Universitet og høgskular bryt mållova
Dei fleste universitet og høgskular bryt pålegget i mållova om å bruke minst 25 prosent nynorsk
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Blant verstingane er det største universitetet her i landet, NTNU, pluss Universitetet i Tromsø, OsloMet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
Ved NMBU er under fire prosent av innhaldet på nettsider, sosiale medium og digitale skjema på nynorsk, melder Khrono.
– Manglar vilje
Den nye språklova, som gjaldt frå 1. januar i år, skjerpar kravet til språkarbeidet, og særleg minoritetsspråk som nynorsk. Kravet er minst 25 prosent nynorsk og bokmål i allment tilgjengelege dokument.
– Det ser ut til at mange manglar vilje til å prioritere språkarbeidet, og at dei ikkje forstår kvifor dei har denne oppgåva, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås til Khrono.
Ho meiner at det i realiteten viser at dei utøver ein språkpolitikk som konkurrerer med den politikken Stortinget har vedteke. Ifølgje lova har heile offentleg sektor ansvar for å fremje nynorsk, og at det kvilar særleg tungt på forskings- og utdanningssektoren.
- Les også: NTNU nedprioriterer nynorsk
Musikkhøgskulen får skryt
Høgskulen i Volda, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet får ros frå Språkrådet for å ha god balanse i bruken av nynorsk. Også Universitetet i Stavanger får skryt for god framgang. Der er nynorskprosenten no auka til 16.
Også Musikkhøgskulen får ros for at både bokmål og nynorsk er godt synleg og tilgjengeleg på nettsidene, men at dei framleis er langt under målet om 25 prosent.