det er ikkje opp til meg eller til regjeringa. Alle slike endringar i vallov treng 75 prosent støtte i nasjonalforsamlinga, sa Ardern til AP News.

Statsministeren opplyser om at avstemminga vil ta plass i løpet av dei komande månadane, men eventuelle endringar trer ikkje i kraft før valet til neste år.

– Om ikkje regjeringa set stemmerettsalderen til 16 no, så bryt dei med vilje våre menneskerettar, seier Caeden Tipler frå Make it 16 i ei pressemelding.

Endå forslaget ikkje ligg an til å ha den naudsynte støtta endå, så håpar Singh dei kan overtyde tvilarane i løpet av dei komande åra. Eit mogeleg første steg på vegen, er å senke stemmerettsalderen i lokalval, noko som berre krev fleirtal.


Bakgrunnsfoto: Konstantin Lübeck – Eige verk/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0. Kollasj og redigering: Framtida.no. Sjå saka for kreditering av andre bilete.