Gina (20) og Hilja (22) vil nedkjempe klimaendringar gjennom kunst

Framtida
Publisert
Oppdatert 29.03.2022 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tenkte med ein gong at «shit, dette må eg gjera noko med».

Orda kjem frå klimaaktivist, artist og sangpedagog-student Hilja Løvvik (22).

Ho fortel om augneblinken i tiandeklasse der ein engasjert lærar hadde time om klimaedringane og miljøproblematikken. Nokre elevar sov, nokre stira ut av vindauga, nokre teikna. Men Hilja var opplsukt av det læraren fortalde om.

Endeleg hadde ho funne si hjartesak. 

Mykje av ungdomstida hadde blitt brukt på nettopp å leita etter noko ho kunne vie tid og meining til. Dagane hadde gått med til diskusjonar med vener, og deltaking på demonstrasjonar for mykje ulikt.

Men det var klimakrisa som greip henne. Dette var det ho ville kjempa for.

Etter ungdomsskulen flytta ho til USA og gjekk fyrste året av vidaregåande der. Det var lite engasjement blant ungdommane i USA, og trongen for å få eit utløp for klimaangsten og engasjementet auka. 

– Det fyrste eg gjorde då eg kom tilbake til Noreg var å melda meg inn i Natur og Ungdom, fortel ho over Zoom til framtida.no.

Ynske om å laga noko større enn seg sjølv

Vegen frå ein gripande naturfagstime til eit sjølvskrive, utgjeve album om klima og miljø var lang, men ynsket om å skriva om noko som var større enn ho sjølv, var der store delar av ungdomstida. Den største utfordringa var å finna sjølvkjensla og motet til å gjera det. 

– Eg gjekk i ganske mange år og hadde lyst å skriva om klima og miljø, men eg ante ikkje kvar eg skulle byrja.

For det fyrste frykta ho at det skulle bli for barnesong-liknande og «Blekkulf-stemning», for det andre kjente ho på ærefrykta og redsla for å gjere noko feil:

– Eg føler at det finst sinnsjukt mange dårlege kjærleikssongar, so det er ingen som bryr seg om eg skriv ein dårleg kjærleikssong til. Men om eg skulle ta på meg den hatten og vera sånn «no snakkar eg på vegner av heile verda», blei eg veldig redd for å gjera noko feil, smiler Hilja.

– Eg følte mykje på at musikk ikkje var viktig nok til å driva med, fortel Hilja. Foto frå fra albumreleasekonsert på SALT i september. Foto. André Nesheim

Det var til slutt ein samtale med artisten Moddi som fekk det til å losna. 

– Eg spurde han til slutt berre «korleis får du det til?» fortel Hilja

Moddi fortalde at han sjølv ikkje la so mykje vekt på musikken fyrst, men heller skreiv om eige engasjement. Dette perspektivet vart viktig for Hilja.

– Eg byrja på eit tidspunkt å tenkja på klima som om det berre var som alle andre ting i livet.

I staden for å skriva på vegner av heile verda, skreiv Hilja no om korleis det var å vera ein sytten år gamal klimaaktivist frå Oslo.

Med rot i eige liv og eigne kjensler; frykta for, men også lysten til å gjera noko med klimaendringane, skreiv Hilja sin fyrste song om klima; «Spor på isen».

Med utgangspunkt i kjensler rundt miljø, samt eige kjærleiksliv, kan songen tolkast på mange ulike måtar.  

Vatn og andre inspirasjonskjelder

I fjor haust gav ho ut sitt fyrste album; konseptalbumet «Hvor ble regnet av?».

Inspirasjonen finn ho overalt, men det er særleg vatn som har vore ei stor inspirasjonskjelde. Isen som smeltar, små bølgjer som slår mot stranda eller Akerselva som renn gjennom Oslo.

Også det siste albumet til Susanne Sundfør, «Music for people in trouble» var veldig viktig, fortel Hilja på spørsmål om kva som var viktige inspirasjonskjelder då ho skulle i gang med å laga eige album.

Ein av songane på albumet heiter «Greta», og er delar av talen til Greta Thunberg til EU-parlamentet i 2019, sett til musikk. Dette sporet fungerer som ein introduksjon til neste song: «I don’t cry for myself anymore», som vart skriven inspirert av denne talen.

https://youtu.be/m6teXPu0cOE

Linoleumstrykk som klimakamp

Det var veldig ukomfortabelt å vera sånn «Sjå på meg! Sjå kva eg lagar!» Samstundes vart eg stadig tryggare på at dette kunne vera ein del av aktivismen, fortel Gina Gylver (20), leiar av Natur og Ungdom.

Klimaengasjementet gjorde at Gina likevel viste fram kunsten sin. Kunsten vart ein stad ho kunne få utløp for kjensler som tok opp kvardagen, og sidan kvardagen var mykje sentrert rundt klimakamp vart også kunsten det. 

Foto: Isabelle D. F. Poole/CC BY-ND 2.0

Allereie på vidaregåande byrja ho med grafikk, men då heldt ho kunsten mest for seg sjølv. Det var ikkje noko å visa fram, tenkte ho. Så fann ho linoleumssnittet.

Med linoleumstrykk var det lett å laga plakatkunst og uttrykket blir veldig sterkt og grafisk.

– Det var noko eg syns var kult å ha på veggen, og noko folk eg snakka med syns var kult å ha på veggen. 

Trykk har vore mykje brukt på plakatar igjennom historia og utrykket kan minna om propagandaplakatar frå Sovjet eller Mao sitt Kina, eit uttrykk Gina syns er veldig kult.

Med den nye teknikken, og den nye jobben i sentralstyret med mange inntrykk som måtte få utløp ein stad, fekk Gina med eitt mykje kunst ho ynskte å visa fram. 

Ein song om eige liv

Gina trur også at kunst kan hjelpa oss med å få eit skråblikk på klimadebatten og oss sjølv. Sjølv synest ho det er kjekt å nyta humor i kunstverka ho lagar.

– Litt meir humor og sjølvironi trur eg er kjempeviktig og eg trur me som rørsle treng det, smiler ho.

Kunsten kan også motivera og engasjera, gi oss ei stadfesting. Gina skildrar det som å ha ein song, som du følar vart skrive om akkurat deg og din situasjon.

Den songen som gjev deg utløp for kjensler og er som ein liten terapitime når du set den på. 

– Litt sånn håpar eg det kan vera med kunst du har på veggen også. Sånn har i alle fall eg opplevd det med andre sin kunst, og eg håpar det eg lagar også kan funka litt sånn, fortel Gina.

– Overlet ei kjip framtid til oss

Gjennom arbeid i Natur og Ungdom vart Gina og Hilja kjend med kvarandre, og etterkvart gode vener. Etter eit sommarbad i Akerselva i 2020 byrja dei å fortelja kvarandre om kvar sine prosjekt: Hilja om albumet sitt og Gina om kunsten sin.

– Eg trur me skjønte det heilt samtidig at me måtte samarbeida om noko, smiler Hilja.

I løpet av det neste året jobba dei begge med ei felles utstilling, mest kvar for seg.Då dei samanlikna arbeida sine såg dei at dei hadde jobba med mykje av det same. 

– Me hadde mykje fokus på barndom, foreldrerolla og generasjonsproblematikk. Det paradokset at foreldra våre elskar oss meir enn alt anna, men samstundes overlét ei kjip framtid til oss, som me må fiksa, fortel Hilja. 

Den audiovisuelle utstillinga, som heitte «Ha valg, ta valg», vart halden i Klimahuset, to veker før Stortingsvalet 2021. 

– Det gav oss eit veldig politisk momentum, seier Gina, som først vart engasjert i klimaproblematikken rundt stortingsvalet i 2013.

Då Gina for alvor byrja å følgja med på politikken, auka frustrasjonen og frykta. – Eg såg at det var eit totalt fråvær i den valkampen av klimadebatt og engasjement frå politikarane si side. Det verka som om ein ikkje hadde forstått alvoret, fortel Gina om korleis ho vart medlem i Natur og ungdom. Her frå 2016. Foto: Amanda Iversen Orlich/Natur og Ungdom

Ei ny røyst i klimakampen

Under planlegginga av utstillinga drøymde dei om å få stille ut i Klimahuset i Botanisk Hage.

– Men me tenkte at me kanskje måtte stilla ut på ein kafé i Oslo sentrum. Heldigvis var Klimahuset på med eín gong, smiler Gina.

Utstillinga fekk klimadebatten ned på jorda. Folk kunne koma tettare på og responsen var kjempegod. 

Klimahuset enda opp med å utvida den originale utstillingstida på grunn av tilstrøyminga av folk som ville sjå og høyra det Gina og Hilja ville formidla.

Frå vernissagen til Ha valg, ta valg i september. Foto: Noah Gylver

– Det kom alle moglege folk innom og me fekk veldig gode tilbakemeldingar, so det var veldig stas, fortel Gina.

Både Hilja og Gina snakka om korleis kunst og musikk gjev klimarørsla- og debatten ein anna dimensjon.

Basert på responsen dei fekk på utstillinga ser det ut som om det er dette folk treng. Ei ny, kunstnarisk røyst i klimakampen, som gjev oss rom til å tenkja og reflektera.

– Om eg les ein rapport eller nokon seier noko sjukt opplegg, so tar eg det veldig innover meg. Det er jo difor eg skriv, fordi eg må få det ut på ein eller anna måte, fortel Hilja.

Ein polarisert debatt

Dei fleste tema kan formidlast gjennom kunst og musikk, men formidlinga her blir heilt annleis enn i ein debatt etter ein rapport.

I kunsten kan du sjølv tolka, og setta bodskapen inn i ein kontekst. Det vert opp til sjåaren og lyttaren sjølv å forma bodskapen som vert formidla. 

– Eg håpar musikken kan vekkja dei kjenslene som skal til for at folk skal koma ut av boblene sine og gjera noko, seier Hilja. 

Også Gina trur kunsten er viktig i klimadebatten, som er prega av å vera svært polarisert.

– Det er ein av dei heftigaste debattane å stå i, med den hardaste ordbruken. Det blir litt sånn skyttargravskrig, der veldig mange snakkar forbi kvarandre og det er null dialog, forklarar Gina.

– Nettopp difor trur eg kunsten er so viktig i denne debatten. For det er noko som opnar opp og kanskje lar oss møtast litt på midten, eller i alle fall so kan kunsten møta oss litt der me er, i staden for ei hard argumentasjonsrekkja som er innøvd på førehand. 

Klimakunst treng ikkje berre appellere til dei i klimarørsla. Kunsten kan vera med på å skapa breidde og opna for at andre grupper kan ta del i den fellesskapen.

Det kan opna for at folk kan setja sine eigne ord på klimakampen. Og kunsten skaper samhald.

– Det er noko som bind oss saman og gir ein ny dimensjon til kampen og fellesskapen. Kunsten har mange viktige funksjonar, seier Gina.


Synleg reparasjon av klede har vorte meir populært, både blant hipsterar og store motehus. Foto: Eva Kittelsen