Menneskerettsekspert om klimaendringane: – Ein trugsel utan sidestykke for heile menneskeslekta

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først publisert hjå Energi og Klima og er omsett og republisert med velvilje. 

I går starta Høgesterett si behandling av klimasøksmålet mot Den norske stat. Ein ny rapport fra Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM) er klinkande klår: Klimaendringane utgjer den største trugselen mot realisering av menneskerettane.

Fagdirektør ved NIM, Jenny Sandvig, la rapporten fram på eit seminar 21. oktober. Sandvig forklarar at Grunnlova forpliktar staten til å hindre alvorlege klimaendringar av omsyn til generasjonane som kjem etter oss. Og kvifor NIM meiner det er logisk at forpliktingane også gjeld utslepp frå norsk olje og gass som skjer utanfor Noregs grenser.

<2°C: – Kvifor – eller kanskje korleis – heng klima og menneskerettar saman?

– Det korte svaret? På minst tre måtar. Den første og mest grunnleggjande samanhengen er at menneskerettane kan forplikte staten til å avverje farlege klimaendringar ved å kutte klimagassutslepp.

– For det andre, kan det forplikte staten til å treffe tiltak for å avgrense skadar frå klimaendringar som ikkje kan unngåast, og beskytte menneske som vert eksponerte, for eksempel klimafordrivne. Og for det tredje, omsynet til andre menneskerettar kan krevje vurderingar av om klimatiltak er forholdsmessige og naudsynte

Ein rett som forpliktar staten

– Kan du utdjupe den første? Om å avverje farlege klimaendringar?

Jenny Sandvig er fagdirektør ved Noregs institusjon for menneskerettar (NIM), som er eit uavhengig organ underlagt Stortinget. Foto: Hanne Johre/NIM

– I Grunnlovas kapittel om menneskerettar finn vi § 112 som gir rett til eit miljø som sikrar helsa, og til ein natur der produksjonsevne og mangfald vert bevart. Bestemminga seier vidare at naturens ressursar skal disponerast ut frå ei langsiktig og allsidig betrakting som ivaretek denne retten også for etterslekta. Borgarting lagmannsrett la til grunn at dette er ei rettsbestemming som forpliktar staten. Rekkjevidda av bestemminga skal Høgesterett i plenum no ta stilling til i det såkalla klimasøksmålet.

– Det følgjer dessutan av Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) at staten er forplikta til å beskytta innbyggjarane mot reell og overhengande fare frå miljøskader, som staten kjenner eller bør kjenne til. Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har sjølv ikkje direkte tatt stilling til saker om klimarisiko. Spørsmålet om kva vern EMK gir i slike saker må difor sjåast på som uavklart. Men EMD har brukt denne regelen på miljøfarar som berre hypotetisk vil kunna inntreffa, innafor eit tidsrom på fleire tiår.

– Nederlandsk høgsterett har konkludert med at den logiske implikasjonen er at risiko frå farlege klimaendringar er omfatta av vernet. Denne risikoen er jo ikkje hypotetisk, men latent og eksisterende, innafor eit tidsrom på nokre tiår. Nederlandsk høgsterett fann at staten var forplikta til å avverje risiko for farlege klimaendringar ved å redusere klimagassutslepp med minst 25 prosent innan utgangen av 2020.

Klimasøksmålet tapte i Borgarting lagmannsrett, men anka saka vidare til Høgsterett, der saka har starta. Frå venstre: Greenpeace-leiar Frode Pleym, Naturvernforbundet-leiar Silje Lundberg, Aud Nordø, Runa Røed, Åsa Braut Bache, Lea Justine Nesheim, og Gaute Eiterjord, Halvard Raavand, Haldis Helle, Mari Seilskjær. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

– Ein eksistensiell trussel mot menneskeleg liv

– Kva menneskerettar er det først og fremst klimaendringane trugar?

– Den viktigaste menneskeretten er retten til liv. Og klimaendringane er ein eksistensiell trugsel mot menneskeleg liv på jorda. Allereie ved dagens oppvarming på éin grad, ser FNs klimapanel at det er moderat risiko for liv og helse. På Svalbard har liv allereie gått tapt i ras som truleg følgjer av klimaendringar. Havstigning, ekstremvêr, tørke, flaum, vassmangel, og brannar trugar også føresetnadane for realisering av andre menneskerettar. FNs menneskerettskomitear har peikt på at klimaendringane utgjer prekære trugslar mot mellom anna retten til fysisk integritet, helse, urfolks rettar, og barns rettar.

Klimaendringane utgjer ein katastrofal trugsel mot global sikkerheit

– I tillegg vil vi stå overfor ei flyktningkrise utan sidestykke. FN antar at opptil éin milliard menneske risikerer å bli klimafordrivne innan 2050. Ved to graders oppvarming risikerer vi også å utløyse vippepunkt som kan få katastrofale og ukontrollerbare konsekvensar.

Dette er grunnen til at FNs høgkommissær for menneskerettar ser klimaendringane som den største trugselen mot realisering av menneskerettar nokosinne. Vi deler den situasjonsskildringa.

– Verkelig? Kva med krig, svolt, fattigdom, autoritære regime, kvinneundertrykking og atombomber, for å nemne nokre? Inneber ikkje sånt større krenkingar?

– Alvoret, omfanget og irreversibiliteten av klimaendringene er ein trugsel utan sidestykke for heile menneskeheita. Om ikkje klimagassutsleppa vert avgrensa, vil det medføre lidingar i eit omfang vi ikkje har sett før. Og dette vil sjølvsagt forsterke dei trugslane du nemner med svolt, fattigdom og ikkje minst konflikt over naturressursar. Ein rapport frå Center for Climate and Security konkluderte nyleg med at klimaendringane utgjer ein katastrofal trugsel mot global sikkerheit.

Set rammene for politikken

– Og difor må vi ha ein ambisiøs klimapolitikk. Men denne rapporten later til å vere meir retta mot domstolar. Kor går grensa her, eigentlig, mellom juss og politikk?

– Stortinget er lovgjevande myndigheit, mens domstolane har rett og plikt til å kontrollere om myndigheitsutøving og lovgjeving i konkrete tilfelle er i samsvar med rettar etter lov og Grunnlov. Menneskerettane rammer altså inn rommet for politisk handlefridom, her som på andre område. Samtidig er det viktig å understreka at domstolane berre prøver lovligheita av vedtak. Dei gjer ikkje politiske avveiingar eller gir dom for utfallet.

– I Noreg har domstolskontroll lang historisk forankring. Det gjeld også på område der det er politisk ueinigheit, som skatter og avgifter, asylsaker, eller fiskeripolitikken, for å nemne noko. Det nye her er at det er første gang Høgsterett tek stilling til miljøparagrafen i ei sak om klimautslepp, og ikkje minst den eksistensielle trugselen som domstolen må halda seg til. Domstolane skal altså ikkje definere klimapolitikken, det er politikarane sin jobb. Men det må skje innafor menneskerettslege rammer, som Høgsterett her skal tolke.


Under den digitale klimastreiken fredag 25. september skal KrF-politikar Tore Storehaug (t.v), Høgre-politikar Stefan Heggelund (midten) og tidlegare miljøminister og Venstre-politikar Ola Elvestuen møta til debatt. Dei møter klåre krav frå Spire-leiar Julie Rødje (t.v) og Hilda Bævre Bergseth i KFUK-KFUM Global. Foto: Stortinget/Privat

Har greia ut for Høgsterett

– Så de rører område som er relevante for klimasøksmålet som vert behandla i Høgsterett no?

– Rapporten er ein brei gjennomgang av dei menneskerettslege reglane slik vi meiner dei er å forstå per i dag. Men den femnar langt vidare enn rettsspørsmåla som er tema for Høgsterett. Vi drøftar for eksempel om klimafordrivne kan ha rett på internasjonalt vern. Og vi går gjennom klimasøksmål i andre land som er basert på menneskerettskonvensjonar som Noreg er forplikta etter. Slike temarapportar som denne er ein alminneleg del av vårt arbeide, på mange felt. Vårt mandat og oppgave er å gi råd om korleis vi meiner menneskerettane må forståast. Det har særleg relevans på rettsområde med rask rettsutvikling, som her.

Domstolane skal ikkje definere klimapolitikken, det er politikarane sin jobb.

– Når det gjeld dei vurderingane som har generell relevans for den saka som no står for Høgsterett, så har vi meddelt retten vårt syn i god tid i samsvar med reglane for skriftlege innlegg i tvistelova. Dette innlegget er ikkje til støtte for nokre av partane, men eit brev til retten der vi gjer greie for vårt syn på saka sine menneskerettslege spørsmål for å belyse allmenne interesser. Men vi tek ikkje konkret stilling til om søksmålet bør føra fram.

– Du nemnde nederlandsk høgsterett, og viser vel då til Urgenda-saka – meir generelt, kva er trenda internasjonalt i slike spørsmål?

– To ting peiker seg ut: For det første er det ei utvikling der organisasjonar som Europarådet og FN omtalar klimagassutslepp og klimaendringar som presserande trugslar mot nolevande og framtidige generasjonar.

–  For det andre er det ei utvikling der flere domstolar og menneskerettsorgan tolkar eksisterande menneskerettar til å omfatte positive plikter til å avverje farlege klimaendringar. Eller at dei ser klimatrugselen for å vere ein umiddelbar trugsel mot retten til liv og helse.

– Kommande generasjoner vil lide

– Apropos «trugslar mot nolevande og framtidige generasjonar» er de også opptekne av: I rapporten snakkar de om «rettslege skranker» for desse. For oss som ikkje er jurister: Kan du utdjupe det?

– Grunnlova § 112 seier at retten til eit miljø som sikrar helsa skal ivaretakast også for etterslekta. I forarbeida heiter det at bestemminga skal sikre tilfredsstillande livsvilkår i framtida. Ordlyden tilseier dimed at bestemminga skal beskytta etterslekta si kollektive interesse i eit trygt klima. Høgsterett skal ta stilling til korleis dette skal forståast.

– Eit sentralt poeng då er at dei som i sterkast grad vil li på grunn av våre utslepp, er born i dag, deira born og alle generasjonane som følgjer. Dei kan ikkje påverke demokratiske prosessar i dag. Dei kan heller ikkje påverke det som kan bli irreversible konsekvensar av våre utslepp i dag.

– De skriv at vi også har ansvar for utsleppa utanfor Norge, altså frå norsk olje og gass, og ikkje berre utsleppa som skjer innanfor grensene våre. Korleis heng dette i hop?

– Eg skal ikkje gå i detalj i den juridiske argumentasjonen her, dette er jo eit viktig spørsmål som Høgsterett skal ta stilling til. Men det vi vurderer, er om norske myndigheiter etter Grunnlovas § 112 pliktar å vurdere klimaeffektane frå alle utslepp som følgjer av ei tillating vedteke av norske myndigheiter, eller om dei kan sjå bort fra det som til slutt forbrennast utanfor norsk territorium. Lagmannsretten la til grunn at myndigheitene også må vurdere klimaeffekten av forbrenningsutslepp etter eksport. Vi legg oss på samme linje.

Bilete frå skulestreik og Klimabrølet i Oslo, 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Naturlig at Grunnlova følgjer samme prinsipp

– Men hvordan grunngjev de det?

– Utan å føregripe Høgsterett si behandling, så grunngjev vi det for det første med at grunnlovsbestemminga krev ei allsidig og langsiktig vurdering. Forarbeida slår dessutan fast at bestemminga bør pregast av gjeldande miljørettsprinsipp. Eit helt grunnleggjande miljørettsleg prinsipp er likestilling av verknad frå forureining på tvers av landegrenser. I tråd med forarbeida er det naturleg at Grunnlova følgjer same prinsipp.

– I tillegg: Formålet med utvinning er jo som regel forbrenning. Klimaeffekten er den same, uansett kor forbrenninga skjer. Og ein vesentleg del av skaden skjer allereie ved at det fossile karbonet vert flytta ut av det langsame karbonkrinsløpet, og dimed vert tilgjengeleg for forbrenning.

– Kan norske selskap bli erstatningsansvarlege om den logikken slår igjennom?

– Det vurderer ikkje vår rapport, så det skal eg ikkje uttala meg om. Vår vurdering knyter seg til rekkevidda av utrgreiingsplikta. Det sagt, så er erstatningsansvar for selskap tema i fleire pågåande søksmål internasjonalt, men då primært basert på nasjonale erstatningsreglar.


Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no

Dette seier Grunnlova § 112:

«Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.»

Kjelde: Lovdata