Spire-leiaren om FN-møte: – Menneskerettar må vike for storselskapa sine interesser

Julie Rødje håpar på strengare forpliktingar til styresmakter og selskap, men trur FN-toppmøtet vert prega av næringslivsinteressene.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 26.09.2021 19:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag møtest styresmakter i FN sitt globale toppmøte om matsystem. I den norske delegasjonen sit Julie Rødje, leiar i Spire og representant i ForUM, som ein av representantane for sivilsamfunnet i Noreg.

Ho har låge forventningar til det som i stor grad vert eit digitalt møte.

– Dei som vert råka hardast av korleis matsystemet er lagt opp i dag, av klimaendringane og av handelsstrukturane som finst – land i sør, urfolk og småbønder – er dei som får minst å seie, spår Rødje på telefon til Framtida.no.

Ho fryktar eit møte med mange store lovord, men lite innhald. Eit møte der store selskap legg grunnlaget for profitt, medan dei mest sårbare for klimaendringar og sviktande matsikkerheit sit att med rekninga.

Statar sitt ønske om økonomisk vekst og størst mogeleg frihandel uansett kostnaden for urfolk, bondeorganisasjonar og miljøet, er det som vinn fram i stor grad, seier Rødje.

Fleire svelt etter korona

Målet med FNs mattoppmøte er å sikre framgang på dei 17 berekraftsmåla gjennom meir berekraftige og rettferdige matsystem. Korleis klare å brødfø verdsbefolkninga og samstundes unngå klimakatastrofe?

Koronapandemien har mellom anna ført til at målet om å utrydde svolt og feilernæring innan 2030 er fjernare enn før. Tal frå Verdas matvareprogram (WFP) syner at pandemien førte til at ytterlegare 118 millionar menneske opplevde svolt i fjor, og at mellom 720 og 811 millionar menneske opplevde svolt i 2020.

Blant temaa som vert diskuterte på det komande FN-møtet er skulemat til born, matsvinn og klimareform i landbruket.

– Ironisk at «folkets toppmøte» ikkje får til dialog

FN har arbeidd med torsdagens toppmøte i halvanna år, og sidan januar har Rødje følgt aktivt med på førebuingane. Før første møte i det heile er halde, har FN-møtet møtt kritikk og skuldingar om å vere for tett knytt til storindustrien.

– Då ein såg at stemmer frå det globale sør ikkje vert inkluderte, og at menneskerettsperspektivet må vi vike til fordel for storselskapa sine interesser og maktposisjon, så starta ein alternativ prosess for det globale sivilsamfunnet, seier Rødje.

I mars annonserte paraplyorganisasjonen Civil Society and Indigenous Peoples’ Mechanism, som representerer 500 sivilsamfunnsgrupper og meir enn 300 millionar medlemmar, at dei ville boikotte toppmøtet og heller arrangere sitt eige parallelle møte.

155 organisasjonar frå 31 land har òg skrive under på ei opprop, der dei ber FN bryte samarbeidet med Verdens Økonomiske Forum. Organisasjonane skuldar forumet for å berre jakte profitt, og ber FN om å inkludere marginaliserte grupper som urfolk, bønder, kvinner og unge i møtet.

Også innanfor FN har det kome kritikk mot møtet. Michael Fakhiri, som er FNs spesialrapportør på retten til mat, har uttrykt uro for at forretningsinteresser skal vere leiande.

– Medan deltaking frå den private sektoren er viktig for å skape endring, så er det ingen langbruksgigantar som leier arbeidet eller som er eigenhendig ansvarleg for å definere utfallet av møtet, skreiv Dr. Agnes Kalibata, som leier det føreståande møtet, hjå The Guardian i mars som svar på kritikken. 

Agnes Kalibata er FNs spesialutsending for FN-toppmøtet om matsystem, Her frå førebuingsmøte i Roma i juli. Foto: UN Photo/Alessandra Benedetti

Spire-leiar Julie Rødje meiner det er problematisk at viktige stemmer ikkje vert tekne med, og peikar på at FN mister mogelegheita for reell dialog og løysingar som varetek menneske sin rett til mat og berekraftige løysingar. 

Ho fortel at sommarens formøte i Roma, som fleirtalet følgde digitalt, bar eit konferansepreg, der alle som fekk kome til orde var planlagt. Noko ho trur vert tilfelle også torsdag:

– Ein har kalla det folkets toppmøte, og det er ekstremt ironisk at ein då ikkje får til ein dialog, men at det berre vert einvegskommunikasjon, seier ho.

Menneskerettar over frihandel

Julie Rødje meiner fokuset for lenge har lege på korleis selskap skal tene pengar på omstilling og utvikling, og for lite på behova til dei som vert råka.

– Når vi snakkar om behovet for å utvikle ny teknologi, då ser vi i diskusjonane at fokuset ligg på kva selskap som kan utvikle teknologien og korleis dei kan få marknadsført og selt han. Fokuset ligg ikkje på behovet til småbøndene og kva teknologi dei treng. 

Spire-leiaren seier slutterklæringa FN-toppmøtet ikkje vil munne ut i tydelege krav, men ho håpar likevel konkrete tiltak vert følgde opp.

Samstundes håpar ho at møtet fører til at matsystem og -sikkerheit hamnar høgare oppe på prioriteringslista både internasjonalt og i Noreg.

– Eg håpar at dette vert ein boost til ei ny norsk regjering, at dei ser kor store utfordringar ein har i det globale matsystemet i dag, seier Rødje, som trur Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti kan kome nærare kvarandre og finne ein felles plattform i matpolitikken.

Julie Rødje håpar den komande regjeringa, som truleg vert sett saman av Ap, SV og SP, prioriterer menneskerettar over frihandel. Biletet frå partileiardebatt i 2017, med Une Aina Bastholm (MDG), Audun Lysbakken (SV), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Jonas Gahr Støre (Ap). 
Foto: Stortinget/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Ho etterlyser ein kraftig auke i internasjonal bistand, klimafinansiering og -tilpassing, og presiserer at matsystem lyt verte prioriterte. I tillegg bør Noreg jobba aktivt internasjonalt for at lokalbefolkningar skal ha rett til å eige og drive jord, og for at marginaliserte grupper skal få delta i kooperativ og bondeorganisasjonar.

Samstundes meiner ho menneskerettsperspektivet bør vere rettleiande i handelsavtalar og næringspolitikken – det er ikkje nok at selskap har retningslinjer, statar må innføre lover og krav som hindrar uetisk produksjon.

– Vi kan ikkje halde fram med å gå inn i urettferdige avtalar, som går på kostnad av andre menneske sin rett til mat og liv. Det må vege tyngre enn kortsiktig profitt.


Innbyggarar i Praia Nova-området i Beira Mosambik, søker ly og vern mot den tropiske stormen Eloise, som slo inn over landet 23. januar 2021 med vindfatar på 160 kilometer i timen. Foto: UNICEF/Franco