Statsbudsjettet: Norske studentar får 328 kroner meir i månaden

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For oss studentar er det ikkje mange lyspunkt i dette budsjettet, slår Maika Marie Godal Dam fast i ei pressemelding.

Leiaren i Norsk studentorganisasjon (NSO) er skuffa over Arbeidarpartiet og Senterpartiet sitt forslag til statsbudsjett for 2023.

Aukar basislånet

I sitt forslag til statsbudsjett for det komande året føreslår regjeringa å auke utdanningsstøtta med 85,3 millionar kroner.

Det betyr at basislånet vert auka med 3 600 kroner for alle studentar, noko som er litt meir enn den årlege justeringa for å følgje konsumprisindeksen.

– Det gjer at støtta vert om lag 1500 kroner høgare enn om vi hadde lagt det tidlegare anslaget til grunn. Eg er nøgd med å bidra til at studentane får noko høgare kjøpekraft, sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) i ei pressemelding.

Ola Borten Moe er nestleiar i Sp og forskings- og høgare utdanningsminister i regjeringa til Støre. Foto: Ragne B. Lysker/Senterpartiet

Meiner regjeringa ikkje innfrir valløftene sine

NSO-leiar Maika Godal Dam er ueinig med ministeren om at forslaget vil auke kjøpekrafta til norske studentar. Studentorganisasjonen peikar på at forslaget berre vil gje studentar 328 kroner meir i månaden.

– Vi må det neste året bruke meir tid på å fylle lommeboka for å betale faste utgifter. Det går utover tida vi har til å studere, seier Godal Dam.

Ho meiner statsbudsjettforslaget gjer det tydeleg at regjeringa ikkje vil innfri valløftene sine om å auke kjøpekrafta til norske studentar.

I forkant kravde NSO at studiestøtta skulle verte auka og knytt til 1,5 gongar grunnbeløpet (G) i folketrygda.

I dag får ein norsk student 128 889 kroner i basislån frå Lånekassen, der inntil 40 prosent vert gjort om til stipend om ein består utdanninga. Grunnbeløpet i folketrygda vart 1. mai 2022 auka til 111 477 kroner, noko som betyr at 1,5 G vert 167 215 kroner.

Borten Moe: – Rett og rimeleg

Førre veke erfarte NRK at regjeringa vil legge opp til at utanlandsstudentar sjølv betalar for studia sine i Noreg. Dette vart stadfesta i forslaget til statsbudsjett for 2023.

Regjeringa føreslår at studentar som kjem frå land utanfor EØS og Sveits skal betale studieavgift frå og med haustsemesteret 2023. Forslaget råkar ikkje utvekslingsstudentar.

I ei pressemelding peikar minister Borten Moe på at norske studentar i dei fleste tilfelle må betale studieavgift, om dei skal studere i utlandet:

– Det er ingen grunn til at det skal vere annleis her. Noreg skal framleis vere ope for studentar frå alle land, men vi meiner det er rett og rimeleg at dei også betalar for seg.

NSO: – Sjokkerande å sjå

NSO meiner forslaget bryt med den grunnleggjande prinsippet om at utdanning i Noreg skal vere gratis.

– Vi meiner dette er det første steg på vegen mot å innføre skulepengar i Noreg, uttalar leiar Godal Dam.

Studentorganisasjonen peikar vidare på at forslaget bryt med løfta frå Hurdalsplattforma og heller ikkje har ryggdekning i partiprogramma til Senterpartiet og Arbeidarpartiet:

– Det er sjokkerande å sjå at regjeringa er villig til å makulere Hurdalsplattforma, eitt år etter ho vart lagt fram. Her leverer regjeringspartia eit forslag dei begge er imot, då vert det vanskeleg for oss veljarar å stole på politikarane, avsluttar NSO-leiaren.


Camilla Maria Brekke smilar med vatn i bakgrunnen.

Camilla Maria Brekke (22) er ny varaordførar i heimkommunen Holmestrand. Foto: Privat