Britiske James fekk stipend for å skrive bok om nynorsk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prispengane er ei løyving frå Kulturdepartementet.

– Det er viktig å inkludera alle i nynorsken, og ei innføringsbok på engelsk gjer nynorsken tilgjengeleg på nye område, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

James K. Puchowski er ein polskætta brite som kom til Noreg for å studera norsk. Her fann han nynorsken og vart styremedlem i Studentmållaget i Oslo. No jobbar Puchowski i London som universitetslektor (Lecturer) i norsk ved University College London der han underviser britiske studentar i norsk.

Skal skrive bok

Puchowski har nettopp levert inn eit doktorgradsarbeid der han samanliknar språkstrid og språkaktivisme i Catalonia, Skottland og Noreg.

Han meiner at nynorsk må visast fram som eit sjølvstendig og levande språk som alle kan læra uansett kvar dei er.

Det er bokmål og austlandske, Oslo-nære dialektar som blir prioriterte når utlendingar lærer norsk. Puchowski meiner det kan forsterka tanken hjå utlendingar om at det norske språket er monolittisk med viktige prestisjevariantar. Boka hans skal bidra til å endre dette.


– Vi vert ikkje prioriterte i skulen, og den kunnskapen som finst er ofte liten eller negativ. Det er ein direkte konsekvens av fornorskingspolitikken, seier Åsne Kummeneje Mellem, leiar i Kvenungdomen. Foto: Kvenungdommen.