50 år sidan avkriminaliseringa av homofili: «Det er ikkje ulovleg å vere skeiv i Noreg, men…»

Jane-Victorius G. Bonsaksen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag markerer vi at det er 50 år sidan sex mellom menn vart lovleg i Noreg. Det var ulovleg å vere skeiv, noko mange godt vaksne framleis hugsar, og kjente på eigen kropp.

Kampen for avkriminalisering av homoseksualitet var den første sigeren i ein lang frigjeringskamp, som har gått frå å friskmelde skeive, til å gjeve oss rettar som likekjønna vigsel, til moglegheita til å leve ope.

Det er ikkje lengre ulovleg å vere skeiv i Noreg, men skeive har de facto dårlegare levekår.

Gang på gang ser vi statistikk på at skeive slit meir med psykisk helse, økonomi, og diskriminering i kvardagen.

Det er ikkje alle skeive som er beskytta av diskrimineringsvernet, særleg omkring seksuell praksis, og det er vanskelegare å vere skeiv om ein har andre, interseksjonelle problemstillingar, som til dømes funksjonsnedsetjingar, meir melanin i huda, eller om ein er samisk.

Gang på gang ser vi statistikk på at skeive slit meir med psykisk helse, økonomi, og diskriminering i kvardagen.

 

Det er ikkje ulovleg å vere skeiv i Noreg, men transfolk møter hets og manglar eit godt helsetilbod.

Det har kome nye nasjonale retningslinjer på korleis transpersonar skal behandlast når det har behov for kjønnsstadfestande behandling. Rikshospitalet nektar å følgje dei og held på ein uforsvarleg og utdatert behandlingsmodell, som ikkje tek høgde for pasientane sine behov.

Kollasj: Framtida.no. Bakgrunnbilete: Katie Rainbow ?️‍?/Unsplash. Foto: Privat

Det er ikkje ulovleg å vere skeiv i Noreg, men skeive flyktningar slit meir enn andre skeive. Både i møte med rasisme i kvardagen, og i møte med homofobi og transfobi frå eit system som ikkje er skikka til å ta vare på skeive.

Om ein har starta kjønnsstadfestande behandling utanfor Noreg, må ein utredast på nytt. Skeive flyktningar blir sendt tilbake om det kan vere mogleg for dei å leve trygt – men i skjul, og alltid i fare.

Det er ikkje ulovleg å vere skeiv i Noreg, men det er det mange andre stader. I enkelte land er det dødsstraff for å vere ein mann som har sex med andre menn.

Vi ser og tilbakegang i skeiv frigjering i land me står nært. Både i Europa, i land som Polen, Ungarn og Storbritannia, og i land som USA, ser vi lovforslag og lovvedtak som gjer det vanskelegare å få tilgang til kunnskap fordi det er kategorisert som propaganda, som let politi feilkjønne transfolk, eller for å hindre skeive i å samle seg.

Det å vere skeiv har ikkje alltid vore lovleg i Noreg. Det er berre 50 år sidan sex mellom menn vart lovleg i Noreg, etter lang kamp, fronta av Kim Friele og DNF-48.

Vi skuldar forgjengarane våre å halde fram med kampen. Det er mange rettar vi har, som vi kan miste, og det er framleis mykje som står att, og som vi må kjempe for. Fridom kjem ikkje av seg sjølv. Ikkje ta den for gitt.


Har du noko på hjarte? Del ditt meiningsinnlegg med oss på e-post eller send dm på Instagram.

Helene Lunder Eriksen jobbar i Paulus kyrkje på Grünerlokka, og studerer teologi på Universitetet i Oslo. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg