Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Olaug Bollestad (60) var 20 år budde ho på hybel i Stavanger første halvdelen av året. Fram til sommaren 1981 jobba ho som ungdomsarbeidar.

– Eg var utruleg mykje på leir. Rideleir for barnevernsbarn, båtleir og fjellvandringsleir. Og så besøkte eg mange lokallag, fortel ho i ein e-post til Framtida.no.

Særleg eitt augneblikk frå leir-åra sit friskt i minnet til Bollestad, nemleg då ho såg ein gut – som eigentleg var ganske tøff – falle av ein hest på rideleir.

– Då såg eg korleis hestar forstår. Eg tok leiarhesten og sette guten oppå henne. Då skjønte hesten at ho hadde ein redd gut på ryggen, og i staden for å hoppe over steinar og hinder i terrenget, gjekk hesten rundt. Det gjorde at hesten bygde opp sjølvtilliten til guten. Samspelet mellom dyr og ungar såg eg klart den gongen.

Instagram-stjerna

I dag kjenner me henne som politikar og partileiar i KrF (Kristeleg folkeparti). På tidleg 2000-talet vart ho med i KrF, og i 2007 vart ho ordførar i Gjesdal kommune. Ho har vore valt inn på Stortinget sidan 2013. I 2019 var ho landbruksminister i Erna Solberg si regjering, og har også vore barne- og familieminister.

Om du ikkje er så politikk-bevandra kjenner du henne kanskje best frå TV-serien Sofa, eller frå Instagram – der ho faktisk har over dobbelt så mange følgjarar som statsminister Jonas Gahr Støre.

 

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Olaug Vervik Bollestad (@olaugjohanna)

Bibelskule og Oslo-bursdag

Tilbake til hybeltida i Stavanger, såg ho ikkje mykje på TV – for det hadde ho ikkje på hybelen.

– Men eg las mykje. Anne Franks dagbok gjorde sterkt inntrykk.

Frå hausten til våren flytta ho til Oslo for å gå på bibelskule, og 20-årsdagen hugsar ho godt.

– Då budde eg i Oslo og hadde fått kake tilsendt i posten heimanfrå, og så hadde vi fest på hybelen.

Nabokona Ingeborg

Bollestad vaks opp med ei psykisk sjuk mor, og har tidlegare sagt at ho trur ho hadde blitt henta av barnevernet om det var i dag. Då vart pappaen, og nabokona Ingeborg ekstra viktige.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Den eine var far min og den andre var nabokona Ingeborg. Ho var ikkje den hippaste dama, men ho hadde tid og forklarte meg ting. Så ho har vore eit av dei viktigaste menneska i livet mitt.

Til VG har ho sagt at Ingeborg redda henne, og at heimen hennar vart ein fristad.

– Ho sa gong på gong at mors sjukdom ikkje var mi skuld, og ho påverka meg til å ta utdanning for å kunne stå på eigne bein, sa ho til avisa i mars 2020.

Olaug Vervik Bollestad er utnemnt til ny landbruks- og matminister.
Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Trekte lodd på utdanningsval

Folk og vennskap er noko av det som også står sterkast att i minnet frå tida som 20-åring.

– Eg er oppteken av utdanning, men kanskje endå meir oppteken av dei sosiale relasjonane ein knyter i 20-årsalderen.

– Eg hadde nokre kompisar som betydde mykje for meg då eg var 20 år og i etterkant. Det var vennskap som eg knytte for livet.

Foreldra meinte utdanning berre var tull og at eit sekretærkurs burde halde, men Bollestad ville meir og høyrde på nabokona Ingeborg.

Ho visste ikkje heilt kva ho ville studere, og enda opp med å trekkje lodd då ho skulle velje utdanning.

– Eg søkte på mykje og kom inn på alt. Eg la alt opp i hatten og så trekte eg.

På lappen ho trekte stod det «sjukepleiar».

– Og det har eg aldri angra på.

Rebell-Olaug

Framtida var enno noko ho ikkje tenkte så mykje på, men ho var oppteken av at det ikkje skulle vere eit mål å gifte seg etter vidaregåande – men å gifte seg med den ho ville vere saman med, sjølv om det kunne ta tid.

– Ein som eg både er glad i, og som gir meg rom til å vere Olaug. Eg såg korleis mange gjekk inn i eit ordinært mønster, og det var eg ikkje skapt for.

Om ho hadde møtt seg sjølv som 20-åring hadde ho hatt eitt råd til seg sjølv:

Eg hadde sagt eg måtte vere meir rebell. Litt meir rebell-Olaug. Eg har teke det igjen i vaksen alder, då!

– Det er naturens gang å gjere opprør i ung alder og det er ein god måte å rive seg laus på frå foreldregenerasjonen. Også er det viktig å vere seg sjølv alltid.


Jonas Gahr Støre før og no. Foto: Lise Åserud / NTB