Stortingets kontrollorgan: I strid med grunnlova å godkjenna nye oljefelt
Kontrollorganet for menneskerettar i Noreg meiner at norsk oljepolitikk strider mot grunnlova og at fleire oljeløyvingar må handsamast på nytt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kontrollorganet som skal sjekka at Noreg følgjer menneskerettane, Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM), meiner regjeringa må behandla fleire oljeløyve på nytt.
NIM er eit uavhengig organ underlagt Stortinget, for å hjelpa styresmaktene i spørsmål om menneskerettane og å overvaka og rapportera om stoda for menneskerettane i Noreg.
Dei meiner også at det ikkje er rom i lova til å godkjenna ny produksjon av olje og gass fordi det ikkje er i samsvar med 1,5 gradarsmålet, skriv Aftenposten.
Olje- og energiministeren er usamd.
Krav om konsekvensutgreiing
Kontrollorganet NIM meiner at dommen i klimasøksmålet, viser at norsk oljepolitikk strir mot Grunnlova.
Høgsterett bestemte at styresmaktene vil ha både rett og plikt til å ikkje godkjenna planar om utbygging og drift (PUD), dersom omsynet til klima og miljø tilseier det.
Høgsterett sette som krav at klimaverknadane av eksporterte forbrenningsutslepp også må vera med i vurderinga etter Grunnlova § 112, og at klimaverknadane av eksportutsleppa skal konsekvensutgreiiast før ein gir avslag eller løyve på PUD-ar.
No har NIM gjeve Olje- og energidepartementet råd om korleis dommen frå Høgsterett bør følgjast opp.
Dei meiner mellom anna at:
- Alle planar for utbygging av oljefelt som styresmaktene har godkjend utan å greie ut klimakonsekvensane av utsleppa, er i strid med Grunnlova.
- Løyve som er gjevne etter at dommen i klimasøksmålet kom 22. desember 2020, bør handsamast på nytt. Nye søknadar må setjast på vent.
- Nye vitskapelege kjelder tilseier at det ikkje er rom for å godkjenna ny produksjon av olje og gass med det karbonbudsjettet me har igjen, om ein skal greie å avgrensa den globale oppvarminga til 1,5 gradar.
«Ut fra foreliggende kilder, er det derfor nærliggende at plikten til å nekte PUD av hensyn til klima og miljø har inntrådt, med mindre departementet etter føre var-prinsippet konkret kan påvise at en PUD i det enkelte tilfellet likevel er forenelig med å begrense oppvarmingen til 1,5 grader».
Dette betyr at NIM meiner staten ikkje kan godkjenna ny produksjon av olje og gass.
Dei avsluttar med at dersom departementet ikkje er samde med NIM si vurdering, bør dei uansett setja handsamingar på vent til dei har avklart når styresmaktene meiner plikta til å nekte PUD etter grunnlova trår i kraft.
– Bevisbyrda hos staten
Fleire av saksøkarane i klimasøksmålet reagerte med glede då rapporten vart kjend gjennom Aftenposten, torsdag 7. april.
Frode Pleym, leiar i Greenpeace, skreiv på Twitter:
– Norske politikarar har i årevis ignorert klimaforskarane. Vil dei også ignorera Noregs offisielle vaktbikkje for menneskerettar?
Gina Gylver, leiar i Natur og ungdom skreiv på Facebook at tapet i 2020 gav liten plass til å snakka om kva dei også vann:
– Det er faktisk ganske viktige gjennomslag. Høgsterett har plassert bevisbyrda hos staten, som må kunne forsvara korleis ny olje ikkje bryt med 1,5-gradarsmålet.
Ho meiner det vert vanskeleg for staten og siktar til at både FN og IEA har vore tydelege på at all ny oljeleiting sprengjer karbonbudsjettet.
– Det burde vore mogleg å forvente at regjeringa tek dette på alvor, for no bryt dei Grunnlova ved kvar einaste PUD-handsaming, skriv ho vidare.
Tapte klimasøksmålet
Vinteren 2020 tapte klimaaktivistane mot staten i Høgsterett med 11 mot 4 stemmer. Bakgrunnen for klimasøksmålet var nye oljelisensar og utvinningsløyve for olje og gass i Barentshavet. Aktivistane meinte desse var i strid med Grunnlova § 112.
Saksøkjarane fekk ikkje medhald, men Høgsterett slo fast staten sitt klimaansvar i oljepolitikken:
- Å opne eller gje utvinningsløyve for å leita etter olje og gass, strir ikkje med lova ifølgje Høgsterett – men dette kan endra seg dersom ein faktisk finn olje eller gass.
- Dersom ein finn olje eller gass må oljeselskapa få godkjent ein plan av styresmaktene (ein PUD), som skal innehalda informasjon om korleis oljeselskapet skal bygga ut og driva feltet.
- Fleirtalet i Høgsterett la til grunn at dei globale klimaverknadane «vil bli konsekvensutgreidde ved ein eventuell søknad om PUD».
Det vil seia at klimakonsekvensane av norsk olje og gass som blir forbrent, uavhengig av kor i verda dette skjer, skal takast med i vurderinga.
NIM: Lova krev utgreiing av klimakonsekvensar
NIM meiner kravet om klimakonsekvensar på PUD-stadiet, var eit viktig premiss for fleirtalet i Høgsterett for at staten ikkje skal bryta Grunnlova § 112.
Dei peikar på at dette ikkje er gjort etter høgsterettsdommen, mellom anna fordi konsekvensutgreiinga av Wisting-feltet ikkje har utgreidd klimaavtrykket av utslepp knytt til forbrenning i utlandet.
Sidan høgsterettsdommen viser NIM til at det har kome minst fire nye godkjenningar, utan at dei har registrert at det er gjort oppdaterte vurderingar av forbernningsutslepp i tråd med dommen.
I den siste PUD-rettleiaren er heller ikkje dette omtalt. Rettleiaren vart sist oppdatert i 2018, men skal no oppdaterast på ny.
Oljeminister: – Strider ikkje mot Grunnlova
I regjeringsplattforma til Ap og Sp står det mellom anna at regjeringa vil sørga for at petroleumsselskapa integrerer stresstesting av klimarisiko i sine avgjerder og rapporterer på dette til Oljedirektoratet.
Fredag 8. april la regjeringa fram ei tilleggsmelding til energimeldinga frå førre regjering. Dei slår fast at Olje- og energidepartementet skal vurdera klimaverknadane frå både produksjons- og forbrenningsutslepp når dei handsamar alle nye planar for utbygging og drift (PUD-ar).
Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) er usamd med NIM og meiner styresmaktene har gjort slike vurderingar ved handsaming av PUD-ar etter høgsterettsdommen.
Ifølgje Aftenposten slår han fast at regjeringa «fører ein ansvarleg petroleumspolitikk».
– Etter departementet sitt syn strir ikkje dagens petroleumspolitikk – som har støtte av eit breitt fleirtal i Stortinget – mot Grunnlova, legg han til.
Klimasøksmålet
- Natur og Ungdom og Greenpeace saksøkte i 2016 den norske staten for tildelinga av ny oljeboring i Barentshavet gjennom 23. konsesjonsrunde.
- Besteforeldrenes klimaaksjon og Naturvernforbundet har vore partshjelparar.
- Organisasjonane meiner at oljeboringa bryt med miljøparagrafen § 112 i Grunnloven som slår fast at borgarane har rett til eit leveleg miljø og at staten skal setja i verk tiltak som sikrar denne retten. Saka har vore prøvd i Oslo tingrett i 2017, Borgarting lagmannsrett i 2019 og Høgsterett i november 2020 der saksøkarane tapte mot staten.