Ny politisk nettavis tillèt ikkje nynorsk på nyheitsplass

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorsksensur funka kanskje på nittitalet. No ser det berre rart ut, skriv kulturredaktør i BT Jens Kihl på Twitter.

Kihl reagerer på at den nye politiske nettavisa Altinget ikkje tillèt nynorsk i nyheitsartiklar.

Altinget presenterer seg som «Norges første rendyrkede politiske nettavis», og vart lansert måndag 3. oktober.

Avisa skal satse på nisjejournalistikk, og har eit mål om å auke forståinga av nasjonal og europeisk politikk. Dei har mellom anna fått med seg tungvektarane Magnus Takvam og Solveig Ruud på laget.

BT-redaktør Jens Kihl er ikkje imponert over språklinja til den nye nettavisa:

Praktisk med bokmål

Sjefredaktør i Altinget, Veslemøy Østberg, svarar i Twitter-tråden at dei vil ha begge målformer representert i spaltene på debatt, kommentar og analyse, men at nyheitsartiklar i hovudsak vil vere på normert bokmål.

Grunngjevinga frå redaktøren er at dei mellom anna har mykje stoffutveksling med Sverige og Danmark, og «da trenger vi en språknorm som muliggjør akkurat det på travle dager».

Altinget er allereie etablert i Sverige og Danmark, og det er det danske mediehuset Alrow Media som står bak nettavisene i dei tre nabolanda.

Oppsiktsvekkjande

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, synest grunngjevinga frå Altinget-redaktøren er syltynn og «beint fram oppsiktsvekkjande».

– Sjefredaktør Veslemøy Hedvig Østrem meiner den nye politiske nettavisa har ei viktig rolle i å attreise tilliten til presse og politikk. Ho synest derimot å tenkje meir på dei danske eigarane sine og mindre på norske lesarar, skriv Hauge i eit debattinnlegg publisert hjå nettopp Altinget.

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, meiner Altinget snublar ved startstreken, og at dei bør revurdere dei språklege retningslinjene sine. Foto: Tuva Maria Åserud

Han peikar på at stadig fleire nasjonale medium opnar for nynorsk i redaksjonelle saker, som VG og Aftenposten.

– Altinget vil skrive om alt innanfor politikk, men det skal dei altså gjere ved å berre ta den eine halvparten av det norske språket i bruk.

Avviser kritikken

– Premissen som er sett opp av Hauge og kulturredaktør Jens Kihl, som sette fram kritikken først, er feil. Vi har ikkje noko forbod mot nynorsk i Altinget. Vi har vald normert bokmål som språknorm på nyheitsplass.

Det skriv sjefredaktør Veslemøy Østrem, på nynorsk, i ein e-post til Framtida.no.

– Korleis stiller du deg til kritikken frå Hauge om at du tenkjer meir på dei danske eigarane enn dei norske lesarane?

– Det er sjølvsagt ikkje riktig. Vi tenkjer på lesarane våre, og skal lage god journalistikk om politiske prosessar for dei. Godt språk er ein del av det journalistiske produktet, og her har ikkje eigarane våre hatt nokon innvendingar. Eg er ansvarleg for alle dei redaksjonelle vala for avisa, også dei språklege.

Nynorsk om det er naturleg

Østrem legg til at det er rom for å skrive nynorsk i saker der «det vil vere det mest naturlege».

– Til dømes om vi gjer eit portrettintervju med Sigbjørn Gjelsvik og både journalist og intervjuobjekt har klingande vestlandsdialekt. Dermed har vi nokolunde same språknorm som VG, Aftenposten og ei rekke andre riks- og regionaviser.

På spørsmål frå Framtida om kva signal språklinja til Altinget sender for dekninga av språkpolitikk, svarar redaktøren at nettavisa skal ha ei raus linje når det gjeld både språkleg og politisk mangfald, men at ho ønskjer at nyheiter har eit eins uttrykk, også språkleg.

– Vi vil dekke mange nisjar og politikkområde tett, etter kvart også utvide til fleire område. Språkpolitikk, kultur og medium er dessverre ikkje eit av dei felta vi går djupt inn i no frå starten.

Fredag 7. oktober har Altinget ei toppsak om den politiske biografien av Liv Signe Navarsete, skrive av nettopp Jens Kihl. Skjermdump

Språkdirektøren reagerer

I kommentarfeltet til Jens Kihl er det fleire som reagerer på både språklinja til nettavisa og på argumentasjonen frå redaktøren med at bokmål er mest praktisk. Blant dei språkredaktør Åse Wetås:

Fleire diskuterer òg at eit minimum frå Altinget burde vere å skrive namnet sitt på norsk.

Sjefredaktør Østrem forklarar at namnevalet har samanheng med at namnet alt har eksistert i 22 år i Danmark.

– Dette er namnet til avisa, og vil også vere det når vi etablerer oss i fleire land. Vi set pris på det nordiske samarbeidet, og ser fram til å bringe meir nordisk politikk også ut til lesarane våre, svarar Østrem til Framtida.no.


Nestleiar i Troms og Finnmark FpU, Magnus Torgersen, vart overraska over at ungdomspartiet vart bedne om å fjerna denne roll-upen. Foto: Magnus Torgersen, Fredrik Olastuen