Hiqmat Saani jobbar for at digitaliseringa skal koma kvinner til gode. Ho håpar også at det vil gje ungdom i Ghana meir makt.

Magnus Rotevatn
Publisert

Hiqmat Saani (23) frå Ghana er sterkt engasjert i levekåra til kvinner og jenter, særleg i heimlandet Ghana.

Framtida.no møter ho på Plan International Norge sine kontor i Oslo. Ho er i Noreg for å delta på konferansen World Expression Forum.

Saani driv organisasjonen Paahibu Space. Ho fortel at paahibu betyr inkludering.

– Det handlar om å styrkja handlekrafta til kvinner og jenter i miljø kor dei er underrepresenterte, spesielt ynskjer me at kvinner skal delta som likeverdige i den digitale økonomien.

Saani fortel at kvinner er viktige aktørar i den ghanesiske økonomien.

– Små bedrifter i uformell sektor eigd av kvinner utgjer ryggrada i Ghana sin økonomi. Men dessverre så manglar mange av desse nettverk og ressursar som kan støtta dei.

Digitale løysningar har blitt stadig viktigare i kjølvatnet av pandemien. Målet med Paahibu Space er å gje kvinner opplæring i teknologi og digital kompetanse.

Digital misogyni

– Digitale plattformer aukar hatet mot kvinner. Til dømes så blei ei jente som eg kjenner utsett for mykje mobbing då ho fortalde på Facebook at ho sleit med menssmerter, fortel Saani.

Også Gloria Abena Ampim trur at sosiale medium kan ha gjort kvinnehat til eit større problem. Ho er postdoktor ved Høgskulen på Vestlandet og har mellom anna forska på kjønnsroller i Ghana.

Gloria Abena Ampim er postdoktor ved Høgskulen på Vestlandet. | Foto: Eivind Senneset/UiB

– Sosiale medium har blitt til ei plattform for spreiing av sexistiske kommentarar og haldningar, skriv Ampim i ein e-post til Framtida.no.

Både Saani og Ampim meiner at Ghana slit med kjønnsdiskriminering.

– Det verkeleg problemet er at den systematiske undertrykkinga ofte er så sterk at både menn og kvinner internaliserer ho som naturleg. Dette kjem mellom anna til syne gjennom at partnarvald ofte blir avskrive eller rettferdiggjort med å skulda på respektlause kvinner, skriv Ampim.

Blir sett på som arrogante

Ampim fortel at under sin eigen oppvekst i Ghana opplevde ho fleire formar for kjønnsdiskriminering. Ho fortel at gutar som regel blir sett på som smartare, meir intelligente og naturlege leiarar.

Saani fortel også om liknande opplevingar.

– Viss ein mann har sjølvtillit blir folk imponerte, men dersom ei kvinne har sjølvtillit seier folk at ho er arrogant, seier Saani.

Saani meiner at eit viktig likestillingstiltak er å gje jenter utdanning. Ho seier at dette er endå viktigare i ei digital verd kor ein må klara å skilja mellom falsk og sann informasjon. Utdanning bidrar også til at kvinner blir sjølvstendige, og ikkje økonomisk avhengige av menn.

– Det er ikkje nok at ein berre er fysisk til stades på skulen og at skuleplassane finst. Kvaliteten på undervisninga er ofte urovekkjande. Tenåringsgraviditetar fører òg til at mange droppar ut før dei byrjar på vidaregåande, seier Saani.

Dårleg tilgang på bind og tampongar held også jenter borte frå skulebenken.

– Me er leie av systemet

Sanni fortel at ho synest det er vanskeleg å driva aktivisme i Ghana.

– Det er vanskeleg å få tilgang til politikarar og avgjerdstakarar med mindre du har band til desse. Sånn burde det ikkje vera. Styresmaktene bør vera til for alle.

Ho seier at særleg dei som kjem frå ein låginntektsbakgrunn eller marginaliserte område ikkje er representerte. I tillegg meiner ho at unge i Ghana som ytrar seg ofte blir stempla som arrogante.

Ghana blir rekna for å vera eit demokrati, men det politiske systemet har vore dominert av to parti som fører relativt lik politikk. Saani trur difor ikkje at ein kan sjå til politikarane i håp om endring.

– Me er leie av systemet. Me vil ha endring. Leiarane våre skuffar og sviktar oss. Det er gjeld også FN-systemet. Unge er sjølve nøydde til å finna løysningane.

Spreier propaganda på sosiale medium

Ifylgje Saani så påverkar digitaliseringa det ghanesiske samfunnet på både godt og vondt. Ho trur at fjorårets president- og parlamentsval blei avgjort på sosiale medium.

– Sosiale medium spelte ei viktig rolle i valet. Det blei brukt av partia til å driva valkamp og spreia propaganda.

● Les også: Ibrahim Traoré – diktatoryndling på internett

Saani er uroleg for kva som skjer med dataa som blir samla inn av dei store teknologiselskapa og fryktar at dei samarbeider med styresmaktene. Og falske nyhende, deepfakes og anna KI-generert innhald prega valkampen i fjor.

Ho trur likevel at sosiale medium er eit nyttig verktøy i den viktigaste politiske kampen for ghanesisk ungdom – å halda politikarar og embetsfolk ansvarlege.