Cinta Hondsmerk (20) og Andrine Borbe (16) er med i Extinction Rebellion Ung. Dei tar i bruk drastiske tiltak for å provosera fram ein ny klimapolitikk.
mm

2,1 millionar kroner i bøter, fordelt på 129 aktivistar. Det var resultatet av «Nordic Rebellion» i Noreg, ei rekke demonstrasjonar og aksjonar utført av Extinction Rebellion (XR) med mål om å «vekke folk».

– Alle andre måtar er utprøvd, seier Cinta Hondsmerk. Ho har vore aktivist i snart tre år, og meiner politikarane ikkje tar innover seg at klimakrisa krev langt meir kraftfulle endringar.

Heller ikkje andre miljøorganisasjonar slik som Naturvernforbundet har vore framande for demonstrasjonar og ulovleg aksjonisme, men hos Extinction Rebellion er denne påverknadsforma spesielt markant.

– Me aksjonerer fordi politikarane ikkje har høyrd på oss. Unge har skulestreika, men får tommel opp og klapp på skuldra, før politikarane snur seg rundt og deler ut nye løyve til oljeboring. Ingenting har funka, så derfor går me så langt, seier Hondsmerk.

Generasjonskonflikt eller interessekonflikt?

Lenkeaksjonar og ulovleg aksjonisme har ei lang historie i Noreg. Spesielt minneverdige er aksjonane mot vasskraftutbygginga av Altavassdraget og «monstermastene» i Hardanger.

Eit trekk ved klimasaka er at den i størst grad gjeld dei som har minst påverknad på politikken. Dei som endå ikkje er røysteføre, som endå ikkje kan snakke for seg, eller som endå ikkje er fødd, vil i størst grad kjenne konsekvensane av politikken.

– Er det ein generasjonskonflikt me er vitne til?

– Noko av det vakraste ved XR er at vi også har pensjonistar som bruker all tida si på dette. Men så er det også veldig mange unge vaksne, seier Borbe.

Hondsmerk legg til:

– Eg føler ikkje det er så mykje generasjonskonflikt som interessekonflikt. Det er også mange eldre som kjem bort til oss og viser støtte under skulestreikar.

Vil påverka utan røysterett

Samstundes meiner dei at mange eldre nok føler at dei har gitt mykje, i form av velstand, og at dei unge er lite takksame for dette.

– På eit vis er det jo riktig, at olja har bidratt til rikdommen vi har no. Men no er det på tide å legga det bak seg, meiner Hondsmerk.

Ingen av dei to XR-aktivistane kan røyste ved stortingsvalet i år. Hondsmerk er ikkje norsk statsborgar, Borbe er enno ikkje gammal nok.

Frå ein tidligare XR-demonstrasjon. Foto: Extinction Rebellion Norge

– Eg har prøvd å påverke på alle andre måtar, gjennom ungdomsråd og mykje meir. Men eg føler ikkje at det nødvendige blir gjort, og tida renn frå oss, seier Hondsmerk.

Sjølv gir ho opplæring til andre aktivistar i ikkje-valdeleg aksjonisme, der målet er å behalda roa i alle situasjonar som måtte oppstå. Måndag, under «det nordiske opprøret», blei ho for første gong sjølv arrestert.

– Det gjekk veldig bra. Det var fint å få oppleve dette sjølv, og ikkje berre gi trening. Eg satt inne i tre timar, fekk vegansk suppe, og las bok, seier Hondsmerk, som vaks opp i Suldal i Indre Ryfylke.

Høge bøter hevar terskelen

Dei siste vekene har fleire reagert på storleiken på bøtene. Somme aksjonistar måtte ut med så mykje som 13 000.

– Me synest jo bøtene er heilt vanvittig store. I Sverige og Danmark er det snakk om eit par tusen, mens her er det alt ifrå 8000 til 13 000. For meg som er student blir terskelen dermed ganske høg for å bli med, seier Hondsmerk.

– Men sidan dette er så sterkt og viktig for meg, og angår framtida til heile min familie, meiner eg at det likevel er verd det. Men mange andre vil nok ikkje tenkje slik.

Gjennom kronerulling har Extinction Rebellion no likevel fått dekka inn omlag halvparten av dei 2,1 millionane dei blei bøtelagt. Og dei høge bøtene verkar ikkje å ha innverknad på Hondsmerk og Borbe sitt syn på aktivisme:

– XR er danna på ein frykt for framtida. Vi unge er faktisk livredde for framtida vår, seier dei.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.

LES OGSÅ: Førstegongsveljarar om Stortingsvalet: – Ein blir jo meir engasjert når ein har moglegheit til å stemme

Sofie Husseini (17) og Tonje Marie Halmrast (18) skal stemme for første gong ved Stortingsvalet til hausten, og meiner skule og klima er dei vikitgaste sakene. Foto: Kristiane Bøgwald.
Oppdatert: sundag 12. september 2021 12.58
ANNONSE