Oppmodar skulane til å heisa regnbogeflagget
Fylkesutvalet i Vestland oppmodar dei vidaregåande skulane til å nytta regnbogeflagget. Dei ynskjer å betra levekåra for skeiv ungdom.

I rapporten «Korleis har skeiv ungdom i Vestland det?» kom det fram at unge skeive i Vestland har dårlegare levekår enn dei som ikkje er skeive. Mellom anna er skeive meir utsette for mobbing og deltek mindre i fritidsaktivitetar.
Dette synest fylkesordførar Jon Askeland er trist.
– Sånn skal det ikkje vera i fylket vårt eller nokon annan stad. Difor må me gjera det me kan, med dei verkemidla me har, for å bidra til eit inkluderande og rettferdig samfunn, med like moglegheiter for alle, seier Askeland i ei pressemelding på nettsidene til Vestland fylkeskommune.
Fylkesutvalet i Vestland har vedteke ni tiltak for å prøva å betra situasjonen. Fylket skal mellom anna jobba for at det blir krav til inkluderande garderobar i anlegg som mottek spelemidlar.
Eit stort fleirtal i fylkesutvalet nytta også høvet til å oppmoda dei vidaregåande skulane til å flagga med regnbogeflagget i juni. Berre KrF røysta mot.
– Flagget er eit viktig symbol på mangfald, inkludering og tilhøyrsle. Difor oppfordrar me skulane til å nytta flagget i løpet av pridemånaden, seier Askeland.