«Vi vert nedprioriterte nok ein gong. Ikkje berre nedprioriterte, men gløymde»

Marianne Knudsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

I går kom statsbudsjettet, og det var som forventa.

Onsdag kom nyheita om at regjeringa ønskjer å inkorporere FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne, men dette budsjettet legg ikkje opp til at funksjonshemma sine rettar skal verte innfridde.

Likestillinga til funksjonshemma vert gløymd. Dette er symptomatisk for korleis det er å vere funksjonshemma i Noreg i dag.

Vi vert utsette for alvorlege menneskerettsbrot og hatkriminalitet kvar einaste dag, men det får lite merksemd.

Noregs største og mest diskriminerte minoritet

Regjeringa legg opp til at det skal verte satsa på likestilling. Det skal spesielt verte satsa på likestilling av kvinner og lhbt+personar. Det synest vi er veldig flott, diskrimineringa av kvinner og skeive må takast på alvor.

Samstundes må vi hugse på at funksjonshemma er Noregs største og mest diskriminerte minoritet. Likevel legg ikkje dette budsjettet opp til å satse på oss.

Det er viktig å hugse på at funksjonshemma også er kvinner, funksjonshemma er også skeive. Funksjonshemma er heile menneske som består av så mange forskjellige faktorar.

Dermed kan ein ikkje satse på ei gruppe, og samstundes utelate dei andre. Ingen er fri før alle er fri, vi kjempar kampen saman.

Vi treng pengar, ikkje gode tankar

Funksjonshemma er overalt. Vi ønskjer å jobbe, vi ønskjer å vere ein del av samfunnet akkurat som alle andre. Men om diskrimineringa skal ta slutt, må vi verte satsa på. Vi treng ikkje berre varme ord og gode tankar – vi treng handling, og vi treng pengar.

Det skal verte satsa på likestilling, og det skal verte satsa på dei som fell utanfor arbeidslivet. Funksjonshemma fell utanfor arbeidslivet i større grad enn andre.
37,5 prosent av funksjonshemma er i arbeid, mot 78,4 prosent elles. Det er ikkje fordi vi ikkje ønskjer å jobbe, men fordi samfunnet ikkje legg opp til det.

Regjeringa har riktig tankegang, men dei har gløymt eller unnlate å satse på den største minoriteten av alle. Vi er redde for at dette kjem til å skape endå større forskjellar og at vi held fram med å verte gløymde.

Vi er djupt skuffa over regjeringa. Denne regjeringa har sjølv sagt at dei vil bruke pengar på å skape mindre forskjellar, dei vil satse på dei som fell utanfor arbeidslivet, dei vil til og med satse på likestilling og antidiskriminering. Likevel skal dei ikkje satse på oss, denne gongen heller.

Vi vert nedprioriterte nok ein gong. Ikkje berre nedprioriterte, men gløymde.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Rebecca Jeanette Sivertsen Lie (22) skriv om opplevingane sine med vidaregåande. Foto: Privat