FpU vart nekta å vise fram plakat på skulestand: – Politisk sensur

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uttrykk som «fuck nynorsk» er verna av ytringsfridomen – som alle uttrykk i utgangspunktet er, skriv Vidar Strømme, fagdirektør i Noregs institusjon for menneskerettigheter (NIM) i ein e-post til Framtida.no. 

«F**k nynorsk» på Nordkjosbotn vidaregåande skule

Tysdag førre veka hadde FpU Troms og Finnmark stand på Nordkjosbotn vidaregåande skule i Balsfjord i Troms og Finnmark. Ungdomspartiet hadde med seg ein roll-up med slagordet «F**k nynorsk», som dei fekk beskjed av rektor om å fjerna.

Dette er politisk sensur frå skulen, seier nestleiar i Troms og Finnmark FpU, Magnus Torgersen til avisa Nordlys, som først melde om saka.

Nestleiar i Troms og Finnmark FpU, Magnus Torgersen. FOTO: Fredrik Olastuen

Dei fire ungdomspolitikarane fortel at fleire norsklærarar hadde reagert på plakaten. På bakgrunn av dette tok rektor kontakt og bad dei fjerne plakaten, noko dei retta seg etter.

Me synest ikkje noko om at me måtte ta det ned og synest det er heilt feil reaksjon. Me har hatt det med på nesten alle vidaregåande skulane i Troms og Finnmark og det har vore null problem. Folk har berre ledd av det og synest at det er litt morosamt, fortel nestleiar i FpU Troms og Finnmark, Magnus Torgersen, på telefon til Framtida.no.

Han fortel at lokale fylkestingsrepresentantar no skal sjå på om dei vil ta saka vidare for å hindra at ungdomsparti vert sensurert på skular.

– «Fuck» bryt med skulen sitt verdigrunnlag

Ifølgje Torgersen var det tre lærarar som reagerte på roll-upen. Rektor ved Nordkjosbotn videregåande skule, Tor Eriksen, fortel til avisa Nordlys at det ikkje var bodskapen, men språkbruken som var problemet.

– Alle skjønar at det står «fuck nynorsk», og ordet «fuck» bryt med skulen sitt verdigrunnlag. På vår skule jobbar me med danning og inkludering, og ein språkbruk som neglisjerer det ønskjer me ikkje. Me ber våre elevar snakka utan å banna, og då kan me ikkje tillate slike plakatar, seier Eriksen til avisa.

FpU-politikaren peikar overfor Framtida.no på at ordet er sensurert, samt at liknande retorikk har vorte brukt av andre ungdomsparti, som Unge Venstre sitt «Fuck fråværsgrensa».

Ungdomsparti skal jo vera litt radikale og ikkje heilt A4. Me må prata ungdommen sitt språk og her i Nord-Noreg har dei attpåtil litt friskt språk. Folk ser plakaten, synest det er morosamt og kjem bort og spør. Dei aller fleste elevane er kjempepositive til det og tvungen sidemål synest dei ikkje noko om, seier Torgersen.

Fagdirektør i NIM, Vidar Strømme. Foto: Charlotte Skomsøy/NIM.

– Ytringsfridomen gjeld også form

Fagdirektør i Noregs institusjon for menneskerettigheter (NIM), Vidar Strømme, dreg parallellar til ei anna sak der Unge Venstre ikkje fekk setja opp banner med påskrifta «legalize it». Saka gjekk heilt opp til kunnskapsministeren og ein vart einige om at det var lov å ytra.

Ytringsfridomen gjeld også form, ikkje berre innhald. Det å bruka bannord, til dømes, er ikkje forbode. Det er mykje som er ugreitt å seia, men som ikkje er forbode. Eit anna døme er at det ikkje er straffbart å ljuga, forklarar Strømme.

Fagdirektøren tvilar ikkje på at det var forma og ikkje ytringa det vart reagert mot, men understrekar at også forma er verna av ytringsfridomen. Hindring av utsegner må vera forankra i lova og vera forholdsmessig.

Uttrykk som «fuck nynorsk» kjem ikkje inn under forbodet mot hatefulle ytringar, då det rettar seg mot eit tema, og ikkje personar.

Skular og lærarar har ein styringsrett, ikkje minst i undervisningssamanheng. Men på stands og i samband med skuleval må ein nok seia at dette er innanfor det som det er lov til å seia. Slike arenaar skal også vera realistiske, ved at dei som ytrar seg får feedback på både god og dårleg argumentasjon, understrekar Strømme.


Merknad: Journalisten har tidlegare jobba på same arbeidsplass som noverande rektor ved Nordkjosbotn vidaregåande skule, som er omtala i denne saka.


Mållagsleiar Peder Lofnes Hauge reagerer på valplakatane til FpU. Denne hang hjå Charlottenlund skole i Trøndelag i forkant av ein skuledebatt måndag. Foto: Foto: Noregs Mållag, Marit Voldsund Fjeldvær (sentralstyremedlem i Norsk Målungdom). Kollasj: Framtida.no