Statsbudsjettet: Kan måtte leggje ned hjelpetilbod for unge skeive

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er ein heilt fortvila situasjon. Vi har nettopp lagt fram ein rapport som viser kor kritisk viktig denne tenesta er for unge skeive. No risikerer vi å måtte leggje heile tilbodet på is i løpet av få veker.

Det seier Skeiv Ungdom-leiar Jane-Victorius Bonsksen i ei pressemelding.

Jubelen stod i taket då kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) lova nesten dobla støtte til skeive organisasjonar i det føreslegne statsbudsjettet for 2023.

No sit ungdomsorganisasjonen skuffa tilbake.

Ingen øyremerkte middel

I forslaget til statsbudsjett for 2023, har Senterpartiet og Arbeidarpartiet kutta dei øyremerkte midla til Ungdomstelefonen. Hjelpetenesta vert drive på kveldstid frå søndag til torsdag av kring 30 frivillige, som svarar unge på telefon, melding og chat.

Frå no av må Skeiv Ungdom søkje midlar frå ein felles pott, som har vorte 23 millionar mindre i det føreslegne statsbudsjettet.

Bonsaksen meiner finansieringa no vert så uføreseieleg at det set heile tilbodet i fare.

– Vi finansierer allereie Ungdomstelefonen frå driftsbudsjettet vårt, og utan ei øyremerking vert det rett og slett umogeleg å halde fram. Eg er redd for konsekvensane det vil ha, seier Bonsaksen.

Stadig yngre som tek kontakt

I starten av november leverte Skeiv Ungdom rapporten Snakk med meg til kultur- og likestillingsministeren.

Rapporten romma tal og statistikk frå Ungdomstelefonen frå 2014 til 2021, og til saman 11 949 anonyme samtalar.

I rapporten kom det mellom anna fram at 77 prosent av dei som tok kontakt i 2021 var under 18 år. Dei som tek kontakt vert stadig yngre, og fleire og fleire vil snakke om psykisk helse. Sju prosent av alle samtalane handla om sjølvmordstankar.

Jane-Victorius Bonsaksen, leiar i Skeiv ungdom overrekker rapporten «Snakk med meg» til likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap). Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Det er viktig for meg som politikar å ha denne dokumentasjonen, når vi skal få ein meir offensiv likestillingspolitikk, mellom anna med ny handlingsplan for at skeive skal få betre levekår, sa Trettebergstuen under overrekkinga.

Bonsaksen peikar på at Ungdomstelefonen er eit lågterskeltilbod svært mange unge brukar. Dei meiner Noreg får utruleg mykje att for kvar krone som går til hjelpetilbodet:

– Vi opplever at statsråden forstod alvoret og at behovet for meir støtte og eit breiare tilbod er akutt. No treng vi at det vert følgt opp med raske og tydelege avklaringar. Dette er verkeleg alvorleg, avsluttar Jane-Victorius Bonsaksen.


Ungdomspartia. Kollasj: Framtida.no. Foto: Pressefoto/Proxima Studi/Canva