Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag la finansministeren fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2023. Her er reaksjonane frå ungdomspartia:

Torleik Svelle, Senterungdommen: – Lyttar til dei unge

Torleik Svelle er leiar i Senterungdommen. Foto: Senterungdommen

– Kva er din første reaksjon?

– Eg synest budsjettet som vart lagt fram i dag viser tydeleg at regjeringa lyttar til dei unge. At innspela Senterungdomen og AUF har jobba med blir prioriterte, og det synest. Eg er utruleg stolt over at det arbeidet me som ungdomsparti gjer, gir resultat.

Han fortel at ein av deira største sigrar er utstyrsstipend i tillegg til ei satsing på psykisk helse og utanforskap.

– Dette har vore prioritert for oss, og no blir det ei satsing som faktisk monnar – ikkje som den kakepynten som er blitt strødd på toppen tidlegare. No blir det noko som fungerer.

Han er også glad for at regjeringa har gjeve pengar til meir utbygging av breiband i distrikta, og meiner det er viktig for at ungdom på bygda skal få same tilgang til å game, levere skuleoppgåver og ikkje bli ekskludert frå desse tinga.

– Kva ville du gjort annleis? Og kvar ville du ha kutta for å få til dette?

– Det er alltid ting ein kunne gjort annleis. Sånn er politikk: sjølv om ein får til store ting, så vil ein alltid ønskje at ein kunne fått meir. Det ligg i politikkens natur. Senterungdommen er ikkje ferdige med kampen for eit levande land, men det som kom no er eit stort steg i rett retning.


Astrid Willa Eide Hoem, AUF: – Kunne teke meir frå Oljefondet

Astrid Willa Hoem er leiar i AUF. Foto: Pressefoto

 Me er veldig nøgde med den tydelege, omfordelande profilen i budsjettet der ein hentar meir frå dei rikaste. I tillegg er det eit veldig viktig ungdomsløft der ein aukar utstyrsstipendet og bortebuarstipendet, i tillegg til ungdomsgarantien i Nav.

– Kva ville de gjort annleis? Kor ville de henta pengane frå?

– Me ville nådd 1% i bistand og auka talet på kvoteflyktningar. Eg forstår at me er i krevjande økonomiske tider, men akkurat på bistand der pengane blir brukt i utlandet og ikkje påverkar inflasjonen i Noreg, kunne me teke frå Oljefondet.


Simen Velle, FpU: – Spinnvilt

Simen Velle er leiar i FpU. Foto: Presse

– Me har sett på korleis dette påverkar unge og studentar spesielt. Eg bit meg merke i at regjeringa aukar støtta til LO. Det er ganske spinnvilt i mine auge å prioritere ekteskapet mellom LO og Ap og mektige aktørar, framfor studentar som treng det mest.

– Det er også ganske vilt når ein må kutte i pengebruken at regjeringa har valt å samle inn meir pengar gjennom skatt, enn å kutte. Dei vil ha meir skatt inn enn det Raudt (!) foreslår, noko som viser kor dårleg regjeringa er til å prioritere.

– Kva ville de gjort annleis?

– Me ville prioritert å auke frikortgrensa. Det er eit billig tiltak for å hjelpe dei som har minst. Me ville ha auka det frå 65.000 kroner til 200.000 kroner slik at alle unge og studentar kunne hatt ei skattefri inntekt. Me ville også heva studiestøtta til 1,5G (167 216 kr). Studentar har kome dårlegast ut av både pandemien og den siste tida, dei treng det for å overleve. Eg er redd studentane har nok ein mørk vinter i vente når eg ser på statsbudsjettet til regjeringa. Ein må prioritere tøffare, og det er ikkje regjeringa villige til å gjere.

– Kor ville de henta pengane frå?

– Det største enkeltkuttet i dagens budsjett meiner eg må vere elektrifisering av sokkelen, som ikkje har bevist effekt mot klimaendringane. I tillegg vil me kutte i alle sektorar, avbyråkratisere, forenkle og legge fleire statlege oppgåver tilbake til enkeltmennesket. Folk flest er betre til å bruke pengane sine enn det staten er, så me vil  at folk flest skal behalde pengane sine sjølv.

Fpu vil lansere sitt eige alternative budsjett, om ei veke eller to.


Hadle Rasmus Bjuland, KrfU: – Usolidarisk og trist

Hadle Rasmus Bjuland er leiar i Kristelig Folkepartis Ungdom. Foto: KrFU

– Mitt førsteinntrykk er at dette er eit usolidarisk budsjett som prioriterer seg sjølv og oss først, utan å sjå dei rundt oss som slit meir enn oss.

Bjuland meiner Regjeringa kjem med eit altfor kraftig kutt i bistandsbudsjettet, der dei ikkje opprettheld 1 % av BNI, men senkar til 0,75 % på grunn av auka inntekter.

– Noreg har hatt eit overordna mål om å halde oss på 1 % av BNI i bistand. Å kutte her er spesielt i ei tid der mat, tenester, straum og prisane generelt går opp i alle land og dei fattigaste lid mest av dette. Eg meiner det er usolidarisk og trist å sjå ei regjering som ikkje vil sjå lengre enn seg sjølv og hjelpe dei som treng det meir enn oss.

– Kva ville de gjort annleis? Kor ville de henta pengane frå?

– Me hadde openbert valt å fylle på og gi 1% i bistand, og heller sett på korleis ein kunne kutta på andre måtar. Krfu har lenge teke til orde for å kutte i sjukelønsordninga til dømes. Er det rett at du skal ha 100 % lønn for å vere sjuk, eller er ho for gunstig? Kan ein spare inn litt på den ordninga for å få inn meir pengar, men også så det ikkje skal bli for lukrativt? Det er eitt av fleire tiltak som vi meiner regjeringa burde sett på.

– Det er merkeleg at regjeringa førebur familiar, bedrifter og frivilligheita på trongare tider- men offentlege utgifter skal ikkje bli påverka av desse vanskelege tidene.


Ane Breivik, Unge Venstre: – Dei tek Noreg bakover

Ane Breivik, leiar i Unge Venstre. Foto: presse

– Regjeringa har presentert eit budsjett som ikkje er i nærleiken av å vere stramt nok for å bøte på dei utfordringane Noreg kjem til å møte framover. På toppen av dette har dei valt smålege kutt mellom anna mot dyrevernsorganisasjonen NOAH, dei brukar utanlandsstudentar som salderingspost, kuttar i bistand og gjer det billegare å forureine og dyrare å velje klima- og miljøvennleg. Dette er eit budsjett der framtidas generasjonar og verdas fattige er dei store taparane.

– Kva ville de gjort annleis? Kor ville de henta pengane frå?

– I staden for å sløse milliardbeløp på reversering av domstolsreforma, politireforma og å splitte opp fylkeskommunar, bør me bruka dei store pengane nettopp på grøn omstilling.  Særleg no når det er krig på kontinentet vårt og rekordmange flyktningar internasjonalt, er det viktig at verdas fattige ikkje vert ramma. I tillegg meiner eg me burde auke avgiftene på klimagassar og det å kompensere for utslepp av CO₂ er feil veg å gå.

Ho er misnøgd med klimapolitikken til regjeringa:

– Dette er ikkje ei satsing på klima og miljø. Det kjem kanskje ikkje som noko sjokk sidan det er Ap og Senterpartiet, men dei held fram med oljeleitinga, tildeling til førehandsdefinerte område og å byggje ut plattformer. Dette i ei tid der me veit at verda allereie har funne meir olje enn me kan brenne opp om me skal halde klimamåla me har sett. Dei tek Noreg bakover og ikkje framover med den grøne omstillinga dei veit me må gjennomgå.

– Dei fjernar også gratisprinsippet og innfører betaling for utanlandsstudentar. Det er heller ikkje auke i studentane si kjøpekraft.

– Eg synest også det stinkar av at regjeringa vil ta imot færre flyktningar i 2023, ifølgje Statsbudsjettet. Det er krig i Europa og rekordmange er på flukt. Då synest eg regjeringa kunne vist litt hjarterom.


Ola Svenneby, Unge Høgre:  – Verkar som regjeringa ikkje evnar å prioritere

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby. Foto: Unge Høyres Landsforbund

– Førsteinntrykket er at det ikkje står heilt til forventingane regjeringa har skapt. Det er ikkje eit stramt budsjett, det er stramt for nokre. Det er stramt for næringslivet og det verkar som regjeringa ikkje evnar å prioritere.

– Kva ville de gjort annleis? Kor ville de henta pengane frå?

– Problemet i Noreg er ikkje at staten er for fattig og har for lite pengar. Staten treng ikkje 45 milliardar ekstra. Då må ein sjå på tenestene staten tilbyr, effektivisering og unødvendig pengebruk, som å splitte opp Viken og reversere politireforma. Det regjeringa gjer no er å legge heile rekninga på næringslivet, medan staten held fram som før. Og så verkar det som det er heilt utruleg dårleg klimapolitikk.

– Kva ville de gjort annleis? Kor ville de henta pengane frå?

– Har ikkje fått lese ordentleg gjennom endå, men ingen delar av den statlege forvaltninga burde vere verna for kutt.


Eirin Helgesen, Sosialistisk ungdom: – Veldig provoserande

Erin M. Helgesen, 1. nestleiar i SU. Foto: SU/Presse

– Dette er eit statsbudsjett som ikkje kjem til å hjelpe oss med å nå klimamåla eller stansa tapet av natur. Det er vilt at dei vil kutte kommunetiltaktet Klimasats heilt. Dei sviktar også løftet til studentane om auka kjøpekraft, og gjer at ikkje alle har høve til å studere. Kjøpekrafta i samfunnet og til studentane samsvarar ikkje, så eg skulle gjerne sett eit større løft for studentane. I tillegg er måten ein har brukt bistandsbudsjettet veldig skuffande.

– Kva ville de gjort annleis? Kor ville de henta pengane frå?

 Eg har ikkje fått sett på alt, men me ville ha auka studiestøtta med stipend til 1,5G som jo faktisk vil vere å auke kjøpekrafta til studentane, og gjeve meir pengar til grøn omstilling. Ein kunne til dømes ha kutta i støtta til olje og gass for å legge inn i grøne prosjekt.

– Det er også bra at ein aukar støtta til skeive organisasjonar, men eg skulle gjerne sett at ein gjorde meir mot menns vald mot kvinner, når ein veit kor mykje meir vald ein såg i parforhold under pandemien og ein burde auka satsinga på krisesenter til dømes.


Tobias Stokkeland, Grøn Ungdom: – Ikkje i nærleiken av å nå sine eigne klimamål

Talsperson i Grøn Ungdom, Tobias Stokkeland. Foto: GU

– Eg meiner det er mykje her som for så vidt er bra, til dømes omfordelinga. Men det er ein realitet at regjeringa ikkje er i nærleiken av å nå sine eigne klimamål med den politikken som ligg i statsbudsjettet no. Det er ein gigatisk skuffelse når klimakrisa er den største globale krisa på lang sikt, som verda møter no. Det er også ekstremt rart og uansvarleg å halde fram koronaskattepakka til oljenæringa, både frå eit klimaperspektiv og eit økonomisk perspektiv. Budsjettet kunne også vore meir omfordelande, og eg er skeptisk til kutt i bistanden.

– Ein måte å oppsummere dette på er å seie at dette budsjettet gjer veldig mykje av det me burde gjere, og veldig lite av det vi gjere. Eg støttar lakseskatten og mykje av omfordelingsprofilen, men budsjettet er veldig dårleg på klima og dårleg på eit globalt perspektiv.

– Kva ville de gjort annleis? Kor ville de henta pengane frå?

– På klima er det veldig mange ting: bygge meir fornybar energi, ha meir straumsparing, ikkje kutte elbilfordelane når vi er bak målet på elbildel i bilparken, ikkje kutta bensin- og dieselavgifta som er både dårleg for klima og inflasjonsskapande. Det er mange storsatsingar som burde vore her, som til dømes karbonlagring. Det er eit budsjett som ber preg av at det er tøffe tider, men det synest eg også er bra. Oljepengebruken er låg, det synest eg er bra og ansvarleg.

– Me kunne spart pengar ved å ikkje kutte bensin- og dieselavgifta, som er både dårleg for klima og inflasjonsskapande, og ved å setje fleire motorvegutbyggingar på pause.

– Det er mykje som er heilt ok her, ikkje noko katastrofe-budsjett, men på bistand og klima er det dårleg. I 2022 kan du ikkje få høgare terningkast enn tre då.

 


Alberte Bekkhus, Raud ungdom: – Dei har tenkt for likt som den førre regjeringa

Alberte Tennøe Bekkhus, leiar i Raud Ungdom. Foto: Ihne Pedersen

– Å skulle snu eit skip er ei krevjande oppgåve, men eg skulle sett dei ta hardare i. AUF og Senterungdommen har fått litt gjennomslag, så dei skal ha kred – meir enn moderpartia. Det er eit godt forsøk, regjeringa får medalje for deltakinga. Neida. Det er ting som er bra, og så er det ting som ikkje så imponerande. Det er topp for dei rike, samstundes som det blir betre for dei med mindre inntekt, i tillegg er det bra at vidaregåande-elevar får auka utstyrs- og bortbuarstipend. Eg håpte og forventa det frå ei raudgrøn regjering, men det er ikkje nok likevel. Dei har tenkt for likt som den førre regjeringa. Folk flest vil i realiteten ha mindre å rutte med no og eg er redd for at tiltaka ikkje er nok når det er priskrise på mat, bustad, drivstoff, straum og så bortetter.

– I tillegg har dei kutta støtta til Salam, organisasjonen for skeive muslimar. Eg kan ikkje fatte og begripe at dei gjer det. At Salam ikkje skal få nokon ting. Det må dei verkeleg svare for, eg skjønar ikkje at ein finn gode argument for det.

– Dei har også kutta i støtta til ICAN, frå 30 til 10 millionar. Det er krise i dagens verd, der det vert truga med bruk av atomvåpen. Ican er viktigare no enn tidlegare.

– Studentane får også for lite og reelt sett går støtta ned. Dette er gjennomgåande på mange punkt utan å ha lese alt heilt nøyaktig: Det er ting som er bra, men som skulle gått lengre.

– Kva ville de gjort annleis? Kor ville de henta pengane frå?

– Raudt har ikkje kome med sitt alternative budsjett enno, men: meir utjamnning, ta meir frå dei rike og støtte folk flest meir. I det minste bør me sikre at dei i det minste har like mykje som før. Til dømes aukar ikkje regjeringa barnetrygda, noko som i praksis blir å senke ho når alt anna er blitt dyrare. Me ville ha auka skattane meir.

illustrasjon med ein ung mann og pengar.

FRÅ SMÅTT TIL STORT: Det er mange forskjellige ting i statsbudsjettet som kjem til å påverke økonomien din. Illustrasjon: Canva.com