Tapte klimasøksmålet i Høgsterett

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natur og Ungdom og Greenpeace saksøkte i 2016 den norske staten for tildelinga av ny oljeboring i Barentshavet gjennom 23. konsesjonsrunde.

Organisasjonane meiner at oljeboringa bryt med miljøparagraf § 112 i Grunnlova som slår fast at borgarane har rett til eit leveleg miljø og at staten skal setja i verk tiltak som sikrar denne retten.

Tysdag fall dommen. Høgsterett slo samrøystes fast at terskelen for å overprøva Stortingets vurdering av miljøparagraf i Grunnlova er «svært høg».

Høgsterett meiner at paragrafen i grunnlova 112 berra kan brukast av retten dersom Stortinget har forsømt pliktene sine på grovt vis. Det meiner Høgsterett dei ikkje har gjort sidan staten har sett i verk ei rekke tiltak for å redusera utslepp.

Eit mindretal på fire dommarar meinte det var gjort sakshandsamingsfeil ved opninga av Barentshavet søraust i 2013, ved at moglege framtidige globale utslepp av klimagassar ikkje var vurderte i konsekvensutgreiinga. Dette måtte etter deira syn føra til at opninga av Barentshavet søraust måtte vurderast på nytt, basert på ei ny konsekvensutgreiing.

Les meir om dommen på nettsidene til Høgsterett!

Dommarane Bergljot Webster, Henrik Bull, Ingvald Falch og Cecilie Østensen Berglund utgjorde mindretalet. Foto: skjermdump frå direktesendinga frå Høgsterett

Glade for all støtte

Miljøorganisasjonane sa før dommen at dei er glade for all støtta og merksemda klimasøksmålet har fått, både i Noreg og internasjonalt.

FNs spesialrapportør for menneskerettar og miljø, David Boyd, meiner Noregs oljeproduksjon bryt med menneskerettane.

– Då me saksøkte staten for fire år sidan vart me skulda for å nærast undergrava demokratiet. No får me støtte frå Noregs institusjon for menneskerettar, FN og tunge miljørettslege miljø. Samtidig har millionar av barn og unge streika frå skulen i klimaprotest. Det er eit heilt anna medvit om klima og natur enn i 2016, sa Frode Pleym, leiar i Greenpeace Noreg i ei pressemelding før dommen fall i dag.

LES OGSÅ: Danmark har sett sluttdato for olje og gass

Leiarane i dei fire miljøorganisasjonane bak klimasøksmålet, frå v. Therese Hugstmyr Woie i Natur og Ungdom, Maren Esmark i Naturvernforbundet, Steinar Winther Christensen i Besteforeldrenes klimaaksjon og Frode Pleym i Greenpeace Noreg på plass i Høgsterett under behandlinga av saka i november. Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Tapte i tingretten og lagmannsretten

Miljøorganisasjonene meiner tildelinga av oljelisensar i Barentshavet vil føra til auka utslepp, og at dette er eit brot med Parisavtalen og miljøparagrafen i Grunnlova.

Miljøorganisasjonane tapte i hovusak både i tingretten og i lagmannsretten.

Tingretten gav likevel saksøkarane rett i at miljøparagrafen er å rekna som ei rettsavgjerd. Lagmannsretten gav saksøkarane endå to sigrar: Noreg har ansvar for utslepp frå norsk petroleum òg utanfor Noreg – og miljøorganisasjonane skulle sleppa å betala sakskostnader i rettssaka.

Då Høgsterett bestemte at dei ville handsama søksmålet, så bestemte dei samstundes at miljøorganisasjonane skulle sleppa å betala sakskostnadene.

Framtida.no følgjer saka, og kjem med fleire kommentarar seinare.

LES OGSÅ: Ny undersøking: Over halvparten seier nei til oljeleiting i Arktis

Den 30. august 2019 var tusenvis av skuleelevar samla til klimastreik framfor Stortinget. Foto: Ingvild Eide Leirfall

GRUNNLOVA § 112

  • Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.
  • Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.
  • Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.