Logo Framtida Logo Meining
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
Send inn meiningsinnlegg
  • Identitet
  • Klima og miljø
  • Politikk og samfunn
  • Skrivekonkurranse
  • Utdanning
Send inn meiningsinnlegg
Isak Bradley, Leiar i PKI

Tvangssterilisering og mangel på tredje juridisk kjønn: «Dette er det Jonas ikkje orsakar for»

Isak Bradley (Han/han)
Publisert 21.04.2022 10:04
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget vart først publisert på Instagram, men er omarbeidd og attgjeve med løyve og velvilje.

Hei, Jonas og Anette!

Mitt namn er Isak Bradley og eg er leiar for pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens i Noreg. Vi er dei einaste som inkluderer ikkje-binære som står utan eit behandlingstilbod i Noreg.

Faksimile av Framtida.no 20. april 2022.

PKI jobbar for at transpersonar i Noreg skal ha eit desentralisert og eit verdig behandlingstilbod, og leve gode, trygge liv.

Eg såg på utsegnene dykkar i går, og det er kjempeviktig å markere dagen i dag.

Men kvifor må det gå 50 år for anerkjenne at staten har gjort så mykje skade?

Skal det verkeleg ta 40 år til før de anerkjenner det de gjer med transpersonar i dag?

  • Les også: Regjeringa ber om orsak til skeive: – Unnskyld på vegner av det norske fellesskapet

Eg vil utfordre dykk litt. Eg vil at det skal førestille dykk å vakne opp i morgon med ein kropp som du ikkje kjenner att. Eit ansikt eller ei stemme som du føler så sterkt ubehag ved at du må sjukemelde deg.

Du klarer ikkje å møte dine nærmaste eller gjere den viktige jobben som du har i dag. Du søker hjelp til å rette opp i det for å føle deg heime, hadde du fått den hjelpa?

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av PKI Norge (@pki.norge)

På markeringa i går følte eg og veldig mange andre oss ikkje inkluderte. Ikkje hugsa, eller ein gong bagatellisert til ei setning.

Fram til 2016 måtte ein steriliserast for å få̊ riktig juridisk kjønn i Noreg.

Kva betyr det med tanke på paragraf 213? Transkvinner og ikkje-binære har blitt registrerte og omtala som menn. Vi snakkar då ikkje berre om å beklage kriminalisering av menn!

Vi seier Skeivt kulturår, men meiner vi cis-homofilt-kulturår?

 

Det skeive omgrepet er ein del av ein skeiv politisk kamp, og dei kampane kjempar vi framleis i dag.

Vi kjempar for eit tredje juridisk kjønn.

Vi kjempar for moglegheita til å bli blodgjevar.

Vi kjempar for eit verdig behandlingstilbod.

Vi kjempar for kunnskapsløfte om kjønn og seksualitet.

Vi kjempar for moglegheita til å starte familie.

Vi kjempar for å leve gode, trygge liv utan å bli diskriminerte.

Vi kjempar for å bli høyrde.

Mange av desse kampane får sin skjebne på Stortinget.

Vi seier Skeivt kulturår, men meiner vi cis-homofilt-kulturår?

Dette er det Jonas ikkje beklagar for:

– tvangssteriliseringa av transpersonar fram til 2016
– at ein tredje juridisk kjønnskategori framleis ikkje er tilgjengeleg i Norge
– at ikkje-binære står utan juridisk kjønn og helsetilbod
– at transpersonar ikkje var verna mot diskriminering før for to år sidan

Ikkje la historia vår halde fram å bli fortalt av heteronormative stemmer som ekskluderer minoritetar sin eksistens!

Skeivt kulturår er kanskje markert på cis- og heteronormative premissar, men ikkje la historia vår og stemmene våre bli gløymde på statens rekning og middel.

SMK og Kulturdepartementet har vorte forelagt kritikken frå PKI, og svarar at fleire transpersonar var både til stades og spesielt inviterte på pressekonferansen og viser forøvrig til talane til Støre og Trettebergstuen.


Kva meiner du? Har du noko på hjarte? Send oss e-post eller ein DM på Instagram.


  • Les også: Transsynlegheitsdagen: «Det bør ikkje krevje mot å eksistere»

Kollasj: Framtida.no. Bakgrunnbilete: Katie Rainbow ?️‍?/Unsplash. Foto: Privat

Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Politikk og samfunn

«Ønskjer vi verkeleg at vår skulegang skal finansierast på kostnad av andre barns liv?»

Politikk og samfunn

«Det er ingen som påstår at dei sjuke vel sjølv om dei har lyst til å vera sjuke eller ikkje»

Utdanning

Eksamenstekst: «Ein av dei største syndarane»

Har Du Noko På Hjarta? – Skriv Di Meining
Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT