Ny rapport: Over 3 milliardar menneske sårbare for klimaendringar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan auga i verda er retta mot krigen som rasar i Ukraina, vart rapporten presentert måndag. Han handlar om konsekvensane av klimaendringane og kva verda kan gjere for å tilpasse seg dei.

– Dei vitskaplege bevisa er utvitydige: Klimaendringane er ein trussel mot menneskelege levekår og helsa til planeten, seier professor Hans-Otto Pörtner, som har vore med og leidd arbeidet med rapporten.

Den globale oppvarminga fører til meir ekstreme hetebølgjer, verre tørkeperiodar, hyppigare ekstremnedbør og stigande havnivå. Både landbruk, matproduksjon, busetjingsmønster, migrasjon, økosystem og trua artar kan bli sterkt påverka.

Fattige blir hardt ramma

Mellom 3,3 og 3,6 milliardar menneske lever under forhold som gjer dei svært sårbare for endringane i klimaet, ifølgje eit anslag i rapporten.

Dette er nærare halve jordas befolkning. Sårbarheita kjem av både konsekvensane av klimaendringane og forhold som gjer det vanskelegare å handtere dei.

Område sentralt i Afrika, Sør-Asia, Søraust-Asia, delar av Latin-Amerika og fleire små øystatar er utsette, ifølgje Halvard Buhaug ved fredsforskingsinstituttet PRIO i Oslo. Han er éin av seks norske forskarar som har bidrege som hovudforfattarar i rapporten.

– Nokre av desse områda er spesielt sårbare for ekstremvêr, til dømes folkerike kystområde, seier Buhaug til NTB.

Men også heilt andre faktorar kan gjere område sårbare. Buhaug peikar på fattigdom, lågt utviklingsnivå, svakt politisk styresett og politiske konfliktar – som kan gjere det vanskeleg å tilpasse seg endringane i klimaet.

– Kan bli vanskeleg å handtere

For rike land i kjøligare strøk kan dei direkte samfunnskonsekvensane av klimaendringane bli litt mindre. Men dei indirekte ringverknadene er uoversiktlege og potensielt store.

– Det kan bli politiske konsekvensar og enorme migrasjonsstraumar som det kan bli vanskelege å handtere, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) til NTB.

– Det kan bli politiske konsekvensar og enorme migrasjonsstraumar som det kan bli vanskelege å handtere, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap). Her under klimatoppmøtet i COP Glasgow. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Han peikar òg på at Noreg er ein open økonomi. Effektane av klimaendringane andre stader i verda kan destabilisere økonomien og føre til alvorlege samanbrot i verdikjedene, ifølgje Eide.

Han er denne veka i Kenyas hovudstad Nairobi, der han leier eit møte i FNs miljøforsamling. Møtet byrjar måndag, same dag som den nye klimarapporten vart offentleggjord.

Rapporten er andre del av IPCCs nye hovudrapport. Første del fekk mykje merksemd då han vart presentert i august i fjor.

– Alarmklokkene er øyredøyvande, og bevisa er ikkje til å tvile på, sa FNs generalsekretær António Guterres, som erklærte «kode raud» for menneskja.


Illustrasjonsfoto: Chris Gallagher på Unsplash