«Eg følte meg ikkje trygg før London, og eg gjer det ikkje no»

Cecil Etta (26)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Media og samfunnet er meir opptekne av at folk skal ha rett til å hate, enn at vi skal ha retten til å leve.

Det er så tydeleg i måten ein del medium snakkar om dette, at folk ikkje har peiling på kva dei seier. Når dei seier «bar for homofile» eller til og med «homsebar». 

Ikkje bruk ordet homofile når det er heile den skeive rørsla dette var eit åtak mot. Den skeive rørsla er mangfaldig og nettopp det – skeiv. Kan media slutte å snakke om dette som om det handlar om kjærleik, om homofile?

Media har gjort våre identitetar til ein debatt

Det handlar om identitet, og det finst så mange skeive identitetar som bryt med til dømes normer som kjærleik. Vi må slutte å sentrere sex som om dette gjer oss alle like.

Spesielt når media som rapporterer har egga folk transpersonar dei siste åra.

Skeive har alltid eksistert, transpersonar har alltid eksistert, så det er ikkje noko nytt.

Media har gjort oss og våre identitetar til ein debatt. Dei har gjeve makt til transfobar og folk utan kunnskap lov til å debattere vår rett til å eksistere.

Outsider

Dette handlar om normer. Samfunnsnormer som held oppe maktstrukturar. Som gjer deg til outsider om du fell utanfor cis-het-amato-alo-neurotypiske normer.

Og folk misforstår poenget når dei seier «retten til å elske den ein vil». Dette er tomme ord.

Første problemet er jo at «love is love» ikkje inkluderer alle som er skeive. Frå transpersonar til menneske som fell utanfor det mange kallar kjærleik – personar som ikkje kjenner seksuell attraksjon eller romantisk attraksjon.

Folk meiner aldri det med «love is love», fordi kjærleiken fell utanfor det samfunnet anerkjenner som «å elske». 

Retten til å gifte seg med kven ein vil betyr ingenting om samfunnet likevel ser skeive som «ikkje vanlege» og annleis.

Retten inkluderer ikkje alle skeive eingong i fleire land mister personar med funksjonsnedsetjingar stønaden sin om dei skal gifte seg. Og det er mange skeive som har ei eller anna funksjonsnedsetjing.

I tillegg viser historia at skeive har vore aksepterte gjennom ulike tidsaldrar, og så mista rettane våre i samfunnet. Det at det vert framskritt er ikkje gitt.

Eg kjenner alltid på å føle meg utrygg

Endå det her gjorde meg «mindre» trygg, så kjenner eg alltid på å føle meg utrygg.

Politi som går rundt med våpen gjer meg ikkje trygg. Det var politiet som opp igjennom tida mishandla oss skeive.

Aviser trykker «debattar» om at transpersonar er «forvirra», umenneske, eller korleis cis-hetero-personar oppfattar transpersonar utan at dei nokon gong har møtt ein transperson.

Folk er opprørte over at det forenkla dei lærte om kjønn i åttande klasse ikkje stemmer overeins med realiteten, og så går dei til åtak på transpersonar som om vi er ein stor og skummel majoritet mot dei stakkars cis-personane.

Det er oss transpersonar, oss skeive, som er i fare. Som er ofra for hatkriminalitet.

Å verte spytta på, kalla skjellsord av folk på gata og politikarar. I same pust som dei seier at «homse» framleis vert brukt som skjellsord, så snur dei seg rundt og seier t-sluret.

Det er media, politikarane og samfunnet som spreier hatet mot oss skeive, ikkje minoritetar som allereie har det vanskeleg.

Det er ikkje «dei» mot oss. «Dei» som er annleis enn oss. Det er ikkje psykisk sjuke, ikkje muslimar, ikkje innvandrarar, men samfunnet, media og dei med makt som ikkje har kunnskap og som brukar identitetane våre, liva våre, for å tene pengar, polarisere folket. Eggar folket på oss.

Og det er veldig klart at verken media eller politiet skjønar korleis det skeive miljøet funkar og kva vi treng.

«Sånn er jo ikkje alle»

Når eg har prøvd å fortelje ikkje-skeive om denne utryggleiken eg kjenner på no og før skyteepisoden, når eg snakkar om regnboge-flagga som vert rivne ned og brent, eller hus øydelagde og menneske banka opp og spytta på – så får eg kommentarar som «fleirtalet er ikkje sånn». «Sånn er jo ikkje alle.»

Det tok ein person med våpen i ei gate full av våre fargerike folk, det tok ein mann radikalisert av hatet som har vorte spreidd både av store medium, aviser, TV. Til å ta to liv, til å endre 21 andre.

Når vi skal snakke om skeive no – sei skeiv, ikkje homofil. Det skeive miljøet består ikkje berre av kvite, homofile menn. Kvar gong eg høyrer nokon seie «love is love» eller «rett til å elske», så vert eg, og mange andre eg kjenner, usynleggjort.

Eg er sliten. Eg må konstant kjempe for min eksistens både som skeiv, som funksjonsnedsett, som ikkje-neurotypisk, som innvandrar.

Queerfobi og xenofobi er standard i livet mitt, og eg er sliten. Og det er mange.

Og vi er leie av at minoritetsstresset vårt vert snakka ned til vanleg. Og til og med når noko sånt skjer, så vert det snakka ned.

Eg har ikkje følt på støtte frå nokon andre enn skeive.


Påtroppande leiar i Skeiv Ungdom Jane-Victorius Bonsaksen kjem frå vervet som politisk nestleiar. Det som skulle bli ei historisk Pride-feiring vart i staden eit traume for LHBTQIA-miljøet. Foto: Andrea Nøttveit