17 demokratiske kongress­medlemmar arresterte under ein abort-protest i USA

Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 07.11.2022 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag blei 17 kongressmedlemmar frå Det demokratiske partiet i USA arresterte i samband med ein protest mot høgsterett si oppheving av den føderale retten til abort. Dette melder mellom anna The Guardian.

Protesten tok form som ein aksjon med sivil ulydnad. Aksjonistane blokkerte ein bliveg i nærleiken av høgsterett. Det heile skal ha gått fredeleg for seg.

Demonstrantane fekk tre åtvaringar frå politiet om at dei måtte flytta på seg, før arrestasjonane byrja.

– Me vil ikkje la dei vinna

– Det er ikkje noko demokrati viss ikkje kvinner har kontroll over kroppane sine og sjølv kan ta avgjersler om deira eiga helse, seier kongresskvinna Carolyn B. Maloney i ei pressemelding. Ho deltok i protesten og blei arrestert.

– Det republikanske partiet og ekstremistane på høgresida bak avgjersla er ikkje for liv. Dei er for å kontrollera kroppane til kvinner, jenter og alle som kan bli gravide. Målet deira er eit føderalt forbod mot abort. Me vil ikkje la dei vinna.

– Å røysta i val er eit absolutt minimum

Også venstreside-ikonet Alexandria Ocasio-Cortez var blant dei som blei arrestert. Etter avgjersla i høgsterett i juni sa ho at det var naudsynt å fylla gatene med demonstrantar for å igjen kunna sikra retten til abort.

– Dette er ikkje noko me får til i løpet av ein dag eller eit val eller eit år. No må me fylla gatene. Å røysta i val er eit absolutt minimum, sa Ocasio-Cortez ifylgje The Huffington Post.


Demonstrantar samla seg framfor høgsterett dagen retten til abort etter grunnlova vart oppheva. Foto: Ted Eyton/ Flickr/CC BY-SA 2.0