Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har sett meg lei på at konservativt religiøse menneske skal kunne få rakke ned på, mobbe og diskriminere skeive, utan at dette bryt norsk lov, uttalar han i ein e-post til Framtida.no.

Stortingspolitikar Kim Thoresen-Vestre (SV) reagerer på at friskular har høve til å forskjellsbehandle skeive tilsette – med lova på si side.

Ifølgje Likestillings- og diskrimineringslova er det forbode å diskriminere på bakgrunn av seksuell orientering, men ein paragraf gjev likevel friskular rett til å forskjellbehandle.

Det var Sandefjords blad som først omtala saka.

Tilsette må vere «lojale»

Grunnen til at Thoresen-Vestre tar opp temaet, er ei utlysing frå den kristne friskulen Gjennestad videregående, som 21. mars la ut ein stillingsannonse på Finn.no, der dei søkjer lærarar.

I utlysingsteksten står det mellom anna at «ansatte må være lojal mot Normisjons verdidokument».

I Normisjon sitt verdidokument står det mellom anna at «det livslange ekteskap mellom én mann og én kvinne er utgangspunktet for familien og rammen for det seksuelle samliv».

Normisjon er ein konservativt kristen organisasjonen, som også eig 27 andre skular i Noreg, mellom anna NLA Høgskolen og seks andre vidaregåande skular, i tillegg til Gjennestad VGS.

Skjermdump frå Normisjon sitt verdidokument.

Politikar Thoresen-Vestre (SV) reagerer på korleis dette påverkar skeive sine høve til å arbeide på Gjennestad VGS og andre skular Normisjon eig, og har sendt spørsmål til kunnskapsministeren om praksisen.

«Ved å vise til skolens verdidokument, slipper ledelsen ved skolen å skrive klart og tydelig at f.eks. homofile og lesbiske ikke kan søke på stillingen», skriv han mellom anna i spørsmålet.

Normisjon: – Vi spør ingen om legning

Overfor Framtida.no avviser derimot både rektor Kristin Sanna Kihle og generalsekretær i Normisjon, Kjetil Vestel Haga, at det er tilfelle:

– Vi spør ingen om legning ved tilsetting. Ein homofil eller lesbisk vil difor verte vurdert på lik linje med andre søkarar, uttalar Kjetil Vestel Haga til Framtida.no.

Til Sandefjords blad seier han at han ikkje kjenner seg att i påstandane frå Vestre.

Normisjon-leiaren ville ikkje svare på Framtida.no sine spørsmål over telefon, berre skrifteleg på e-post.

Haga uttalar at Normisjon som organisasjon anerkjenner at menneske  også kristne  kan «kome til ein annan konklusjon» enn at ekteskap er mellom éin mann og éi kvinne:

– Eg skjønar at det kan opplevast vanskeleg å arbeide i ein organisasjon som er kritiske til dei livsvala du gjer. Vi ønsker at våre skular skal vere opne for alle. Alle vert ønska velkomne uavhengig av livsstil og legning, skriv han vidare.

– Samstundes er det viktig for oss at tilsette som arbeider for oss, veit kva vi står for slik at dei kan representere oss og vårt verdigrunnlag på ein kjærleg og god måte når dei møter elevane. 

Lik verd, men ulike mogelegheiter for arbeid?

Kjetil Vestel Haga, generalsekretær i Norsmisjon. Foto: Inga Lill Nord Nyvoll/Normisjon

– De skriv i verdidokumentet at alle menneske er like mykje verd uavhengig av legning, likevel anerkjenner dokumentet berre ekteskap mellom mann og kvinne. Er det skilnad på ein homofil mann som lever ut legninga si, og ein som ikkje gjer det, etter Normisjon sitt syn?

– Alle menneske er like mykje verde uavhengig av legning. Samstundes fastset Bibelen etiske rammer for vårt liv – også for samlivet. Slik Normisjon forstår Bibelen, er ramma for det seksuelle samliv ekteskap mellom ein mann og ei kvinne, svarar Haga og held fram:

– Ein som lever ut legninga si gjennom å inngå eit likekjønna forhold har lik verdi som ein som ikkje gjer det. Forskjellen er at vi då meiner at den som inngår eit likekjønna forhold bryt med Bibelen si rettleiing som ligg til grunn for vårt verdidokument. At liv og lære heng saman, er altså viktig for oss, men våre val endrar ikkje vår verdi.

Tidlegare tilsett: – Kristen på feil måte

Skjermdump frå Eivind Bjørkgård Moe sin Facebook-status. Han har godkjend at Framtida.no gjengjev dette innlegget. Klikk på biletet for å gjere det større.

Eivind Bjørkgård Moe er ein av dei som har kritisert praksisen.

Han har tidlegare vore både elev og tilsett hjå Gjennestad videregående skole, men er i dag rådgjevar hjå Foreningen Fri sitt Rosa kompetanse. Dette er eit prosjekt som vil trygge skular i korleis ein underviser om kjønn og seksualitet på ein inkluderande måte.

Facebook skriv Moe at han hadde fine år ved skulen, men at han slutta i jobben grunna tilsetjingsprosessen.

– Det gjev elevar ei kjensle av at det er noko gale med alle som ikkje identifiserer seg som heterofile, og er ein i tillegg kristen og skeiv, får ein utvilsamt også ei kjensle av at ein er kristen på feil måte, skriv Moe. Framtida.no har fått løyve til å gjengje innhaldet frå innlegget.

Han stiller spørsmål ved korleis praksisen harmonerer med opplæringslova § 9 A, som stadfestar at «alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring». 

FRI har i fleire år sendt førespurnadar til Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet om å gå gjennom denne tilsetjingspraksisen.

– Livsval kan påverke dei jobbmogelegheitene vi får

– Kva signal sender Normisjon-skular til skeive elevar om dei nektar å tilsette lærarar på bakgrunn av deira seksuelle orientering?

– Det er altså ikkje slik at vi ikkje tilset skeive, poengterer generalsekretær Haga, før han held fram:

– Vårt mål er at alle elevar opplever å verte akseptert for den dei er og at dei vert respekterte for sine val i livet. Samstundes vil vår tilsettingspraksis gje eit signal, som kan vere verd å ta med seg, at livsval kan påverke dei jobbmogelegheitene vi får. 

Rektor sa opp fordi han var homofil

I 2018 sa dåverande rektor ved Gjennestad vidaregående skole opp stillinga si fordi han ønska å gifte seg med ein mann, noko som er i strid med verdidokumentet til Normisjon.

Då reagerte elevrådet, og bad Normisjon om å endre ordlyden i verdidokumentet.

Haga fortel at elevane sin reaksjon var sunn og ikkje uventa, og at dei vart inviterte i samtalar med Normisjon-leiinga. Likevel er ikkje ordlyden endra, og blir det heller ikkje med det første:

– Normisjon er ein konservativ kristen organisasjon, og så lenge våre medlemmar står bak denne formuleringa vert ho oppretthalden. Vi har stadig samtalar internt om slike spørsmål, men det er ikkje nokon pågåande prosess no, skriv Haga. 

Forskjellsbehandling nedfelt i lov

Likestillings- og diskrimineringslova slår fast at det er forbode å diskriminere på bakgrunn av seksuell orientering.

Likevel seier § 9 at forskjellsbehandling ikkje er i strid med diskrimineringsforbodet, dersom: forskjellsbehandlinga har eit «sakleg formål»; er nødvendig for å oppnå formålet; ikkje er uforholdsmessig inngripande overfor den eller dei som vert forskjellsbehandla.

Gjennestad VGS er ein friskule som driv verksemda si på grunnlag av livssyn, godkjend i samsvar med § 2-1 i friskulelova. Dette gjev skulen mogelegheit til å nytte seg av § 9 i likestillings- og diskrimineringslova.

Unntaket og korleis friskular brukar det er omdiskutert, og ofte kritisert.

Framtida.no har sendt førespurnad til både kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og kultur- og likestillingsminster Anette Trettebergstuen (Ap), men har enno ikkje fått svar. 

– Lei av at konservativt religiøse kan diskriminere skeive

Stortingspolitikar Kim Thoresen-Vestre (SV) meiner tida er overmoden for å endre lovverket som opnar for forskjellsbehandling av skeive.

– Utan ei lovendring er det framleis ikkje likestilling og likebehandling, meiner SV-politikaren.

Thoresen-Vestre peikar på at homo/gay framleis er det mest brukte skjellsordet i norsk skule, og at han sjølv har vorte kontakta av mange unge og vaksne som synest det er problematisk å kome ut av skapet:

– I all hovudsak er det fordi dei ikkje føler seg trygge på å verte akseptert. Forskjellsbehandlinga i det norske samfunnet har mykje av skulda for dette. Det einaste som nyttar er å rive diskrimineringa opp med rota og hive ho på bålet. 

Han har stilt eit skrifteleg spørsmål til kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) om kva statsråden vil gjere for å hindre at homofile og lesbiske lærarar er fritekne mogelegheita til å søke på lærarstillingar hjå enkelte friskular.

Rektor lit på at tilsette er «lojal»

Kristin Sanna Kihle, rektor ved Gjennestad videregående skole. Foto: Gjennestad VGS

Rektor ved Gjennestad videregående skole, Kristin Sanna Kihle, fortel Framtida.no at ho plukkar ut aktuelle kandidatar etter kvalifikasjonar, og påpeikar at delen om ekteskap er ein liten del av verdidokumentet.

– Eg har jobba i offentleg skule før, og den einaste forskjellen på jobbintervjuet er at eg fortel at vi har eit verdidokument. Eg bed dei lese det og seier at «viss du tar ein jobb her, vil Normisjon at du skal vere lojal».

Ved å signere arbeidskontrakten, signerer ein òg for at ein skal vere lojal mot verdidokumentet, ifølgje rektoren.

Rektor Kihle understrekar at ho aldri har spurt kandidatar om kva legning dei har, og at ho aldri kjem til å gjere det heller.

– Det eg bryr meg om er at det er ein lærar eg ønsker på skulen, og som seier dei kan vere lojale. Det er også greit om ein vil trekke seg.

– Kan ein vere homofil og lojal til verdidokumentet?

– Viss ein person seier til meg at han er lojal, stolar eg på det. Eg veit ikkje kva legning våre tilsette har, det legg eg meg ikkje opp i. Seier ein at ein er lojal, så trur eg på det.

– Dersom ein lærar lever i eit homofilt samliv, og snakkar om dette på skulen – er ein då illojal mot verdidokumentet?

– Det er vanskeleg å forholde meg til hypotetiske situasjonar, men då ville eg ha snakka med læraren. Men det blir ein veldig tenkt situasjon, seier rektoren. 

– Finst ei grense for kor aktivt ein medarbeidar kan motarbeide organisasjonen sitt verdigrunnlag

På spørsmål frå Framtida.no om kva det inneber å vere «illojal» mot verdidokumentet, svarar generalsekretær Haga at utgangspunktet til Normisjon er at den enkelte medarbeidar skal ha ein trygg og god arbeidsplass, der dei er verdsette og kan føle seg vel:

– Difor meiner vi det er viktig å tenke gjennom desse forholda før det vert etablert eit tilsetjingsforhold. Oppseiingsvernet i Noreg er sterkt, og det er vi glade for. Men det finst sikkert ei grense for kor aktivt ein medarbeider kan motarbeide organisasjonens verdigrunnlag – utan at eg nemner døme frå våre skular. 

Normisjon-skular har vorte skulda for å diskriminere lærarar på bakgrunn av seksuell orientering over fleire år. I januar 2021 trekte tre Oslo-skular seg frå samarbeid med NLA Høgskolen på grunn av høgskulen sitt verdidokument, grunna ein paragraf om ekteskap mellom mann og kvinne.   

Likevel avviser Haga at organisasjonen vil endre tilsetjingspraksisen sin, og peikar på skiljet mellom lovleg forskjellsbehandling og det generelle forbodet mot diskriminering

– Retten til å tilsette medarbeidarar som deler organisasjonen sine verdiar og mål er ein viktig demokratisk rett, som det er verd å kjempe for. Vi snakkar alle varmt om ytringsfridom, men ikkje alle tenker over kor viktig det er å kunne danne organisasjonar som kan fremje verdi og meiningar. Skal desse organisasjonane fungere, må dei ha ein rett til å tilsette medarbeidarar som deler visjon og verdiar, seier Haga og held fram: 

Dette er bakgrunnen for at Normisjon ikkje kan endre sine meiningar fordi nokon kjenner seg diskriminert i ein tilsetjingsprosess. Det er viktig å ha desse prinsipielle tankane i bakhovudet når vi diskuterer desse sakene. 

Obs: Saka er oppdatert 27.03.22 kl. 18.21 for å korrigere at Eivind Bjørkgård Moe ikkje var tilsett som lærar, men som reinhaldsleiar og bookingansvarleg.


Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a)framtida.no!

Emilie Nancy Eiken. Foto: Birgitte Vågnes Bakken