Sveltestreikande klimaaktivist er meld til politiet
Natt til onsdag vart klimaaktivisten Vebjørn Bjelland Berg på ny henta av politiet etter å ha slått seg ned ved Stortinget. Han er no politimeld.

Aktivisten er meld for ikkje å rette seg etter pålegg frå politiet om å fjerne seg, opplyser operasjonsleiar Marita Aune i Oslo politidistrikt til NTB.
– Vi har agert på eit krav frå Stortinget om fjerning av leiren som var der, og så var det ei bortvising av han, seier operasjonsleiaren.
Bjelland Berg vart først henta av politiet seint tysdag kveld og teken med til legevakta noko før midnatt.
Klimaaktivisten har sveltestreika i 21 dagar.
– Eg fekk stadfesta at eg framleis er ved mine fulle fem, sa han til NTB etter å ha vorte henta første gong.
Henta igjen
Bjelland Berg vart på ny henta av politiet og teken med til legevakta, opplyste vennen Sverre Bjørnhaug til NTB ved 3.30-tida. Då var det gått om lag ein time sidan den sveltestreikande aktivisten på ny slo seg ned på Eidsvolls plass.
Denne gongen vart aktivisten politimeld.
– Det var ei bortvising som ikkje vart overhalden. Han har komme tilbake og er meld for å ikkje rette seg etter pålegg, fortel operasjonsleiar Aune.
Førebels gjennomfører ikkje politiet seg noko meir i saka, som eventuelt blir følgd opp frå deira side utover onsdagen, ifølgje henne.
Fetteren til statsråd
Aktivisten, som er fetteren til klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap), starta aksjonen på Arneageren i Stavanger 30. juli. Han heldt fram i Arendalsveka før han flytta seg vidare til Eidsvolls plass framfor Stortinget der han har vore dei siste dagane.
– Eg skulle gjerne ønskje at eg kunne få bli her mykje tryggare enn dette. Eg er bestemd på å halde oppe denne protesten, og då blir eg så lenge eg får vere i fred. Om eg får bli ut natta, håpar eg at det blir mogleg å få sett opp eit telt så eg får lov til å faste i fred her frå og med i morgon, sa Bjelland Berg då han var tilbake ved Stortinget i natt.
Han har under aksjonen ikkje teke til seg næring, men har drukke vatn og teke tilskot av salt og vitamin.
Usikker varigheit
Måndag fjerna politiet teltet som Bjelland Berg og andre aktivistar frå Extinction Rebellion har brukt. Han nekta å følgje eit pålegg om å pakke saman sakene. Støttespelarane skaffa etterpå til vege eit nytt telt, men tysdag ettermiddag kom politiet tilbake og fjerna også dette.
Natt til onsdag var Vebjørn Bjelland Berg utstyrt med sovepose, liggjeunderlag og to teppe, men politiet tok dette då dei henta han for andre gong, ifølgje Sverre Bjørnstad.
Kor lenge Bjelland Berg ønskjer å halde på, er uklart.
– Eg starta 40 dagar før valet. Utover det har eg sagt at eg tek det dag for dag. Men eg kjenner at eg har det i meg å halde det gåande ei god stund lengre enn dette, seier aktivisten.