Sp vurderer å utsetje klimamål: – Baklengs inn i framtida

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På landsstyremøte til Senterpartiet måndag, opna parlamentarisk leiar Marit Arnstad for å utsetje Noregs klimamål.

– Det er skuffande at Marit Arnstad vil gå baklengs inn i framtida, seier Changemaker-leiar Naja Amanda Lynge Møretrø i ei pressemelding.

Ho peikar på den nyaste delrapporten frå FNs klimapanel som kom for ein månad sidan, og viste at over 3 milliardar menneske er svært sårbare for klimaendringar.

– Å utsetje klimamålet er stikk i strid med det all tilgjengeleg forsking på klimafeltet tek til orde for, seier Møretrø.

55 prosent kutt innan 2030

Noreg sine klimamål er å redusere utslepp av klimagassar med minst 50 prosent og opp mot 55 prosent innan 2030, samanlikna med 1990-nivå.

I Hurdalsplattforma stadfestar regjeringa at dei vil kutte norske utslepp med 55 prosent, som eit delmål på vegen mot nullutslepp i 2050.

Noreg planlegg å kutte utsleppa sine mellom anna ved å elektrifisere olje- og gassplattformer.

Arnstad meiner det er urealistisk å gjennomføre elektrifiseringa med kraft frå fastlandet åleine, og til NRK peikar ho på at det vil ta lenger tid å oppnå med havvind.

Naja Amanda Lynge Møretrø i Changemaker understrekar at det vil vere både skuffande og overraskande om regjeringa reduserer klimamålsetjingane:

– For at vi internasjonalt skal nå dei måla vi har sett er vi heilt avhengige av at alle land kuttar det dei har sagt dei skal innan 2030. Her har rike land som Noret eit særleg ansvar. At Arnstad no signaliserer det stikk motsette er provoserande, seier Changemaker-leiaren.

Støre avviser forslaget

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) uttalar til NTB at endå Senterpartiet står fritt til å diskutere politiske saker, så er ikkje forslaget aktuelt for hans parti.

– Nei, for Arbeidarpartiet ligg klimamåla fast, det slår også Hurdalsplattformen fast, skriv Støre i ein e-post til nyheitsbyrået.

Han har også tidlegare lova at krigen i Ukraina ikkje kjem til å føre til nedprioritering av klima.


Dette er noko av klimakunsten til Gina Gylver.