Slik blir barna ramma akkurat no:
• 240 millionar barn er sterkt utsett for kystflaum
• 330 millionar barn er sterkt utsett for elveflaum
• 400 millionar barn er sterkt utsett for syklonar
• 600 millionar barn er sterkt utsett for vektorbårne sjukdommar
• 815 millionar barn er sterkt utsett for blyforureining
• 820 millionar barn er sterkt utsett for hetebølgjer
• 920 millionar barn er sterkt utsett for vassmangel
• 1 milliard barn er sterkt utsett for ekstremt høge nivå av luftforureining
Saka stod først publisert hjå Framtida Junior! Der kan du òg lese om papegøyene som lærer kvarandre å finne mat i søppelkasser og om korleis eit verdsrom-do ser ut!
1 milliard barn i 33 land, er no er i ekstrem fare grunna kombinasjon av klima- og miljøtruslar og sårbare lokalsamfunn, skriv UNICEF.
Det kjem fram den aller første klimarisikoindeksen for barna i verda.
Indeksen rangerer alle verdas land basert på kva klima- og miljø-utfordringar barn kan møta på, som mellom anna hetebølgjer og syklonar. I tillegg har UNICEF også tatt for seg kor sårbar lokalmiljøet til barna er, dersom desse ekstreme hendingane skulle skje.
– Klimaendringane er djupt urettferdige
Ved å analysera og samanlikna fakta om barn frå i alt 163 land i verda, har UNICEF kome fram til at det er barna i Afrika og deler av Asia som er mest utsett. 99 % av alle barn i heile verda er utsett for minst ein klimatrussel akkurat no.
– Klimaendringane er djupt urettvise. Sjølv om ingen barn er ansvarlege for stigande globale temperaturar, er det dei som må betala den høgaste prisen. Barna frå dei landa som er minst ansvarlege for klimaendringar vil merka det aller mest, seier direktør i UNICEF, Henrietta Fore og held fram:
– For første gang har me eit komplett bilde av kor sårbare barn er for klimaendringar, og det bildet er frykteleg. Nesten ingen barn er upåverka, seier Fore.

- Les også intervjua med klimaaktivistar heile verda rundt: – Om du risikerer å streike i Russland, så er det definitivt alvorleg, fortel Arsjak (26)
No krev UNICEF handling
UNICEF oppfordrar regjeringar og bedrifter til å lytta til barn og prioritera tiltak som vernar dei mot konsekvensane av klimaendringane. Samtidig vil dei at arbeidet med å redusera klimautslepp må oppskalerast betrakteleg.
Dette er UNICEF sine oppfordringar til myndigheiter, næringslivsaktørar og relevante organisasjonar:
- Auka investeringane i klimatilpasning av tenester for barn.
- Redusera klimagassutslepp i samsvar med Parisavtalen. Omfattande og akutte tiltak er naudsame.
- Gi barna klimaopplæring og miljøferdigheiter.
- Inkludera unge menneske i alle nasjonale, regionale og internasjonale klimaforhandlingar og avgjerdsler.
- Sørga for at gjenoppbyggingen etter Covid-19-pandemien er grøn, karbonfattig og inkluderande.
- Les også intervjuet frå Sicilia, der det vart mål europeisk varmerekord: – Dystopisk, seier Valerio (23) og Dina (19)
– Eit moralsk ansvar for å gå føre i klimakampen

Til NTB seier leiaren for Miljøpartiet Dei Grøne, Une Bastholm, at rapporten er nok eit bevis på kor livsfarleg og urettvis klimatrusselen er, og kor mykje det hastar å ta grep.
– Klimakrisa er ei krise for barn og unge i heile verda, men det er barna i dei landa som har bidrege minst til krisa som blir hardast ramma. Som eitt av dei rikaste landa i verda, ein rikdom vi delvis har bygd på eksport av olje og gass, har vi i eit sterkt moralsk ansvar for å gå føre i klimakampen, seier Bastholm til NTB.
Ho krev stopp i olje- og gassleiting, meir klimabistand og raskare kutt i Noreg.
- Les også saka: Marie (19) vil vise at slow fashion kan vere dritkult
