Skulestreik for klima for første gong sidan samfunnet opna
Fredag var det skulestreik for klima for første gong sidan samfunnet opna. I Noreg streika barn og unge i Oslo, Ås, Stavanger, Bergen og Tromsø.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Når barn og unge reiser seg i protest mot framleis øydelegging av kloden fordi vaksenpolitikarane har sove i timen, så meiner eg at er det ei betre investering i framtida enn ein skuletime, seier talsperson Ulrikke Torgersen i Grøn Ungdom til NTB.
Saman med fleire titals barn og unge, møtte ho opp framfor Stortinget i Oslo fredag for å streike for klima. Representantar frå Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) var òg til stades, mellom anna partileiar Une Bastholm og stortingsrepresentantane Lan Marie Berg og Rasmus Hansson.

Fleire MDG-politikarar møtte opp, blant anna partileiar Une Bastholm, stortingsrepresentant Lan Marie Berg og førstekandidat for Rogaland Ulrikke Torgersen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Thunberg-oppmoding
Det var den svenske klimaaktivisten Gretha Thunberg som annonserte skulestreiken på Twitter i januar.
– Bli med og streik for klima og rettferd og krev at makthavarar prioriterer klima, skreiv ho.
Streiken blir organisert i regi av ungdomsrørsla Fridaysforfuture, og land frå heile verda er med. I Noreg vart det arrangert skulestreik i Oslo, Ås, Stavanger, Bergen og Tromsø.