Desse landa opna for homofile ekteskap det siste tiåret

Austerrike og Tyskland var overraskande seint ute med å la homofile og lesbiske gifta seg.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke jubla Amnesty International for at homofile og lesbiske endeleg fekk lov å gifte seg i Nord-Irland. Den sjølvstyrte regionen, som er ein del av Storbritannia, har lange katolske tradisjonar. Ikkje før i 2019 gjekk politikarane i Nord-Irland med på å opna for at personar av same kjønn kan gifta seg.

Og i 2020 kan endeleg to nord-irske brur, eller to brudgommar, gje kvarandre sitt «yes».

Her er landa som kunne heise regnbogeflagget det siste tiåret:
(Kjelde: Pew Research Center)

Equador (2019)

12. juni 2019 slo høgsterett fast at personar av same kjønn hadde lov til å gifta seg i Equador. Landet vart med det det femte i Latin-Amerika som opna for likekjønna ekteskap. Avgjersla, som vart slått fast med fem mot fire stemmer, gjorde Pride til ei feiring, men også motstandarar tok til gatene:

Konservativ ekteskapslovgjevnad og abortrettar går ofte hand i hand, men den lovgjevande forsamlinga i Equador gjekk ikkje med på å dekriminalisere abort i fjor.

Taiwan (2019)

På den norske nasjonaldagen stemte Taiwan si lovgjevande forsamling for å legalisere likekjønna ekteskap.

Laurdag 25. mai 2019 kunne likekjønna ektepar gå ned den raude lauparen under ein stor seremoni i Taipei, Taiwan. Foto: AP Photo/Chiang Ying-ying

Vedtaket kom som følgje av at høgsterett i landet i 2017 vedtok at landet skulle endra lova som slo fast at ekteskap var forbeholdt mann og kvinne. I 2018 gjekk folket til stemmeurnene, men støtta ikkje LHBT-rørsla sitt krav om likekjønna ekteskap.

Likevel, i fjor vart Taiwan (som offisielt er ein del av Kina, men har ein del sjølvstyre) den første regionen i Asia som opna for at menn kan gifte seg med menn og kvinner med kvinner.

Austerrike (2019)

Du trudde kanskje likekjønna ekteskap har vore ei sjølvfølgje i Europa, men nei. Først 1. januar 2019 vart Austerrike med i den store klubben av vesteuropeiske land som tillet likekjønna ekteskap. Som med Taiwan starta det i 2017 då høgsterett slo fast at praksisen som ekskluderte homofile og lesbiske frå ekteskap var diskrimminerande.

Australia (2017)

Trass i at the land down under er kjent for ei fargerik LHBTQ-scene var det først i 2017 at Australia opna opp for likekjønna ekteskap. Men når Australia sette i gong arbeidet gjekk det fort. Tre veker etter folkeavstemminga, der 62 prosent stemte for, var lova eit faktum.

Aktivistar og frivillige jubla etter folkeavstemminga og kom med ei tydeleg oppmoding til politikarane utanfor parlamentsbygget i Canberra i desember 2017. Foto: Lukas Coch/AAP Image via AP

Malta (2017)

Trass i sterk motstand frå den katolske kyrkja var det maltesiske parlamentet nesten einstemmig då dei i juli 2017 stemte for likekjønna ekteskap.

Tyskland (2017)

30. juni 2017 vart Tyskland det femtande europeiske landet og det 23. i verda som opna opp for likekjønna ekteskap.

Første par ut var Karl Kreile (59), som fekk sin Bodo Mende (60):

59 år gamle Karl Kreile (t.h) og Bodo Mende (6=9 gifta seg i Berlin 30. oktober 2017. Foto: Britta Pedersen/dpa via AP

Angela Merkel, som leiar det kristendemokratiske partiet, gav partifellane sine frie tøylar i saka, trass i at partiet formelt var imot. Det resulterte i at saka vart vedteke med 393-226 i bundestag.

Colombia (2016)

28. april 2016 vart Colombia det fjerde landet i den katolske regionen Sør-Amerika som opna opp for likekjønna ekteskap. Det var seks mot tre stemmer då høgsteretten i landet slo fast at alle har rett til å velja å starta ein familie, uavhengig av seksuell orientering.

I juli 2016 kunne LHBT-rørsla i Colombia feira ekstra under den årlege Pride-paraden i Bogota. Foto: AP Photo/Fernando Vergara

USA (2015)

I 2004 gjekk Julie og Hillary Goodridge triumferande ut av Rådhuset i Boston. I handa hadde dei ekteskapspapira og det nygifte paret måtte ha politieskorte.

Då paret fekk løyve til å gifta seg vart Massachusets den første staten i USA til å legalisera likekjønna ekteskap.

Julie and Hillary Goodridge (i midten foran) feirer eitt års bryllaupsdag saman med støttespelarar og andre par i staten  Massachusetts, som var først i USA til å legalisera likejønna ekteskap. Foto: AP Photo/Elise Amendola

Men det var først elleve år seinare, i 2015, at den amerikanske LHBT-rørsla kunne heisa flagget. Med 5 mot 4 stemmer slo høgsterett fast at praksisen paragraf 14 i grunnlova, som handlar om like rettar og vern under lova.

I 2015 vart Yashinari Effinger og ektefellen Adrian Thomas vigsla av pastor Ellin Jimmerson frå Weatherly Baptist Church i Alabama. Foto: AP Photo/The Decatur Daily, Gary Cosby Jr.

Før den tid hadde 36 statar legalisert homofile ekteskap.

Allereie i 2013 hadde TIME desse framsidene. Faksimile: TIME

Grønland (2015)

Grønland er eit sjølvstyrt område under Danmark og bestemte seg først i mai 2015 for å opna for likekjønna ekteskap. Det var tre år etter Danmark gjorde det same i 2012.

Irland (2015)

22. mai 2015 vart Irland verdas første land til å vedta likekjønna ekteskap gjennom ei folkeavstemming. I landet med katolsk majoritet, stemte 62 prosent ja til å endra grunnlova, slik at ekteskap vart lov mellom to personar – uavhengig av kjønn.

Rory O’Neill, kjent under dragpseudonymet Panti, var blant dei som feira den historiske LHBT-sigeren i Irland. Foto: AP Photo/Peter Morrison

Delar av den katolske kyrkja motsette seg endringane, men statsminister Enda Kenny var blant dei som jubla.

Finland (2015)

Ei underskriftskampanje vart starten på likekjønna ekteskap i Finland. Parlamentet godtok forslaget i 2014, men ikkje før i 2017 kunne homofile par gifta seg i landet.

Finland var siste land ut i Norden til å innføra likekjønna ekteskap. Noreg slo Sverige med eit hestehovud, då me endra lova i 2008. Då erstatta me den nye ekteskapslova partnerskapslova frå 1993. I Sverige kom ei liknande endring i 2009.

Luxenburg (2014)

Frå 1. januar 2015 kunne homofile par i Luxenburg både gifta seg og adoptera. Statsminister Xavier Bettel, som sjølv er homofil, var ein viktig pådrivar for endringane.

Luxemburgs statsminister Xavier Bettel vinkar til folket etter at han fekk sin Gauthier Destenay 15. mai 2015. after their marriage at the town hall in Luxembourg, on Friday, May 15, mai 2015, etter fem års partnerskap. Foto: AP Photo/Geert Vanden Wijngaert

Endringane av dei førre ekteskapslovene frå 1804 fastsette òg at aldersgrensa for ekteskap er 18 år, og gjorde slutt på praksisen om at ektefellar (uavhengig av legning) må gjennom ein helsesjekk.

Skottland (2014)

4. februar 2014 stemte parlamentet i Skottland for å legalisera likekjønna ekteskap og allereie desember same år kunne homofile gifta seg.

Eit lite skår i gleda var at kyrkjer og religiøse samfunn sjølv kan avgjera om dei vil utføra vigsler med likekjønna, noko begge dei to største kyrkjesamfunna ikkje støttar.

England og Wales (2013)

17. juli 2013 gav sjølvaste dronning Elizabeth II si kongelege bifall til eit lovforslag som gav personar av same kjønn rett til å gifta seg. Dåverande statsminister David Cameron var ein pådrivar for forslaget, som vart vedteke i parlamentet etter mykje debatt.

Lovforslaget inkluderte ikkje den engelske kyrkja, som framleis ser på ekteskap som ei sameining mellom mann og kvinne.

Brasil (2013)

14. mai 2013 slo grunnlovsrådet i Brasil fast at likekjønna par ikkje kunne nektast å gifta seg. Frå før hadde omlag halvparten av områda i Brasil opna opp for dette.

I desember 2018 samlast mange homofile par for ei massevigsle i Sao Paulo. Etter at Jair Bolsonaro vart valt til president fekk mange hast med å gifta seg, i frykt for at Bolsonaro skal reversera politikken som opna for likekjønna ekteskap. Foto: AP Photo/Nelson Antoine

Gleda er likevel ikkje komplett i Brasil. Det kristenkonservative partiet har klaga inn saka for høgsterett og mange fryktar at president Jair Bolsonaro vil reversera politikken.

Frankrike (2013)

President Francois Hollande fekk motstand frå det konservative partiet i landet, men høgsterett slo fast at det ikkje var grunnlovsstridig med likekjønna ekteskap.

40 år gamle Vincent Autin (til venstre) og Bruno Boileau (30) vart 29. mai 2013 det første likekjønna paret som gifta seg i Frankrike. Vigsla gjekk føre seg i rådhuset i Montpelier og fekk mykje mediemerksemd. Foto: AP Photo/Claude Paris

New Zealand (2013)

17. april vart New Zealand det første landet i Asia-Stillehavsregionen som opna for likekjønna ekteskap. Allereie august same år kunne likekjønna par gifta seg på New Zealand, som òg opna for adopsjon for likekjønna.

I samband med vedtaket lanserte Air New Zealand ein konkurranse for par som ville gifta seg i lufta(!). Lynley Bendall og Ally Wanikau laga ein video saman med sine tre born og vann æra:

https://www.youtube.com/watch?time_continue=47&v=bxDpIzLrc1g&feature=emb_logo

Med på flyfeiringa var også Modern Family-stjerna Jesse Tyler Ferguson og ektemannen Justin Mikita.

Uruguay (2013)

10. april 2013 stemte kongressen i Uruguay for likekjønna ekteskap, ei veke etter at senatet gjorde det same.

Ein brurekladd aktivist spøkar med vaktene utanfor parlamentet i Uruguay i forkant av den endelege avstemminga i kongressen. Foto: AP Photo/Matilde Campodonico

Danmark (2012)

I 1989 var Danmark var først ute i verda med ei partnerskapslov, som gav homofile og lesbiske rett til å få juridiske rammer på plass rundt samlivet sitt.

1. oktober 1989 vart Axel Axgil (venstre) og Eigil Axgil det første likekjønna paret i verda som inngjekk partnerskap. Paret var profilerte LHBT-aktivistar som var med å starta organisasjonen Forbundet af 1948. Foto: AP Photo/POLFOTO, Morten Langkilde, File DENMARK OUT

I 2012 fekk likekjønna par gifta seg på same måte som andre. Dei fekk òg gifta seg i statskyrkja, men prestar er ikkje pliktige å vigsla dei. Andre religiøse grupper kan òg sjølv avgjera om dei vil opna opp for praksisen.

Argentina (2010)

I juli 2010 vart Argentina det første landet i Latin-Amerika til å legalisera likekjønna ekteskap, trass i sterke protestar frå både den katolske kyrkja og andre kyrkjesamfunn.

Eit par kyssar framfor kongressen i Buenos Aires i forkant av behandlinga av likekjønna ekteskap. Vedtaket førte til heftige demonstrasjonar både for og imot. Foto: AP Photo/ Natacha Pisarenko

 

Portugal (2010)

Den portugisiske presidenten Anibal Cavaco Silva ba høgsteretten i landet vurdera om lova som opna for likekjønna ekteskap vart i tråd med grunnlova. Dei fekk ja og i juni 2010 kunne personar med same kjønn gifta seg i Portugal.

7. juni 2010 vart Helena Paixao (til høgre) og Teresa Pires det første paret som inngjekk ekteskap etter at Portugal opna for likekjønna ekteskap. Dei to kvinnene var tidlegare gift på kvar sin kant. Foto: AP Photo/ Francisco Seco

Island (2010)

I juni 2010 vart likekjønna ekteskap einstemmig vedteke på Island. Då lova tredde i kraft gifta statsminister Jóhanna Sigurðardóttir seg med partnaren sin, Jónína Leósdóttir.

Og for ordens skuld:

Som forventa var Nederland første land ut i verda: frå 1. april 2001 har nederlendarar kunne gifta seg med ein person av same kjønn.

Åtte år seinare fekk lesbiske og homofile i Noreg den same retten. Då erstatta den nye ekteskapslova Partnerskapslova frå 1993.