Valt til tidenes yngste president i Chile – lovar å kjempa mot store forskjellar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Venstreorienterte Gabriel Boric vann presidentvalet i Chile med kring ti prosentpoeng over den konservative populisten José Antonio Kast, ifølgje BBC.

Boric var ein av leiarane av studentdemonstrasjonane i Chile som byrja i 2011. Han er no valt til president etter to periodar i parlamentet.

– Me er ein generasjon som dukka opp i det offentlege livet og krev at rettane våre skal respekterast som rettar, og ikkje blir behandla som forbruksvarer eller ei bedrift, sa Boric framfor ei stor folkemengde i hovudstaden Santiago de Chile, ifølgje The Guardian.

– Me vil ikkje lenger tillata at dei fattige fortset å betala prisen for forskjellane i Chile, heldt han fram.

Mange tusen tilhengarar av Gabriel Boric samla seg til feiring i sentrum av hovudstaden Santiago 19. desember. Foto: NTB / AP Photo/Matias Delacroix)

Store forskjellar

Boric har lova at han vil innføra ei ungdomsleia form for inkluderande regjering i arbeidet mot fattigdom og forskjellar. Han vil òg avslutta det private pensjonssystemet i Chile – ein del av den nyliberale arven frå den tidlegare diktatoren Augusto Pinochet.

Chile er eit av landa i verda med størst forskjellar, ifølgje FN. 1 prosent av befolkninga står for om lag 25 prosent av inntektene. I hovudstaden er det til dømes enkelte private motorvegar som er opne for berre innbyggarane i dei rikare delane av byen, ifølgje FN.

Gabriel Boric feira valsigeren med ein sjølvi saman med nokre av tilhengarane sine. Foto: NTB / AP Photo/Luis Hidalgo

Polarisert

I 2019 braut det ut store nye store protestar i Chile etter ein auke i prisane på t-banen i hovudstaden. Dei store forskjellane i landet har vore ei hovudsak i valkampen.

Store forskjellar er det òg i politikken, som er sterkt polarisert.

Den konservative kandidaten José Antonio Kast (55) tapte presidentvalet i Chile. Foto: CC0-lisens

Høgresida i politikken har gått til val med løfte om lov og orden. José Antonio Kast blir av fleire karakterisert som ein Trump-kopi, og har fleire gonger forsvart politikken til Pinochet. Bror hans var ein av dei viktigaste rådgjevarane til Pinochet, medan far deira var eit tidlegare medlem av det tyske nazipartiet, ifølgje DW.

José Antonio Kast gjekk i natt ut på Twitter og aksepterte valnederlaget.

– Tidene framover vil ikkje vera enkle, sa Boric søndag.

– Berre med sosial samhørsle, der me igjen finn oss sjølve og deler felles grunnlag, vil me vera i stand til å avansera mot ei verkeleg berekraftig utvikling – som når kvar chilenar.


Foto frå ein forlaten kokosnøtt-plantasje i East Point på Diego Garcia. Foto: Offentleg eigedom/Wikimedia Commons