Eitt år sidan Klimasøksmålet: dette er nytt i klimajussen

Framtida
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er omtrent eitt år sidan Høgsterett sette punktum for reisa til Klimasøksmålet i det norske rettssystemet. Miljøorganisasjonane Natur og Ungdom og Greenpeace tapte mot staten på alle punkt.

I kjølvatnet av Klimasøksmålet kommenterte filosof Arne Johan Vetlesen i Klassekampen at det likevel ikkje er gitt korleis dommen vert vurdert i framtida:

«Kanskje blir den betraktet som ‘historisk’ i betydningen: det var siste gang en norsk domstol ga grønt lys for norsk oljeleting i Arktis. Eller dommen blir historisk fordi miljøbevegelsen i Norge aldri igjen går rettens vei for å stanse oljeutvinning,» skreiv han.

Det er lite no som tyder på det sistnemnde. Minst 5 hendingar gjev uttrykk for endring i klimajussen. 

1: Eit skred av klimasøksmål

Berre det første halvåret etter Høgsterett sin dom i Klimasøksmålet, fall dommar over klimasøksmål i mellom anna Tyskland, Nederland, Frankrike, Australia og Belgia. Fleire av dei nye dommane er å karakterisere som monumentale og historiske rettsavgjerder, ifølgje fagdirektør ved Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM), Jenny Sandvig.

Christina Voigt er professor ved Senter for forskning om internasjonale domstolers legitimitet og Institutt for offentlig rett hjå UiO. Foto: UiO

Professor i juss ved Universitetet i Oslo og ekspert på miljørett, Christina Voigt, seier jussen byrjar spele ei viktig rolle for klima gjennom dei ulike søksmåla på klimafronten:

– Mange domstolar og dommarar personleg føler at dei har ei rolle i å halde staten eller selskap rettsleg ansvarlege. Rett nok ikkje i Noreg, men i andre land, seier Voigt.

Klimasøksmål har eksplodert i antal verda over, ifølgje ein rapport frå 2021 gjennomført av forskingsinstituttet Grantham ved London School of Economics.

Rapporten viser at antal saker har meir enn dobla seg dei siste sju åra (2015-2021), samanlikna med dei 28 åra før (1986-2014).

Klimasøksmåla går mot både statar og selskap, og hevdar i hovudsak anten menneskerettsbrot eller grønvasking – at produkt villeiande vert framstilte som miljøvennlege.

Dette er nokre av klimasøksmåla som har vunne fram. Merk: Nokre av dommane er anka eller ikkje rettskraftige enno. (Trykk på bileta for å gjere dei større.)

 2: Ny klimaforsking

Fagdirektør Jenny Sandvig frå NIM forklarar auken i klimasøksmål bygd på menneskerettar med endring i naturvitskapeleg kunnskapsgrunnlag, snarare enn endring i juss:

– Det er ikkje klimajussen som er på speed her, men klimaendringane og vår naturvitskaplege kunnskap om dei. Med stadig større sikkerheit kan forskarane no seie at den er den flaumen eller andre ekstremvêrskadar faktisk er skulda oppvarming, og samstundes talfeste korleis ulike land eller selskap sine utslepp bidreg.

Det fortalde Sandvig i eit intervju med Juridika.

Jenny Sandvig er fagdirektør ved Noregs institusjon for menneskerettar. Foto: Hanna Johre/NIM.

3: Enorm grøn lovpakke frå EU

I juli 2021 la EU-kommisjonen fram klimalovpakken «Klar for 55» (Fit for 55). Han skal realisere klimamålet til EU om 55 prosent kutt fram mot 2030.

Pakken inneber mellom anna eit nytt og eige kvotesystem, som òg vil omfatte maritim sjøfart – til dømes all norsk shipping. Han inneheld vidare krav om energieffektivisering, krav til meir produksjon av fornybar energi og karbontoll. Sistnemnde inneber til dømes at om ein importerer frå Kina, må ein betale for utsleppa som fann stad der.

Ursula von der Leyen er president i Europakommisjonen. Her frå eit møte i Brussel i oktober, der klimaendringar stod på agendaen. Foto: Olivier Hoslet, Pool Photo via AP

Allereie kjem omlag 80 % av norsk klima- og miljøregelverk frå EU. Om «Klar for 55» vert vedtatt i 2022, vil han kunne få betydning òg for norsk klimapolitikk gjennom EØS-avtala og klimaavtala som Noreg har hatt med EU sidan 2019.

4: FNs menneskerettsråd anerkjende at sunt miljø er ein menneskerett

I oktober 2021 vedtok FNs menneskerettsråd ved resolusjon at sunt miljø er ein menneskerett. Om betydninga av resolusjonen seier professor Voigt at den er viktig, men samstundes ikkje nok:

– Viktig i den forstand at vi har eit FN-organ som gjennom sine medlemsstatar har anerkjent at denne retten finst. Statane vedtok samrøystes at denne retten eksisterer, det er i seg sjølv veldig viktig.

Ho poengterer at medan ei rekkje grunnlovar inkluderer ein slik rett, har ein aldri før hatt noko slikt vedtak på FN-nivå.

Illustrasjonsbilete frå den 19. samlinga av i FNs menneskerettsråd. Foto: AP Photo/Keystone, Jean-Christophe Bott

På den andre sida forklarar Voigt at ein resolusjon ikkje er rettsleg bindande. Ein kan difor ikkje bringe fram ei klage eller ein sak basert på resolusjonen i seg sjølv. Voigt påpeikar at resolusjonen likevel kan få betydning i tolkinga av nasjonale lovar:

– Om ein har ein ny sak, tilsvarande den norske saken, kan det plutseleg spele inn i tolkinga av Grunnloven at dette har vorte vedtatt internasjonalt, forklarar ho.

Voigt har vore del av den norske delegasjonen i forhandlingane om Parisavtala og sit i utvalet juristar som leverte forslag om miljømord som straffenorm til Den internasjonale straffedomstolen. Med stor erfaring og kunnskap om utvikling av internasjonal rett, forklarar Voigt at ein ofte først har ei ikkje-bindande erklæring, og at det vidare utviklar seg til rettsleg bindande normer ved at ein inkluderer det i bindande avtalar mellom statar.

– Det er godt mogleg at ein får ein verkeleg rettsleg bindande traktat basert på denne resolusjonen, seier Voigt.

5: – Endring i medvitet til Høgsterett om internasjonale forpliktingar

– Kva betydning har endringar internasjonalt for norsk rett – vil ein til dømes bry seg om den ikkje-bindande resolusjonen frå FN?

– I samanheng med NAV-skandalen, fekk Høgsterett mykje kritikk for å ikkje ha tatt omsyn til internasjonal rett – folkerett – i tolkinga av nasjonale lovar. Då dette kom opp til Den europeiske menneskerettsdomstolen, vart det tydeleg at Noreg må ta forpliktingane sine alvorleg og at dette må tolkast inn i nasjonale lovar.

Voigt meiner å allereie sjå teikn til endring hos Høgsterett. Ho trekker fram Fosen-saka frå oktober 2021, som gjaldt minoritetsvern og gyldigheita av vedtak i Olje- og energidepartementet om bygging av vindkraftanlegg på Fosen i Nord-Trøndelag. Høgsterett la då vekt på FNs konvensjon om sivile og politiske rettar.

– Ein ser kanskje ei endring i horisonten til Høgsterett når det gjeld medvitet om internasjonale forpliktingar, seier Voigt.

Ho trur Høgsterett i nye avgjerder vil vere meir årvakne over dei forpliktingane som Noreg har.

Udemokratisk utvikling?

Ei mogleg innvending mot utviklingane beskrivne ovanfor, er at dei har eit svakt demokratisk grunnlag. Eit hovudsynspunkt i kritikk av klimasøksmålet, har vore at klimapolitikk er politikk og ikkje juss. Og det er Stortinget – ikkje Høgsterett, FN eller EU – som er det høgaste demokratisk valde organet i Noreg.

– Er domstolskontroll av klimapolitikk udemokratisk?

– Vi meiner politikken som vert ført bryt med grunnleggjande rettar til liv og velferd, og då er det heilt legitimt å ta saka til domstolane utan at det kan kallast udemokratisk. ​​Det er umogleg å ivareta grunnleggjande menneskerettar, dersom vi samstundes ignorerer klimakrisa, seier Gina Gylver (20).

Gina Gylver er ein av dei unge frå Natur og Ungdom som tek Klimasøksmålet til EMD. Dei øvrige er: Ingrid Skjoldvær, Gaute Eiterjord, Ella Marie Hætta Isaksen, Mia Cathryn Chamberlain og Lasse Bjørn. Foto: Lasse Fløde/Greenpeace

Ho er ein av seks unge frå Natur og Ungdom som tek Klimasøksmålet vidare til Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Denne veka kom nyheita om at saka går vidare til behandling i EMD, som berre ytst få klagar gjer.

– Klimakrisa gjev demokratiet heilt nye utfordringar. Barn utan stemmerett og framtidige generasjonar er avhengige av at vi handlar no, og Noregs politikk og utslepp bidreg til å svekke livsgrunnlaget til menneske på andre sida av kloden, seier Gylver og utdjupar:

– Dei som må leve med dei verste konsekvensane av klimakrise kan ikkje stemme i våre demokratiske prosessar, men dei grunnleggjande rettane deira vert likevel trua av dagens politikk.

– Eg både trur og vonar at vi kjem til å sjå ei stor utvikling i jussen dei nærmaste åra, og at retten til eit leveleg miljø vil anerkjennast på lik linje med andre grunnleggjande menneskerettar, avsluttar Gina Gylver.


Foto: Gabriel McCallin/Unsplash