Johannes (19) vil bli sjukepleiar, men først må han ta opp fag

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg veit allereie at snittet mitt ikkje er høgt nok, så eg går inn for å forbetre det, seier Johannes Trommestad på telefon til Framtida.no.

19-åringen har det siste året gått på linja Adventure Action Sport på Solborg folkehøgskule i Stavanger, og har brukt året på å kome fram til kva utdanning han skal søkja.

– Det er så uendeleg mange val å kunne velje mellom. Det er mest i løpet av dette skuleåret eg har funne ut kva eg vil, forklarar Trommestad.

Arendølen drøymer om ei framtid som sjukepleiar og har sett seg ut Høgskulen på Vestlandet. I fjor var poenggrensa for å kome inn på sjukepleien ved HVL i Bergen på heile 53,4 for ordinært opptak. Det betyr at ein må ha eit karaktersnitt på 5,4 eller eit lågare snitt med diverse tilleggspoeng.

Omsorgskvardag

Sjukepleiarar er eit av yrka me kjem til å trenge fleire av i framtida. Ledigheita i yrket er låg og ifølgje SSB vil me mangla 28.000 sjukepleiarar i 2035.

Trommestad kan difor sjå fram til ein sikker arbeidskvardag etter enda utdanning.

19-åringen er svært nøgd med valet om å gå på folkehøgskule under koronaåret og håpar å få utvida opphaldet med ei stipendiatstilling, som han vil kombinera med å ta opp fag.

Trommestad har høyrt om fleire som vil søkja sjukepleien, men det er ikkje dei trygge jobbutsiktene som har fått 19-åringen til å velja sjukepleie.

– Eg har alltid vore eit veldig omsorgsmenneske. Eg føler at det er noko eg kan jobbe med resten av livet: Å hjelpe andre, seier Trommestad.

Illustrasjonsfoto: Zhen Hu/Unsplash/Privat.

Fleire sjukepleiarutdanningar på topplistene

Han er langt frå åleine. Talet på søkjarar til sjukepleieutdanninga auka i 2020 med nesten seks prosent frå 2019. Det kom etter at utdanninga fekk ein nedgang i 2019, noko som vert sett i samanheng med det nye karakterkravet. Frå og med 2019 må nemleg søkjarar til sjukepleien ha karakteren 3 eller betre i matematikk og norsk.

Men i koronaåret 2020 gjekk sjukepleien fram og kom på tredjeplass over dei mest populære utdanningsområda med heile 13 563 søkjarar til 5150 studieplassar.

For å kome inn på sjukepleien i Tromsø, som hadde det høgaste snittet, måtte søkjarar i fjor ha heile 56,6 poeng, ifølgje fagbladet Sykepleien.

Både NTNU, Oslomet og Høgskulen på Vestlandet sine sjukepleiarutdanningar kom på topp ti-lista over studia med flest søkjarar som hadde utdanninga som førsteval, viser tal frå Samordna opptak.

Nestleiar i Norsk Sykepleierforbund Student, Kent Hanssen, meiner årsakane til den aukte interessa for sjukepleie er samansett. Foto: Privat

NSF Student: – Sjukepleie er eit sikkert yrke

– Eg vil tora å påstå at ingen andre yrke er blitt så synlege som det sjukepleie har, og dette trur eg vil speglast i søkjartala.

Nestleiar i Norsk Sykepleierforbund Student Kent Hanssen gjev koronapandemien hovudæra for den auka synlegheita til yrket, men tenkjer at dei gode søkjartala og høge poenggrensene for å kome inn seier noko om at statusen og etterspurnaden til utdanninga har auka.

– Sjukepleie er eit sikkert yrke, kor ein er garantert jobb. For mange er nok denne tryggheita det dei er ute etter, skriv Hanssen i ein e-post til Framtida.no.

Han gler seg òg over at stadig fleire menn veljer sjukepleie, noko NSF Student har jobba med gjennom kampanjen «Mann Kan Bli Sykepleier».

Løn og kjønnsbalanse

Kvinnedelen i sjukepleiaryrket er høg, noko som ikkje ser ut til å endre seg betydeleg med det første. Dei to føregåande åra har nemleg kvinnedelen på studiet vore på 84 prosent.

Ved sjukepleieutdannngane ved Universitetet i Agder og Lovisenberg diakonale høgskole får menn i tillegg to kjønnspoeng for å bøta på ubalansen.

At han går inn i eit kvinnedominert yrke har ikkje Trommestad tenkt nemneverdig over. Han får heller ikkje mange reaksjonar, og dei som kjem er positive.

– Har løn hatt noko å seia for yrkesvalet?

– Før var det kanskje litt sånn, men no tenkjer eg berre at det er ein ting eg kan like å jobbe med. det handlar meir om å kunne vere lykkeleg med den jobben eg har, eller kjem til å få.


Helsesjukepleiarstudentane Ørjan Bergfalk og Carlos Landberg har berre positive erfaringar med å vere menn i helsevesenet. – Pasientar antar gjerne at du er veldig flink, utan at du har fortent det – altså heilt i starten.