«Kjære utviklingsminister Tvinnereim. I krisetid må fleire barn få skule – ikkje færre!»

Selina Nkolie (29) og Johanne Prøis Fearnley (20)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kronikken er først skriven i av begge underteikna på engelsk,
før Johanne omsette til bokmål og Framtida.no omsette til nynorsk. 

For andre år på rad ligg Noreg an til å kutte stort i utdanningsbistand, i ei tid der nesten to av tre tiåringar ikkje kan lese og skrive. Viss ikkje Noreg satsar på global utdanning no, vil ikkje generasjonen vår ha kompetanse nok til å handtere problema som vi skal arve. 

Vi, masai-bygdejenta Selina frå Kenya og Oslo-jenta Johanne, skriv dette saman fordi –. Noregs bistandsbudsjett for 2023 er nøydd til å reflektere den desperate læringskrisa vi står i. 

Lærarstreiken i Noreg har vore ein viktig påminnar om alt skulen gjer elevane, også utanfor den formelle undervisinga. Likevel valde Noreg å kutte i hundremillionarsklassen til det Globale Partnerskapet for Utdanning (GPE) i 2022, rett etter å ha forplikta seg til å gje 3,7 milliardar kroner over 5 år. GPE er den største mellomstatlege aktøren som sørger for utdanning i låginntektsland, og jobbar i meir enn 90 land og territorium. Noregs førebelse kutt til GPE åleine er estimert til å tilsvare, blant mykje anna, 94.655 færre lærarar. Men vi treng 69 millionar fleire lærarar for å oppfylle bærekraftmålet om at alle barn skal få gå på skule innan 2030. No som utdanning vert nedprioritert i godt over hundre land, både i bistand og i nasjonalbudsjett, virkar dette meir og meir uoppnåeleg.

Selina sitt eige liv, og heile framtida til bygda, vart totalforandra av ein type utdanningsstøtte som Noreg har satsa på over mange år. Historien til Selina viser godt korleis læringskrisa forplantar seg, og kan stoppast, på bakkeplan. Diverre estimerer GPE at berre det norske utdanningskuttet som kom ifjor, førte til at 3407 færre klasserom som Selina sitt gamle, blir bygd.

Medan vi skriv om dette over ein videosamtale, skjærer Selina over Johanne si talknoting:

– Men det som er viktig er at skulen endra heile bygda. Som lita jente var det aldri snakk om at eg skulle gå på skule – enkelt og greit fordi det ikkje var eit alternativ der eg budde. Dessutan var eg allereie lova bort for å gifte meg med ein vaksen mann. Viss det ikkje hadde vore for at ein jenteskule vart oppretta her eg bur, hadde vi ikkje forstått skaden av nokre av tradisjonane våre.

Blant mine medelevar, har ein blitt sjukepleiar, ein advokat, to biokjemikarar, sju lærarar, og fleire bønder. Vi utgjer ikkje berre ein forskjell for familiane våre, men for heile samfunnet vårt. Likevel var det viktigaste skulen gav oss, eit høve til å omstille heile bygda sitt levebrød – landbruket – til å tåle eit meir ekstremt klima. 

Som lita jente var det aldri snakk om at eg skulle gå på skule

Som ferdigutdanna, fór Selina tilbake til bygda si for å byggje eit læringssenter for bønder. Her lærer dei å drifte eit meir bærekraftig landbruk som taklar den kraftige auken ekstremvær i Kenya betre. 

Unge som har gått på bistandsfinansierte skular er heilt uvurderlege for sine lokalsamfunn. Eit barn av ei mor som kan lese, har 50% større sjanse for å overleve sine første fem leveår, har 50% større sjanse for å bli vaksinert, og dobbelt så stor sjanse for å få seg ei grunnutdanning – enn eit barn utan ei mor som kan lese.

Ved å sikre arbeidsplassar i landbruket, bidreg Selina til at fleire foreldre får råd til å sende barna sine på skulen. På den måten er ho, og entreprenørar som henne, med på å bidra til at 3,6 millionar barn som står i fare for å miste skulegongen på grunn av tørken på Afrikas horn, får gått på skulen likevel.

Lokale utfordringar krev lokale løysingar – eller kva, Senterpartiet?

Økonomisk krise, klimakrise og aukt konfliktnivå betyr fleire lokale utfordringar. Færre barn på skulane betyr at gode lokale løysingar blir vanskelegare å oppdrive. Vi kan ikkje tenke på mattryggleik, klimatiltak og likestilling kvar for seg i bistandsbudsjettet – ingen av dei er mogleg å sikre langsiktig, utan eit samspel med utdanning.

Ingenting peikar på at det vil setjast i gong tilstrekkelege tiltak for å motvirke læringskrisa

Ingenting peikar på at det vil setjast i gong tilstrekkelege tiltak for å motvirke læringskrisa. Sidan 2020 har utdanningsbistand frå donorland sunke. Samstundes har 40% av lågare mellom- og låginntektsland redusert budsjetta sine for utdanning. Vi unge som skal overta verdshistoriens største, internasjonale kaos, har ikkje fått i nærleiken av nok verktøy til å møte framtida.

Å investere i utdanning er å investere i lokalsamfunn si evne til å bygge seg sjølv opp. Medan vi ventar i spenning på statsbudsjettet, vil vi be regjeringa handle i tråd med varskoet til både bistandsbransjen og oss ungdom.


Har du noko på hjartet? 
Send tips eller innlegg til tips(a) framtida.no


Naja Amanda Lynge Møretrø, leiar i Changemaker, Astrid Hoem, leiar i AUF og Andrine Hanssen Seppola, fungerande leiar i Senterungdommen meiner det er på tide at regjeringa gjer alvor av lovnadane om å nedkjempe ulovleg kapitalflukt. Foto: Changemaker, AUF og SU