Natur og Ungdom: Derfor saksøker me staten

Gaute Eiterjord
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den 18. mai 2016 braut staten grunnlova vår. Då delte olje- og energidepartementet ut løyve til å leite etter olje lenger nord enn nokosinne gjennom den såkalla 23. konsesjonsrunde, i strid med miljøfaglege råd og klimamål.

Natur og Ungdom og Greenpeace Norge tar 14. november dette grunnlovsbrotet til retten. Grunnlova vår slår fast i §112 at me alle har rett til eit helsesamt miljø og at staten skal ivareta denne retten. Me meiner staten heilt klart bryt grunnlova gjennom dette vedtaket. Besteforeldrenes Klimaaksjon er involvert som partshjelp i søksmålet, og ei rekke andre organisasjonar er tilslutta kampanjen og søksmålet.

Gaute Eiterjord er 1. nestleiar i Natur og Ungdom.

Gaute Eiterjord er 1. nestleiar i Natur og Ungdom. Foto: NU

Årsaka til at me har valt denne saka er fordi den er eit av dei mest slåande døma på at staten ikkje tar vare på miljøet vårt. Då staten delte ut oljeløyve i Barentshavet i fjor var det første gong på 20 år fekk oljeindustrien tilgang til eit heilt nytt havområde. Dette skjedde i strid med råda frå Miljødirektoratet og Norsk Polarinstitutt, som meinte at oljeleiting på fleire av desse områda ikkje burde gjennomførast av omsyn til den sårbare og verdifulle iskantsonen. Dersom det skjer ei ulykke i desse områda vil det vere katastrofalt for naturen og ein har ingen god måte å rydde opp i oljesøl på is.

Oljebonanzaen er òg i strid med klimamåla. Berre veker før olje- og energidepartementet delte ut 23. konsesjonsrunde, hadde Norge signert den globale klimaavtala frå Paris. I denne avtala tar ein sikte på at klimaendringane ikkje skal bli verre enn at temperaturen på jordkloden skal auke med maksimalt halvannan grad.

Dette er eit utruleg viktig mål fordi ein høgare temperaturauke vil gjere konsekvensane av klimaendringane – ekstremvær, flaum, tørke og så bortetter – langt sterkare. Det er heilt avgjerande for dei fattigaste landa i verda, som har gjort minst for å bidra til klimaendringane men blir ramma aller verst.

Norge stilte seg altså bak Parisavtala og målet om å hindre verkeleg farlege klimaendringar, men på heimebane legg me opp til det stikk motsette. Klimaforskarane meiner at dersom ein skal overhalde klimamåla, må det aller meste av dei kjente olje- og gassressursane bli liggande i bakken. Ein rapport frå Oil Change International slår fast at berre ressursane som finst på dagens olje- og gassfelt er inneheld for store utslepp til at dei kan utvinnast viss me skal ha sjans på å nå klimamåla.

Gjennom å dele ut løyve til oljeverksemd i Barentshavet veddar staten på at me ikkje skal nå klimamåla.

Gjennom å dele ut løyve til oljeverksemd i Barentshavet veddar staten på at me ikkje skal nå klimamåla. Det tar vanlegvis ti år frå ein finn olje til feltet er bygd ut. Ressursane som finst i dei områda staten har gitt oljeselskapa lov til å leite og utvinne olje i, vil dermed etter planen utvinnast først nærmare 2030. Skal me nå klimamåla er det ikkje aktuelt å opne nye felt då, tvert imot skal me jo innan den tid ha lagt om til fornybar energi og bruke langt mindre olje og gass.

Som del av arbeidet med klimasøksmålet har me og avdekka at olje- og gassverksemd i Barentshavet kan vere langt mindre lønsamt enn det olje- og energidepartementet la til grunn ved opninga av området. Mellom anna blei det gjort ein mykje omtalt Excel-feil som ga over 130 milliardar (!) meir i inntekter enn det som var tilfelle.

Staten har i dag fleire gunstige ordningar for oljeselskap som gjer at dei kan ta stor risiko ved oljeleiting. Mellom anna dekker staten 78 % av utgiftene ved leiting etter olje, og oljenæringa har mange andre skattefordelar som annan industri ikkje har. Ikkje berre bidrar dette til eit høgt utvinningstempo, men det gjer og at staten satsar store summar på ei næring som er alt anna enn framtidsretta. Den siste tida har det og kome fram at det er svært usikkert Goliat – det så langt einaste oljefeltet i Barentshavet – nokosinne vil bli lønsamt for staten.

Det er med andre ord fleire ting som skurrar med at norske styresmakter lar oljeindustrien forsyne seg av sårbar område i Barentshavet. Når Norges første klimasøksmål går av stabelen neste veke er det historisk. Det er ikkje berre fordi det er første gong ein bruker «miljøparagrafen» i norsk rett. Det er og fordi dette gir oss ein sjanse til å sette foten ned mot at oljeindustrien stadig skal få «køyre på litt» utan omsyn til den grunnlovsfesta retten me har til miljø, klima og ei trygg framtid.