Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) vender seg direkte til unge som framleis er usikre på kva utdanning dei skal velje, og ber dei om å vurdere petroleumsnæringa som framtidig arbeidsplass, skriv NRK.
Fristen for å søke på plass til høgare utdanning i Samordna opptak for det komande studieåret, 2022–2023, er 20. april.
Tal frå Kunnskapsdepartementet viser ein nedgåande trend dei siste ti åra. I 2013 var det 7.434 søkjarar på studieprogram som handlar om olje og gass. I fjor var talet 1.427.
– Nesten uansvarleg

– Eg synest oppfordringa frå statsråden er kortsiktig og nesten uansvarleg, seier 1. nestleiar i Natur og Ungdom Simon Balsnes.
Han viser til rapporten frå FNs klimapanel.
– Han gir tydeleg åtvaring om at investeringar i olje og gass kan bli verdilause. Det er viktig at unge utdannar seg for framtidas løysingar, seier Balsnes.
