Regjeringa ber om orsak til skeive: – Unnskyld på vegner av det norske fellesskapet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 21. april 2022 er det 50 år sidan Stortinget oppheva straffelova sin § 213 som forbaud seksuell omgang mellom menn.

No ber regjeringa om orsak for korleis dei behandla skeive og kriminaliserte det å vere homofil. Både for den offentleg skamma og fordømminga dei straffeforfølgde vart utsette for, og for dei privat stigma og lidinga til skeive.

– I dag beklagar vi eit kapittel i historia: å kriminalisere og straffeforfølge folk for kjærleikslivet deira; å diagnostisere og behandle friske menneske; å ta frå folk karrieremogelegheiter og arbeid. Dette er alvorlege brot på våre viktigaste verdiar,  likeverd, rettferd og fridom. Det er rett og slett feil.

Det sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på ein pressekonferanse i samband med ei markering av avkriminaliseringa, saman med representantar frå dei skeive organisasjonane og miljøa.

119 menneske straffa for kjærleik

Straffelova paragraf 213 sa:

«Finder utugtig Omgjængelse Sted mellem Personer af Mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige, eller som medvirker dertil, med Fængsel indtil 1 Aar. Med samme Straf ansees den, som har utugtig Omgjængelse med Dyr, eller som medvirker dertil. Paatale finder alene Sted, naar det paakræves af almene Hensyn».

Mellom 1902 og 1950 vart 119 menn i Noreg dømde for å ha hatt seksuell omgang med ein annan mann.

– 119 menneske vart kriminaliserte og straffa for kjærleikslivet sitt. Dei måtte gjennom rettssaker, domfelling og soning. Dei møtte offentleg skam og fordømming, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på pressekonferansen.

– At norske styresmakter straffeforfølgde og dømde desse menneska for deira seksualitet og kjærleiksliv, det er djupt alvorleg. Det same er skulda og skamma som straffelova sin § 213 påførte skeive i heile det norske samfunnet, heldt statsministeren fram.

Støre peikar på at paragrafen òg hadde tung symbolverdi, og medførte at skeive vart utsette for brei fordømming og omfattande diskriminering.

Han peikte på at det ikkje er ofte ein i Noreg uttrykker historiske orsakingar, men at det er grunn til å gjere det no:

– Eg vil i dag, på vegner av den norske regjeringa seie unnskyld for at skeive personar vart kriminaliserte og straffeforfølgde av norske styresmakter. Eg seier unnskyld på vegner av det norske fellesskapet. Eg beklagar at norske styresmakter gjennom lovgjevnadar, men òg gjennom eit nettverk av sanksjonar, gav uttrykk for at ein ikkje aksepterte skeiv kjærleik, sa statsministeren.

– Gutar vert banka opp på gata fordi dei vil kysse andre gutar 

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) peika på at § 213 legitimerte eit heilt samfunn sitt syn på skeive:

– Menneskesynet bak paragraf 213 har øydelagt mange liv, det har øydelagt mogelegheitene til mange, ikkje berre medan han verka aktivt, men også i åra etterpå.

Ho takka for dei som tok kampen mot paragrafen for at skeive skal få leve frie liv, og peika på at han framleis ikkje er over. Land etter land vedtek lover som kriminaliserer skeive liv:

– Dei aller fleste skeive verda over kan berre drøyme om å få leve slik vi kan her i Noreg, men når det er sagt: vi er ikkje i mål her heime heller.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. Foto: Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet

Likestillingsministeren peika på at skeive jamt over opplever dårlegare levekår grunna fordommar, mobbing og diskriminering. Samstundes lever framleis mange skjult for familie, på jobben og for samfunnet, fordi dei fryktar å verte utestengde.

– Gutar vert banka opp på gata fordi dei vil kysse andre gutar. Vi jenter vert banka opp fordi vi ikkje vil kysse gutar, sa ho og peika på at særleg dei med minoritetsbakgrunn frå kulturar eller religionar som har eit negativt syn på homofili kan risikere mykje med å stå fram om kven dei er.

Trettebergstuen lova at regjeringa skal ta kampen for dei som vert utsette for skadelege forsøk på å endre kven dei er, som konverteringsterapi eller fordommane og hetsen transpersonar møter.

– Vi skal aldri kvile på framstega som er vorte gjorde, vi skal alltid kjempe for å bygge ned dei hindera for likestilling vi ser i dag. Det er vårt løfte til dykk.

FRI: – For lite, for seint for mange av oss

Leiar i FRI – foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, Inge Alexander Gjestvang, takka dei som gjekk føre: dei som fann andre og organiserte seg, dei som nekta å vere kriminell for å elske ein annan, og dei som nekta å tape.

Inge Alexander Gjestvang, leiar i FRI

– Takk til dykk som i dag seier unnskyld, sjølv om det er for lite, for seint for mange av oss. For seint og for lite for liv som har enda tidleg i skam og fortviling for vår kjærleik var både straffbar, sjuk og syndig, heldt han fram.

Vidare takka han for dei som framleis tek kampen for dei utan eit verdig helsetilbod, juridisk anerkjenning, dei som ikkje kan politimelde når dei vert utsette for vald, dei som vert forsøkt endra med heilning og bøn.

– Det er ingenting feil med oss. Vi vil berre leve våre liv, kjenne vårsola treffe ansiktet og trekke pusten heilt ned i magen utan at det knyt seg i skam eller sorg.

– Vi kjempar for modige mangfald i mange, små samfunn med knytte nevar og hjarte som slår, for historia vert skriven akkurat her, akkurat no, avslutta FRI-leiaren.


Kollasj: Framtida.no. Bakgrunnsbilete: Katie Rainbow ?️‍?/Unsplash. Foto: Privat