Søknadsfristen for høgare utdanning nærmar seg
Årets studiejakt byr på rekordmange studieplassar. Onsdag denne veka går fristen ut for å søkje høgare utdanning gjennom Samordna opptak.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I år blir det tilbode 74.741 studieplassar ved fagskulane, høgskulane og universiteta i landet, ifølgje Samordna opptak. Dette er marginalt fleire enn i fjor, men like fullt ny rekord.
– Det er mange spennande utdanningar å velje for dei som no skal byrje å studere, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) til NTB.
– Det er jo sjølvsagt viktig å velje noko ein vil, samtidig vil eg tilrå å setje seg inn i kva samfunnet treng og som gir ein trygg og god jobb, legg han til.
- Les også: Oppmodar unge til å velje olje-utdanning
Frist på onsdag
Fristen for å søkje går ut onsdag 20. april klokka 14. For dei som har søkt på universitet eller høgskule, kan ein framleis byte om på rekkjefølgja på studieretningane ein har søkt heilt fram til 1. juli.
For dei som har søkt fagskule, kjem søknadssvaret allereie 20. mai med frist om å svare 27. mai. For universitet og høgskular er svaret klart 20. juli, medan svarfristen er 24. juli.
Årets søkjartal blir publisert 27. april. I fjor søkte 154.088 personar om opptak til høgare utdanning via Samordna opptak, ein auke på 2,2 prosent frå året før. Tekniske problem på grunn av for mykje pågang i timane før fristen gjekk ut, førte til at fjorårets søknadsfrist vart utvida med 12 timar.
Mangla 13.000 med fagskuleutdanning
Årets studieplassar er fordelte på 1.760 studium ved fagskular, høgskular og universitet.
1.317 av studiane er ved 27 universitet og høgskular, medan 24 fagskular tilbyr 443 studiar. 2022 er tredje året med fagskuleopptak ved Samordna opptak.
Fleire søkjarar burde få auga opp for utdanningsmoglegheitene i fagskulane, meiner viseadministrerande direktør i NHO. Ho peikar på at fagskule var det utdanningsnivået der NHO-bedrifter mangla flest folk i fjor.
– Denne mangelen var på nesten 13.000 nytilsette. Det viktigaste er likevel at ungdommen har brukt påska godt til å søkje på internett, snakke med kjende og gjere seg opp ei meining om kva dei vil studere, seier Hauglie til NTB.
Klima og IKT
Ho trekkjer òg fram grøn kompetanse og IKT-kompetanse (informasjons- og kommunikasjonsteknologi) som etterspurde fagområde blant NHOs medlemsbedrifter.
– Meir enn halvparten av bedriftene våre oppgir at kompetansebehova deira i stor eller nokon grad blir påverka av klima- og miljøomsyn.
I tillegg oppgir nær halvparten av NHO-bedriftene at dei har eit udekt behov for IKT-kompetanse.
– Dette gjeld både digital spisskompetanse og breiddekompetanse. NHO oppmodar derfor fleire til å søkje seg til IKT-studium. Og alle bør tenkje på korleis studievalet også gir digital kompetanse innanfor det studiet ein vel.
- Framleis usikker på kva du skal gjere? Gjer som Bollestad og trekk lodd!