Femti år sidan homofili ikkje lenger var forbode

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Finder der utugtig omgjængelse sted mellem personer af mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige eller som medvirker dertil, med fængsel inntil 1 aar», lydde den omstridde paragraf 213.

Noreg var blant dei aller siste landa i Vest-Europa som avskaffa lovforbodet mot sex mellom menn etter ein lang prosess der ein diskuterte både skjerping og avskaffing av lova.

Heilt til 1972 kunne norske menn bli tiltalte og straffeforfølgde på same måte som ein vart dersom ein hadde sex med dyr – gitt at påtalemakta meinte det var nødvendig ut frå «almene hensyn».

I Danmark vart ei tilsvarande lov oppheva allereie i 1932.

– Første siger

Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, FRI, var i si tid den mest markante organiserte stemma i kampen mot homofili-paragrafen. Den gong heitte foreininga Det norske forbundet av 1948, forkorta DNF-48.

Få torde å stå fram med namn og ansikt før lova vart avskaffa, men ei av dei viktigaste stemmene var tidlegare DNF-48-formann Kim Friele.

– Avskaffinga av lova var den første store sigeren i homokampen i Noreg, som sikra ei heilt anna openheit for homofile og lesbiske flest. Samtidig bana det veg for kampane som fann stad i etterkant, seier FRI-leiar Inge Alexander Gjestvang til NTB.

Først fem år seinare avskaffa Norsk Psykiatrisk Forening homoseksualitet som sjukdomsdiagnose, og først i 1982 fjerna Sosialdepartementet homofili som sjukdomsdiagnose. Seinare kom også diskrimineringsvern for homofile, partnarskapslov og felles ekteskapslov.

– Opphevinga av lova gav inga betring over natta. Når det har vore kriminelt og så mykje skam og stigma knytt til det å vere homofil, tek det tid før samfunnet endrar seg og kjem dit vi er i dag. Men det var ein døropnar for 50 år med open homokamp og fleire sigrar, seier Gjestvang.

Kulturministeren taler

2022 er døypt «Skeivt kulturår», og Nasjonalbiblioteket markerer 50-årsdagen for opphevinga av lova med eit tettpakka program. Skeivt arkiv og Nasjonalmuseet står også som medarrangørar.

Under «Kriminell kjærlighet – kampen mot paragraf 213», skal mellom anna kulturminister Anette Trettebergstuen halde tale, og det blir også djupdykk i historia både med foredrag om forbodet mot sex mellom personar av same kjønn fram til slutten av 1800-talet, og dessutan om paragraf 213.

FRI har også invitert til ei eiga markering på Eidsvolls plass i Oslo frå og med klokka 17 den 21. april. Der blir det appellar frå fleire skeive organisasjonar, frå tidlegare professor Halvor Moxnes ved teologisk fakultet ved UiO, stortingspresident Masud Gharakani og leiar Christian Lomsdalen i Humanetisk forbund.

– I tillegg har vi fylkeslag over heile landet som held arrangement i Bergen, Stavanger, Kristiansand og Trondheim, for å nemne nokre stader, seier Gjestvang.

For 50 år sidan var Pride-parade utenkjeleg. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Fleire kampar står att

Sjølv om mange kampar er vunne dei 50 åra som er gått sidan avskaffinga av paragraf 213, meiner Gjestvang det framleis står att nokre slag.

Han trekkjer mellom anna fram forskjellsbehandlinga av homofile og heterofile blodgivarar og dessutan såkalla konverteringsterapi, som framleis ikkje er forbode.

– I tillegg er ein tredje juridisk kjønnskategori ei viktig sak, og det same gjeld behandlingstilbod for transpersonar og dei som har kjønnsinkongruens, seier Gjestvang.

– Ferske livskvalitets- og levekårsundersøkingar viser at det er nokre grupper som framleis kjem mykje dårlegare ut enn andre. Bifile og transpersonar har store levekårsutfordringar mellom anna når det gjeld kor utsette dei er for seksuelle overgrep. Sjølv om pila går den rette vegen, er det mange innanfor den skeive familien som har kampar igjen, seier FRI-leiaren.

Helene Lunder Eriksen jobbar i Paulus kyrkje på Grünerlokka, og studerer teologi på Universitetet i Oslo. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg