Ifølgje undersøkinga meiner 29 prosent av norske studentar at jobbutsiktene ser verre ut no. Ni prosent meiner dei ser mykje verre ut, skriv Universitas.

Arbeidslivsforskar og NHH-professor Kjell Gunnar Salvanes meiner at studentane har ein reell grunn til å vere bekymra for framtidig arbeidsliv.
– Det vi fann i studiane våre, er at dei som gjekk inn i arbeidslivet i nedgangstider, hadde mellom fem og ti prosents reduksjon i lønn òg over lang tid, seier Salvanes.
Halvparten av dei spurde studentane meiner jobbutsiktene er som før, medan 11 prosent meiner dei har vorte betre eller mykje betre.
Les også: 9 av 10 elevrådsleiarar er uroa over kva koronatida gjer med framtida til unge
