Ungdomspolitikarane om bustadmarknaden: – I tvil om eg nokosinne får kjøpt bustad

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skortar ikkje på nyheiter om den segnomspunne bustadmarknaden i Noreg. Utleigebustadar vert rivne vekk, tusenvis står i kø til studentbustad og ein meklartopp spår at førstegongskjøparane tapar terreng framover grunna høge renter og høge bustadprisar.

Tala syner at det er dyrt å kjøpe leilegheit og det er dyrt å leige leilegheit – i alle fall om du vil bu i Oslo.

Ungdomspartia er samde om at noko må gjerast med bustadmarknaden i Noreg.

Vi har teke ein runde med partileiarane, for å høyre kva erfaring dei sjølve har med bustadmarknaden og korleis dei vil sikre unge tilgang til han:

Torleik Svelle, Senterungdommen: – Fridom er å ligge naken på plenen, utan naboar!

Eig eller leiger du? – Eg leiger.
Kven bur du med? – Bur åleine, men har hatt selskap av nokre maur eg har kverka denne våren.
Kor mange kvadratmeter bur du på?Ca 40.
Kva betalar du i husleige/lån i månaden?9.500 kr.
Er straum, internett eller tv inkludert? Ja, begge deler.
Får du finansiell støtte frå foreldre? Nei.

Torleik Svelle er leiar i Senterungdommen. Foto: Senterungdommen

Senterungdom-leiar Torleik Svelle var 19 år gammal då han flytte for seg sjølv for første gong, rett etter vidaregåande. I dag bur han i ein sokkelleilegheit i oslobydelen Søndre Nordstrand, i ein bustad han fann spontant på nett:

– Brukte kring to timar frå eg leitte til den var i boks, skriv han på e-post til Framtida.no.

Men då han studerte, budde han i kollektiv i Trondheim under det han skildrar som «litt bustete buforhold». Svelle og romkameratane måtte vere rause med kloren for å halde diverse vekstar i dusjen under kontroll.

– Hadde også litt utfordringar med at det regna inn på do når vêret kom frå nord, minnest Svelle.

Den store fordelen med leilegheita var derimot at dei alle hadde ganske store rom, og det var rimeleg leige.

– Vi hadde mykje gøy og sparte litt pengar, så då gjekk det fint ein periode i livet.

Den viktigaste buerfaringa Senterungdomsleiaren har med seg er at det ikkje spelar så stor rolle kor ein bur, så lenge ein trivst, har hyggelege folk rundt seg og har det artig:

– Mi erfaring frå kollektiv er at ein skal vere raus, men setje krav til kvarandre og snakke saman. Mantraet vårt då eg budde i studentkollektiv var: «Spør ikkje kva øl kan gjere for deg, men kva du kan gjere for øl», og den som ikkje vaska, tok ut av oppvaskmaskina eller tømte søppel, ja, den måtte spandere øl på oss andre.

Torleik Svelle hadde denne plakaten hengande i kollektivet. Foto: Privat

Må verte mindre gunstig å eige mange bustadar

Torleik Svelle er no 26 år, og håpar han får kjøpt seg eit krypinn han eig sjølv før han vert 30 år gammal.

Senterungdomleiaren peikar på at bustadmarknaden i Noreg i dag er utfordrande for mange, og peikar særleg på to område: Pressområde i byane og nye bustadar på bygda

– Pressområde i byane, fordi mange ønsker seg inn og då vert prisane pressa opp. Bustadane på bygda fordi marknadsverdien er lågare enn byggeverdien, det vert difor vanskeleg å få lån for å bygge.

Dei siste ti åra har bustadprisane i Oslo vakse med 92,4 prosent. Foto: Jørn Eriksson/Wikimedia Commons/CC BY 2.0

I tillegg meiner Svelle det er ei utfordring at det er så gunstig å eige mange bustadar, heller enn å investere i bedrifter og verdiskaping.

– Kva meiner du må til for å sikre unge tilgang på bustadmarknaden? 

– Vi må gå igjennom skatteregelverket for dei som eig mange bustadar, slik at det vert mindre gunstig. Samstundes må vi også bygge fleire og billigare studentbustadar, slik at studentbustadane faktisk dreg prisane ned.

I Distrikts-Noreg meiner Senterungdomleiaren ein må bruke Husbanken meir aktivt, slik at det løner seg å bygge på bygda.

Husbanken er ein statleg bank som mellom anna skal bidra til at dei som er vanskelegstilte kan skaffe og halde på sin eigen bustad. Banken har ulike låne- og støtteordningar ein kan søke, dersom ein til dømes har vanskar med å få lån i andre bankar eller vil gjere bustaden sin meir miljøvenleg.

– Eg har stor forståing for at ikkje alle ønskjer å bu i ein skoboks oppå folk i byen, då må vi legge til rette for at ein kan bygge bustadar med hage og tomt. Fridom er å ligge naken på plenen, utan naboar!


Tobias Stokkeland, Grøn Ungdom: – I tvil om eg nokosinne får kjøpt bustad

Eig eller leiger du? – Leiger.
Kven bur du med? – Eg bur åleine.
Kor mange kvadratmeter bur du på? – Til saman 50 kvadrat, men effektivt litt mindre.
Kva betalar du i husleige/lån i månaden? – 6.000 kr.
Er straum, internett eller tv inkludert? Nei.
Får du finansiell støtte frå foreldre? – Eg får nokre smålån av og til, viss det dukkar opp uføresette kostnadar, men i store trekk ikkje.

Talsperson i Grøn Ungdom, Tobias Stokkeland. Foto: GU

Eg flytta heimanfrå første gong då eg var 17, og flytta til det lille kongeriket Eswatini i sørlege Afrika for å gå dei siste to åra av vidaregåande, minnest Tobias Stokkeland.

I Eswatini budde Stokkeland, som i dag er 23 år, på internat. Det var først i november i fjor, då han vart vald til talsperson for Grøn Ungdom, at han flytta heilt for seg sjølv.

No bur han i ei leilegheit i Alna, Oslo, som han fann på Finn.no. Kristiansandaren var på jakt etter ein billig heim, der han kunne bu åleine.

– Etter å ha sendt melding til utleigar fekk eg kome på visning, og fekk eit godt inntrykk. Difor bestemte eg meg så å seie på flekken då eg fekk tilbod frå utleigar.

Kva er di viktigaste buerfaring?

– Mi viktigaste buerfaring er at eg har forstått kor viktig det er å spare når ein kan. Men for oss som enn så lenge leiger, har eg erfart at det er ein stor fordel å prøve å få ein relasjon til utleigar, og arbeide for at kommunikasjonsflyten dykk imellom vert så god som mogeleg, tipsar Stokkeland på e-post til Framtida.no.

– Dei som har mykje (eller har foreldre som har mykje) stikk ifrå

Grøn Ungdom-leiaren ser føre seg at han nok lyt leige ei stund til, slik som bustadmarknaden er i dag:

– Eg er heilt ærleg i tvil om eg nokosinne får kjøpt bustad, men viss eg klarar det er eg nok minst 35–40 år, spår han.

Stokkeland skildrar dagens bustadmarknad som ein av dei største ulikskapsdrivarane i samfunnet.

– Det å kjøpe bustad er ei av dei beste investeringane ein kan gjere, men det er berre dei som har ein del eigenkapital som har den mogelegheita. Det gjer at dei som har mykje (eller har foreldre som har mykje), stikk ifrå.

– Kva meiner du må til for å sikre unge tilgang på bustadmarknaden?

– Nummer éin, det må verte mindre lønsamt å eige bustad. Der kan det å fjerne rentefrådraget, innføre ein nasjonal eigedomsskatt og høgare skatt på sekundærbustad bety ein del. Det i seg sjølv vil nok framleis ikkje vere nok i byane, der vi må bygge fleire bustadar, svarar Stokkeland.

Per i dag kan ein skrive av rentekostnadar ein har betalt på bustadlån på skatten.

– Eg ønskjer òg at vi opprettar ein tredje bustadsektor, slik dei har i Sverige.

Ein tredje bustadsektor er ein mellomting mellom den kommunale bustadmarknaden og den private bustadmarknaden, og består av utleigebustadar der prisane er regulerte.


Ane Breivik, Unge Venstre: – Omvend Robin Hood

Ane Breivik er leiar i Unge Venstre. Foto: Privat

Unge Venstre-leiar Ane Breivik fortel at ho som hovudregel har hatt svært gode erfaringar med å leige hos private utleigarar, og dårlege erfaringar med dei store utleigefirmaa.

Det mest utfordrande møtet ho har hatt med bustadmarknaden til no, er frå då ho budde i kollektiv i Bergen i 2020. Då fann dei ut at kontrakten inneheldt ein klausul om at dei berre kunne seie opp leigeforholdet éin gong i året.

– Då vi forsøkte å framleige leilegheita, tok imot vi eit rasistisk svar frå utleigefirmaet. Det var mildt sagt spesielt.

Då romkameraten til Breivik formidla vidare til utleigar at dei hadde funne nye leigetakarar som var frå India og skulle arbeide i Bergen, fekk dei til svar frå firmaet: «Beklager, men indere leier vi ikke ut til». Utleigefirmaet meinte indisk matlaging øydela leilegheiter.

Jussformidlingen i Bergen konstaterte at det er eit brot på husleigelova, som slår fast at ein ikkje skal ta omsyn til mellom anna etnisitet ved utleige av husrom.

– Uoppnåeleg for unge utan formue eller arv

– Kva er di viktigaste buerfaring?

– At flytting er noko herk og ein vert aldri ferdig med å innreie ei leilegheit. I tillegg trivst eg betre når eg ikkje bur midt i sentrum.

– Korleis vil du skildre bustadmarknaden i Noreg i dag?

– Den norske bustadmarknaden er blant dei store ulikskapsdrivarane i samfunnet vårt. Sidan andre verdskrig har det vore eit politisk mål at alle skal eige ein bustad. Men i dag er dette særleg uoppnåeleg for unge utan formue eller arv.

Breivik meiner ein med dagens skattesystem subsidierer eigarar:

– Og dei store pengane går til dei med høgast bustadlån, som dermed òg har høgast formue og løn. Vi gjev meir til dei som allereie har mest. Det er omvend Robin Hood-politikk.

For å sikre unge tilgang på bustadmarknaden, meiner Unge Venstre-leiaren at vi lyt vri på skattesystemet slik at bustad i mindre grad vert eit spekuleringsobjekt.

– Eg er tilhengar av å fase ut rentefrådraget og innføre ein nasjonal bustadkatt. Det vil bidra til meir omfordeling, og det gjev meir meining at staten skattlegg passive verdiar som bustadar.

I tillegg peikar Breivik på at vi lyt byggje fleire bustadar som eignar seg for førstegongskjøparar, og dessutan fjerne eigenkapitalkravet for førstegongskjøparar slik at fleire kjem seg inn på marknaden.

I dag kan du berre låne 85 prosent av verdien på bustaden du vil kjøpe, noko som betyr at du lyt ha minst 15 prosent eigenkapital sjølv.


Synnøve Kronen Snyen, Sosialistisk Ungdom: – Det er jo nesten ein fulltidsjobb å finne leilegheit

Eig eller leiger du? – Leiger.
Kven bur du med? – Eg bur med sambuaren min.
Kor mange kvadratmeter bur du på? – Veit ikkje heilt, kanskje 40 kvadrat.
Kva betalar du i husleige/lån i månaden? – Over 7.000.
Er straum, internett eller tv inkludert? Nei.
Får du finansiell støtte frå foreldre? Nei.

Synnøve Kronen Snyen er leiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: SU

– Det er sjukt vanskeleg å finne ein stad å bu, det er jo nesten ein fulltidsjobb å finne leilegheit. Vi opplevde at det nesten alltid var folk på visning med betre råd og fast jobb, og då får ein jo ikkje leilegheita, skriv Sunnøve Kronen Snyen på e-post til Framtida.no.

Ho og sambuaren fekk omsider napp på ei leilegheit på Tøyen i Oslo, etter at Snyen gjorde eit godt inntrykk på utleigar fordi ho tidlegare har vore sommarleirsjef på Utøya.

SU-leiaren har tidlegare leigd både av det ho skildrar som «ein veldig useriøs utleigar» og av utleigeselskapet Heimstaden.

– Begge delar var skikkeleg kjipt, og dei prøvde konstant å presse meir pengar ut av oss. Ingen av dei følgde opp manglar ved leilegheita, og som regel fekk vi ikkje eingong svar på førespurnadane våre, hevdar Snyen.

Det var først då dei truga med å gå til media, at utleigar svara og tok tak i problema, ifølgje SU-leiaren.

– Sinnssjukt lønsamt å eige andre sin bustad

Synnøve Kronen Snyen flytta heimanfrå første gong då ho var 18 år gamal, og anar ikkje kor gammal ho kjem til å vere når ho har mogelegheit til å kjøpe sin første heim.

Ho meiner bustadmarknaden er den største motoren for auka ulikskap i Noreg.

Om ein leiger eller eig er i ferd med å verte det nye klasseskiljet. For om ein leiger så betalar ein ned på nokon andre sitt bustadlån, og ein må berre sitje og sjå på at bustadprisane veks. Det er veldig vanskeleg å spare når leigeprisane er så høge, og i tillegg  leiger mange av oss dårlege leilegheiter som er direkte helsefarlege.

For å sikre unge tilgang på bustadmarknaden, må det både verte enklare å eige sin første bustad og betre vilkår for å leige, meiner SU-leiaren.

I Oslo var snittprisen for å leige bustad på 14.621 kroner i andre kvartal av 2022, melder E24.
Foto: Oscar Daniel Rangel/Unsplash

– Hovudproblemet i bustadmarknaden er at det er sinnssjukt lønsamt å eige andre sin bustad. Det gjer at rike folk kjøper opp eigedom og leiger det ut. Nokon let det til og med stå tomt fordi det er så lønsamt.

Snyen peikar på at dersom du leiger, så får dei som eig bustaden din skattefordelar som du som leigetakar går glipp av, samstundes som du heller ikkje får ta del i bustadprisveksten.

– No aukar bustadprisane mykje raskare enn løningane. Om du står utanfor bustadmarknaden no, vert det berre vanskelegare og vanskelegare å kome seg inn. Det er heilt umogeleg å spare like fort som bustadprisane veks.

I tillegg meiner SU-leiaren at leigetakarar må få fleire rettar.

– Dei som leiger ut, har for mykje makt, og altfor mange utnyttar den makta. Vi høyrer historier om utleigarar som set opp kamera i leilegheita, utleigarar som låser seg inn utan lov og utleigarar som fjernar fellesareal for å lage endå fleire soverom. Difor treng vi ei ny husleigelov.


Simen Velle, Framstegspartiets Ungdom: – Mykje dyrare å bu åleine enn ein skulle tru

Eig eller leiger du? – Leiger.
Kven bur du med? – Bur med ein god kompis.
Kor mange kvadratmeter bur du på? – 85 kvm.
Kva betalar du i husleige/lån i månaden? – Betalar 13.500 kr.
Er straum, internett eller tv inkludert? – I wish, men nei.
Får du finansiell støtte frå foreldre? – Nei.

Simen Velle er leiar i FpU. Foto: Presse

Fpu-leiar Simen Velle si viktigaste buerfaring til no er at det er mykje dyrare å bu åleine enn ein skulle tru.

– Det er alltid fleire utgifter enn ein reknar med, og det er viktig å ha god kontroll på økonomien.

Velle flytte heimanfrå som 20-åring, og bur med ein kamerat på Frogner i Oslo, i ei leilegheit dei har teke over etter nokre vennar. Til no har han ikkje opplevd utfordringar med bustadmarknaden, med unntak av ein ting:

– Eg skulle gjerne hatt billegare bustadprisar, for det er veldig dyrt.

– Kjem ikkje er forbrukaren til gode

Fpu-leiaren har planar om å kjøpe leilegheit så fort han har råd, og ser føre seg at det vert når han er 26–27 år.

– Korleis vil du skildre bustadmarknaden i Noreg i dag?

– Ein veldig dyr og overregulert marknad som ikkje kjem forbrukaren til gode.

– Kva meiner du må til for å sikre unge tilgang på bustadmarknaden? 

– Fjerning av bustadlånsforskrifta, byggje mykje meir og byggje leilegheiter/hus som unge har råd til.

Bustadlånsforskrifta er regelverket som mellom anna regulerer kor mykje lån ein bank har mogelegheit til å gje ut og kor mykje eigenkapital kjøpar må ha sjølv. FpU har tidlegare teke til orde for å endre bustadlånsforskrifta for å fjerne eigenkapitalkravet på 15 prosent.


Hadle Rasmus Bjuland, Kristeleg Folkepartis Ungdom: – Vi må styrke Husbanken

Eig eller leiger du? – Leiger.
Kven bur du med? – 3 kompisar frå vidaregåande.
Kor mange kvadratmeter bur du på? – 90 kvm.
Er straum, internett eller tv inkludert? – Nei, betalar det utanom.
Får du finansiell støtte frå foreldre? – Nei.

Hadle Rasmus Bjuland er leiar i KrFU. Foto: KrFU

– I kollektivet har vi berre ein regel: «Det vert aldri rettferdig». Det er sagt med eit glimt i auget i samband med ryddig og vasking i leilegheita, fortel Hadle Rasmus Bjuland på e-post til Framtida.no.

Han bur i kollektiv på St. Hanshaugen i Oslo saman med tre kameratar. Dei prøver alle å bidra like mykje, men er òg samde om at det nok aldri kjem til å verte heilt likt:

– Det trur eg sikrar godt bufellesskap.

KrFU-leiaren flytta heimanfrå som 16-åring for å gå på internatskule, og har planar om å kjøpe si eiga leilegheit så snart han får gode lånevilkår, men det vert ikkje heilt endå.

Må bygge fleire bustadar

– Korleis vil du skildre bustadmarknaden i Noreg i dag?

– Det er altfor vanskeleg for unge å kome inn på bustadmarknaden. Bustadprisane er skyhøge, noko som gjer det vanskeleg å klare både eigenkapitalskravet og ha høg nok fast inntekt.

For å sikre at unge får tilgang til bustadmarknaden, meiner Bjuland at det først og fremst må verte bygd fleire bustadar dei stadane der det er høgt trykk frå før.

– Vi politikarar må regulere tomter og område som gjer det enklare å bygge. I tillegg meiner eg vi må styrke Husbanken for å sikre at dei som har aller minst også skal ha ein sjanse for å kunne eige eigen bustad på eit tidspunkt.


Astrid Willa Hoem, AUF: – Alt for krevjande å skaffe seg ein heim

Til no har AUF-leiar Astrid Willa Hoem vore heldig i møte med bustadmarknaden, så ho har ikkje opplevd store utfordringar utanom kor vanskeleg det kan vere å finne ein heim å leige:

– Den første gongen eg skulle flytte for å studere, tok det lang tid før vi fann noko. Ein merkar at det er mange som treng ein stad å leige. Og at det kan vere svært vanskeleg å finne ein stad med ok standard, og som ikkje er altfor dyr.

Astrid Willa Hoem er leiar i AUF. Foto: Pressefoto

Den viktigaste buerfaringa hennar er frå tida i kollektiv – kor gøy og slitsamt det er på same tid, samstundes som ein får mange nye vennar.

– Leigemarknaden og bustadmarknaden i dei store byane er spinnvill

– Korleis vil du skildre bustadmarknaden i Noreg i dag?

– Det er altfor krevjande å skaffe seg ein heim å bu i. Leigemarknaden og bustadmarknaden i dei store byane er spinnvill. Det er rigga slik at bustadhaiane kan eige mange hundre leilegheiter, samstundes som mange ikkje eingong kan kjøpe sin første. Det er grunnleggjande urettferdig.

AUF-leiaren meiner vi treng ein mykje meir aktiv bustadpolitikk i Noreg, enn den vi har i dag.

– Kva meiner du må til for å sikre unge tilgang på bustadmarknaden?

– Vi må bygge fleire bustadar, men samstundes må vi stramme til på skatten for dei som eig mange. Bustad skal først og fremst vere ein heim, ikkje eit investeringsobjekt.


Ulrikke Torgersen, Grøn Ungdom: – Norsk bustadpolitikk har lenge vore halvhjarta og populistisk

Eig eller leiger du? – Leiger eit rom i eit kollektiv.
Kven bur du med? – Fem andre, kjende dei ikkje frå før. Utleigar leiger ut andre etasje i sin eigen bustad.
Kva betalar du i husleige/lån i månaden? – 6.000.
Er straum, internett eller tv inkludert? – Straum, internett og tv er inkludert.
Får du finansiell støtte frå foreldre? – Eg får låne litt om eg treng, men betalar tilbake så snart eg kan etterpå.

Ulrikke Torgersen er talsperson i Grøn Ungdom.

Ulrikke Torgersen, talsperson for Grøn Ungdom, flytta heimanfrå då ho var 17 år gamal. Då pakka ho kofferten og reiste til utlandet for å bu hos ein vertsfamilie. Første gong ho flytta for seg sjølv, var to år seinare, då ho leigde ei leilegheit i heimbyen Stavanger.

I dag bur ho i Vestre Aker i Oslo, i eit kollektiv ho deler med fem andre personar som ho ikkje kjende før dei vart sambuarar.

– Kva er di viktigaste buerfaring?

– Alt mellom eigar og leigar bør vere avklart og profesjonelt, og at ein er bevisst på rettane sine som leigetakar, svarar ho på e-post til Framtida.no.

Ho har budd i leilegheit med manglar og dyr månadsleige, men ho synest ikkje det er den største utfordringa ho har opplevd med bustadmarknaden til no:

– Det verste er nok kor vanskeleg det er for vennar av meg med fast jobb og stabil inntekt å kjøpe seg eigen bustad, og som ikkje er altfor liten.

– Kor gammal ser du føre deg å vere når du kjøper din første bustad? 

– Eg trur det vil henge saman med om og når eg får fast jobb og inntekt; trur ikkje eg har mogelegheit til å få spart opp eigenkapital før då.

Unge må betale meir for mindre

Grøn Ungdom-talspersonen er ikkje nådig i si skildring av den norske bustadmarknaden:

– Norsk bustadpolitikk har lenge vore halvhjarta og populistisk. Resultatet er den storstilte prisutviklinga som no har alvorlege konsekvensar for ungdom og forsterkar sosiale forskjellar.

Ho peikar på at bustadprisane veks raskt, og i mange kommunar mykje raskare enn lønnsveksten. På same tid har det vore høg generell prisvekst i samfunnet, seier ho.

Rana kommune er ein av kommunane med høgaste bustadprisvekst i landet. Der har bustadane vorte 13,7 prosent dyrare det siste året, skriv NRK. Foto: HelgelandFakta/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

– Det er ein klar trend at prisveksten er størst i byane. Konsekvensen av prisveksten er auka sosiale forskjellar, at unge slit med å kome inn på bustadmarknaden, og at bustadar i distrikta vert relativt mindre verde.

Torgersen peikar på at unge og dei med lågare inntekt oftare leiger og såleis betalar ned andre sine bustadlån framfor sitt eige, noko ho meiner skapar store forskjellar. Dei som tidlegare har hatt investeringskapital, har hatt høve til å opparbeide seg store økonomiske verdiar gjennom bustadveksten, til forskjell frå dei med lågare inntekt, seier ho.

– No står svært mange unge og låglønte og må kjempe om bustad i ein marknad der den eldre generasjonen og overklassa har tent opp store inntekter. Unge som vil etablere seg, har ikkje dei same føresetnadane som for tretti år sidan, og må betale meir for mindre.

– På tide å prioritere ungdom framfor spekulantar

– Kva meiner du må til for å sikre unge tilgang på bustadmarknaden? 

– Vi treng å skattlegge annleis for å avgrense prisveksten, og vi treng å prioritere kvalitet der folk skal bu. Det er på tide å ta bustadmarknaden ned på bakken, og prioritere ungdom framfor spekulantar, slår Torgersen fast.

Ho meiner ein må krevje at nye bustadar skal vere tilstrekkeleg store – også der det er høgt press på marknaden – og arbeide mot det ho kallar storstilt «hyblifisering» av einebustadar.

– Vi må òg sikre tilstrekkeleg finansiering til å byggje og kjøpe tilstrekkeleg med kommunale bustadar til å dekke behovet i alle kommunar.

For å avgrense bustadveksten vil Grøn Ungdom mellom anna greie ut ein modell for nasjonal eigedomsskatt og gradvis trappe ned og til slutt fjerne rentefrådraget. I tillegg vil ungdomspartiet greie ut ein eigen skatt på sekundær- og fritidsbustad.


Håkon Snortheim, Unge Høgre: – Politikarane er altfor dårlege til å sørge for at det vert bygde fleire bustadar.

Eig eller leiger du? – Leiger.
Kven bur du med? Ein kompis eg møtte gjennom Unge Høgre.
Kor mange kvadratmeter bur du på? – Ca. 45 kvm
Kva betalar du i husleige/lån i månaden? – NOK 8.000
Er straum, internett eller tv inkludert? – Internett, TV og varmtvatn er inkludert. Straum betaler vi sjølv.
Får du finansiell støtte frå foreldre? – Nei.

Håkon Snortheim er 1. nestleiar i Unge Høgre. Foto: Unge Høgre

Sidan han først flytta heimanfrå som 19-åring, har Unge Høgre-nestleiar Håkon Snortheim budd tre år i studenthybel, før han no har hatt to år med erfaring frå den private leigemarknaden.

– Har aldri møtt nokon utfordringar på vegen, så eg har nok vore ganske heldig, skriv han på e-post til Framtida.no.

I dag bur han saman med ein kompis han møtte gjennom Unge Høgre i ei leilegheit dei fann på Finn.no.

– Kva er di viktigaste buerfaring?

– Gjer det koseleg og hald ved like det du allereie eig og har.

– Må verte bygd fleire bustadar der folk vil bu

Nestleiaren skildrar dagens bustadmarknad i Noreg som tøff og dyr. Sjølv ser Unge Høgre-nestleiaren føre seg å vere 26–27 år gammal når han kjøper sin første bustad.

– Politikarane, spesielt i dei store byane, er alt for dårlege til å sørge for at det vert bygde fleire bustadar.

Snortheim meiner ein kan innføre så mange skattar som ein berre vil utan at det fører til at bustadprisane går ned.

– Dersom det skal verte lettare for unge å kome seg inn på bustadmarknaden må det verte bygd fleire bustadar i områda der folk vil bu, og det må løne seg å spare.

Unge Høgre-nestleiaren meiner det òg kan vere nødvendig å sjå på eigenkapitalskravet for førstegongskjøparar, men peikar på at dersom alle får tilgang til meir lån, så er ein jo like langt.

– Arbeidarpartiet styrer alle dei store byane i Noreg, og har svikta oss unge med å ikkje sørgje for at det vert bygd fleire bustadar, seier Snortheim.


Alberte Bekkhus, Raud Ungdom: – For mange er bustaddraumen berre ein draum

Eig eller leiger du? – Leiger.
Kven bur du med? – Bur med tre andre. Eg flytta nettopp inn og kjente dei ikkje frå før av.
Kor mange kvadratmeter bur du på? – I annonsen stod det at rommet var 10 kvm, men storleiken på leilegheita aner eg ikkje!
Kva betalar du i husleige/lån i månaden? – 4.800 kroner! Eg er sjukt heldig med leiga.
Er straum, internett eller tv inkludert? – Veit ikkje, flytta nettopp inn og gløymde å sjekke.
Får du finansiell støtte frå foreldre? – Har fått det nokre få gongar i krisetilfelle, om alternativet var å ikkje betale leige eller ha mat på bordet.

Alberte Tennøe Bekkhus, leiar i Raud Ungdom. Foto: Ihne Pedersen

Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus har nettopp flytta til nytt kollektiv på St. Hanshaugen i Oslo. I forkant forhøyrde ho seg i Facebook-grupper og med vennar, men leilegheita ho ende opp i fann ho på Hybel.no:

– Etter å ha sendt det som kjennest som 1.000 meldingar til annonsar der, fortel ho på e-post til Framtida.no.

Hennar viktigaste buerfaring så langt er kor viktig det er med gode vaskelister og god kommunikasjon:

– Men det som har prega meg mest, var då eg ein periode berre tente nokre få lappar meir i månaden enn husleiga låg på, skriv ho og legg til:

– Då var det ordentleg trongt. Det er ikkje gøy å vere fattig.

– Ein politikk for folk, ikkje for bustadhaiar

Bekkhus flytta heimanfrå første gong som 18-åring, og målet er å eige eigen bustad innan ho er 30 år.

– Korleis vil du skildre bustadmarknaden i Noreg i dag?

– Skyhøge prisar, vanskeleg å kome inn, gentrifisering – samstundes lir distrikta av fråflytting. Det er mangel på politikk, og det er unge folk og folk med lite pengar som betalar den høgaste prisen for dette, seier Bekkhus og held fram:

– For mange er bustaddraumen berre ein draum, og ikkje noko som står fram som realistisk å oppnå, med mindre ein vinn i Lotto eller har foreldre som kan hjelpe.

Raud Ungdom-leiaren meiner dagens bustadmarknad held oppe og forsterkar Forskjells-Noreg, noko vi ikkje kan godta.

For å sikre unge tilgang til bustadmarknaden, meiner ho at det er særleg tre hovudgrep som peikar seg ut: ein tredje, ikkje-kommersiell bustadsektor, der bustadar vert selde og kjøpte til kostpris; høgare skatt på sekundær-, tertiær- og oppover-bustadar; og i tillegg regulering av leigemarknaden.

– Men det viktigaste er å få bukt med bustadspekulasjon og synet på bustadar som investeringsobjekt, ikkje noko menneske treng, slår Bekkhus fast.

Ho etterlyser ein bustadpolitikk som jamnar ut forskjellar og har som mål at alle skal ha eit godt tak over hovudet:

– Ein politikk for folk, ikkje bustadhaiar.


Denne saka er del av eit Fritt Ord-støtta prosjekt om unge på bustadmarknaden.
Har du tips til saker? Send ei direktemelding på Instagram eller ein e-post til tips(a) framtida.no! 


Ådne Bakken (20) fekk ikkje studentbustad, og måtte finne husrom privat, medan Merita Fjetland er bustadsaktivist i aktivistkollektivet Reduser husleia. Begge foto: Privat. Kollasj: Framtida.no