Chile kan få ein av dei mest progressive grunnlovane i verda

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rett til abort, rett til reint vatn og rein luft, og ei skattefinansiert helseteneste er nokre av elementa som er med i forslaget til ny grunnlov.

4. september skal folket røyste over den nye grunnlova. Viss ho vert vedteken, vil det bli ei av dei mest progressive i verda.

Les også: 17 demokratiske kongress­medlemmar arresterte under ein abort-protest i USA

Reint vatn og likestilling

Forslaget vil overføre mange tenester og meir makt til det offentlege, og gi sterke rettar til folket innanfor helse, utdanning og likestilling.

Nokre av punkta som ligg inne i grunnlovsforslaget, er:

  • Retten til reint vatn. Chile er i dag det einaste landet i verda som har ein 100 prosent privatisert vassmarknad.
  • Naturen kan få sjølvstendige rettar til å bli beskytta og respektert.
  • Anerkjenne og stadfeste rettane til innfødde folkegrupper. Dei utgjer om lag 13 prosent av befolkinga i landet.
  • Sikre helsetenester, husrom og god utdanning til folket.
  • Styrke likestilling for kvinner og LHBTQ+-personar. Mellom anna er det føreslått at alle offentlege institusjonar må bestå av minst 50 prosent kvinner.
  • Desentralisere makt ved å gi meir styring til regionar og kommunar.

Chile valde i fjor sin tidenes yngste president nokonsinne, 35 år gamle Gabriel Boric. Han lova at han ville kjempe mot store skilnader i landet.

Les meiningsinnlegget: «Eg følte meg ikkje trygg før London, og eg gjer det ikkje no»

Vil legge ned senatet

Men det er ikkje sikkert lova går gjennom. Sjølv om 80 prosent av folket røysta for å skrive ei ny grunnlov, har det nye forslaget berre 46 prosent støtte i folket, medan 51 prosent er mot.

Kritikarane meiner at forslaget er for venstrevridd og radikalt. Andre peikar på at aktørar på høgresida spreier frykt og desinformasjon om forslaget.

Forslaget vekker dessutan oppsikt fordi det inneber punkt som vil gjere store endringar på sjølve styresettet i landet, ved å legge ned Senatet.

Nokre stiller også spørsmål ved kva konsekvensar lovforslaget vil ha for den viktige gruvedrifta i landet.

Aktivistar og akademikarar

Chilenarane røysta i fjor for å lage ein ny grunnlov, etter ei rekke protestar og opprør mot sosial ulikskap, dyre helsetenester og underfinansiert utdanning i landet. Mange peikar på  den nyliberalistiske grunnlova som diktatoren Augusto Pinochet innførte i 1980, som rota til ulikskapen i landet.

Landet valde ei forsamling på 155 delegatar som skulle lage eit forslag til ny grunnlov. Heile 87 prosent av delegatane hadde aldri vore folkevalde før. Mange av dei var aktivistar og akademikarar. 50 prosent av forsamlinga er kvinner, og 17 prosent av plassane var sette av til innfødde.

Les også: Ungdomspolitikarane om bustadmarknaden: – I tvil om eg nokosinne får kjøpt bustad

Foto: Oscar Daniel Rangel on Unsplash, Pressefoto. Kollasj: Framtida.no